Elevar skal lære livsmeistring – uvisst om lærarar har tid og kompetanse

Om to år skal livsmeistring inn i skulen. Allereie no er fagpersonar uroa for om lærarar er rusta til å undervise i psykisk helse og stress.

Sander på Bærland skole

Ein spent Sander (6) er klar til å starte på Bærland skole i Gjesdal i Rogaland.

Foto: Ruth Einervoll Nilsen / NRK

– Eg skulle ønske lærarane kunne få ei formell utdanning i dette. Dette er like fagleg krevjande som å undervise i norsk eller matematikk, seier professor ved Universitetet i Stavanger, Edvin Bru.

Frå 2020 har regjeringa bestemt at alle elevar i grunnskulen skal lære å meistre livet.

Difor skal tema som psykisk helse, å takle stress, personleg økonomi, grensesetjing og seksualitet inn på timeplanen – ein del allereie frå første klasse.

Edvin Bru

Edvin Bru er professor ved Læringsmiljøsenteret på Universitetet i Stavanger. – Ingen grunn til at lærarane skal ha mindre utdanning i livsmeistring enn norsk og matematikk, seier han.

Foto: Ruth Einervoll Nilsen / NRK

Men sidan emnet skal bli ein del av faga som allereie finst, fryktar fagmiljøet at lærarane korkje har tid eller kompetanse til å prioritere livsmeistring.

– Når du går på tvers av fag, kan du risikere at ingen av faglærarane føler seg ansvarlege for temaet. Du får ei ansvarspulverisering, seier Edvin Bru.

Psykolog og førsteamanuensis Klara Øverland ved Læringsmiljøsenteret er einig.

– Det er viktig at livsmeistring er på agendaen i alle fag, men samstundes er dette eit stort område. Ein ville fått det meir systematisk som eige emne, seier ho.

Skulestart Bærland skole

Bærland skole er positive til å undervise elevane i livsmeistring.

Foto: Ruth Einervoll Nilsen / NRK

– Kva må ut?

Allereie første skuledag hadde spente førsteklassingar forventningar til det sosiale.

Og om to år blir relasjonar ein del av livsmeistringstemaa ein møter frå første klasse. Rektor Tom Kenneth Gilje ved Bærland skole er spent på korleis kompetansemåla vil sjå ut.

Vetle og sander første skuledag

Vetle (6) og Sander (6) gler seg til å få nye vener på skulen. – Eg trur ikkje det blir så vanskeleg å få nye vener, seier Sander.

Foto: Ruth Einervoll Nilsen / NRK

– Utfordringa er korleis me skal få plass til dette: Kva er det som må ut? Vil me få nok tid til å jobbe med psykisk helse?

Meiner kompetansen er sikra

Utdanningsdirektoratet held fram at emnet livsmeistring er tverrfagleg. Difor skal det ikkje få ein eigen bolk på timeplanen.

– Temaet har ulike faglege perspektiv som går inn i eksisterande fag. Difor er det naturleg at ein jobbar med dette integrert, seier Dag Johannes Sunde, seniorrådgjevar i Utdanningsdirektoratet.

Han er likevel viss på at lærarane vil ha nok kunnskap når ein kjem til 2020.

– Me vil utvikle kompetansepakkar og ressursmateriell som skal bidra til å byggje denne kompetansen hos både elevar og lærarar, seier han.

Skulehelsing

Sander (6) vert ønskt velkommen til skulen av rektor Tom Kenneth Gilje.

Foto: Ruth Einervoll Nilsen / NRK

Færre psykiske vanskar

Å lære skuleborn om livsmeistring har gode erfaringar frå England, USA og Australia. Studium syner at elevane gjer det betre på skulen og får mindre atferdsproblem og emosjonelle vanskar.

– I Noreg har ein sett ein auke i psykiske helseplager og skulestress. Eg trur denne typen opplegg vil lære born og unge å handtere stresset i skulen betre, seier Bru.

Mor Anne Bente Viland, som akkurat har følgt to førsteklassingar til første skuledag, er oppglødd over den nye læreplanen.

– Dette kan nesten ikkje kome tidleg nok. Det er veldig viktig at ungane lærer å ta omsyn til kvarandre, men òg at dei tenkjer sjølv om korleis dei har det og kva dei kan gjere for å få det betre, seier Viland.

Skulestart på Ålgård
Foto: Ruth Einervoll Nilsen / NRK