NRK Meny
Normal

Rektor ber elevane lese på eiga hand

Skular i Bergen deler ut lærebøker til elevar og ber dei lese på eiga hand. – Det er å underkjenne det me driv med som lærarar, meiner tillitsvald for lærarane.

Rektorar ved skular i Bergen ber elevane lese skolebøkene på eiga hand. – Det er å underkjenne det me driv med som lærarar, meiner tillitsvald for lærarane.

HENTAR BØKER: Amalie Lovik og Una Røgelstad er innom Rothaugen skole i Bergen for å hente årets pensum. Reporter: Runa Victoria Engen | Foto: Jørgen Eide

Rektor Atle Fasteland står midt i eit berg med fleire tusen skulebøker, som skulle vore i bruk i undervisning no. I dag og i morgon kan elevar kome til skulen og hente bøkene sine. Rektor rår dei til å lese på eigen hand.

– Me nærmar oss no ei grense der det ikkje berre øydelegg skulestarten. 10. klassar skal ha eksamen og 8. klasse skulle ha byrja for ei veke sidan. No er me ved eit punkt der me bør komme i gong, seier Fasteland.

Dette fell ikkje i god jord hjå tillitsvald Roar Ulvestad. Han meiner det er eit overtramp dersom rektorar oppmodar føresette til å starte privatundervisning.

– Å gå aktivt ut og be foreldre hente bøker er, er å gå over ei prinsipiell grense. Det er å underkjenne det me held på med som lærarar. Det likar me ikkje.

(Artikkelen held fram under biletet)

Atle Fasteland

MEINER DET ER KRITISK: - – Me nærmar oss no ei grense der det ikkje berre øydelegg skulestarten. 10. klassar skal ha eksamen og 8. klasse skulle ha byrja for ei veke sidan. No er me ved eit punkt der me bør komme i gong, seier rektor Atle Fasteland ved Rothaugen skole i Bergen.

Foto: Runa Victoria Engen / NRK

– Det er vel på tide å byrje att

Ute på skuleplassen ventar elevane Una Røgelstad, Amalie Lovik, Amalie Farestveit og Astrid Andahl. Dei skal inn å hente den solide bunken med skulebøker som skulen no delar ut.

– Slik at vi kan begynne å jobbe viss vi vil. Det har jo vore litt lite å gjera, innrømmer dei.

Dei er ikkje veldig redd for at streiken so langt skal gå utover karakterane deira. Inne i skulebygget har August Herman Lillebøe allereie fått henda fulle av lærebøker.

– Eg må vel kanskje opne nokon av dei, ler han og seier lærarstreiken ikkje gjer han altfor mykje.

– Det er jo herleg med litt ekstra fri, men det hadde ikkje vore så gale å snart fått begynne på skulen igjen.

Få det siste frå lærarstreiken i vårt nyheitssenter:

– Fånyttes å dele ut lærebøker

NRK har kontakta alle 24 grunnskulane i Bergen som er ramma av streik. Av dei som har svara har seks av ti skular delt ut læreplanar og bøker til elevane. Dei siste fire av ti rakk aldri lage læreplanar før streiken. Det vil få lite å seie, meiner Ulvestad.

– Det er fånyttes å dele ut lærebøker. Det kviler på ein gammal ide om at pensum ligg i lærebøkene, og det gjer det ikkje.

Etter halvanna månad med streik står striden om det same. KS vil ha meir pålagt arbeidstid i skulane, men har no gått ned til fire dagar ekstra på skulen.

– Det kan verke lite dersom ein ser på dette isolert. Men me har ein forhandlingshistorikk som går tilbake eit halvt år, seier Ulvestad.

– Trudde ikkje streiken ville vare så lengje

Lærarane ved Rothaugen ungdomsskule har no streika i 57 dagar

– For kvar dag streiken held fram, går det utover elevane. Me kjenner godt på dette ansvaret, og lurer på om dei kjenner at det stikker litt, seier Ulvestad.

Rektor på Rothaugen kunne godt ha tenkt seg å ha lærarane på skulen nokre fleire dagar i året. Men ein ting er dei to samde om: Dei trudde ikkje streiken ville vare så lengje.

– Eg var heilt sikker på at eg kom til å ha elevar på skulen i dag, seier rektor på Rothaugen Atle Fasteland.

Roar Ulvestad

- OVER STREKEN: Tillitsvald Roar Ulvestad meiner det er eit overtramp om rektor ber foreldre byrje med privatundervisning.

Foto: Runa Victoria Engen / NRK

Siste video

Programleder: Marte Rommetveit
Her fortsetter de diskusjonen utenfor studio