Hopp til innhold

Bedrifta fekk auga opp etter Sandbergs telefontabbe i utlandet

BERGEN (NRK): Per Sandbergs mobilbruk har sett tryggleik på dagsorden hjå norske bedrifter. Subsea-selskapet Clampon har for alvor skjerpa rutinane til land som Iran.

Sjef i Clampon i Bergen, Dag Aldal

HEILE VERDA: Clampon-sjef Dag Aldal sel subsea-løysingar til oljeindustrien over heile verda. Tidlegare har ikkje mobiltryggleiken vore i førarsetet på utanlandsturar, men det er det no.

Foto: Siri Løken / NRK

– Vi har fått dette lenger fram i pannebrasken. No skal vi sjå på rutinane, sjå kva land vi reiser til og korleis vi skal handtere dette, fortel sjef Dag Aldal i Clampon.

Subsea-selskapet Clampon i Bergen er eitt av selskapa no skjerpar inn på reisevanane sine.

Bedrifta har over 70 tilsette og lagar utstyr til oljeindustrien som dei leverer og sel over heile verda. Mellom dei tilsette er det fleire ingeniørar og teknikarar som klokkar inn mange reisedøgn i året.

Selskapet har spisskompetanse og inngår avtalar som uvedkommande kan vera interesserte i å få tak i.

Farane ved å ha mobilen med på jobbreiser er ikkje noko dei har hatt stort fokus på, sjølv om dei har reist til både Iran og Russland. Men Sandberg-saka har fått bedrifta til å agere.

Arendalsuka 2018 Per Sandberg

MOBILTELEFON: Per Sandberg på veg inn til PR-arrangementet under Arendalsuka der han samtala med PR-rådgivarar om Iran-saka. Ekspertar meiner saka har fått norske selskap til å skjerpe rutinane for mobilbruk på utanlandsreiser.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

– Augeopnar

Denne veka gjekk Per Sandberg av som fiskeriminister, etter å ha innrømma å ikkje ha varsla Statsministerens kontor om ei reise til Iran. På Iran-reisa, og på ein jobbtur til Kina tidlegare i vår, hadde Frp-politikaren med seg jobbtelefonen.

PST undersøkjer om telefonen hans har blitt hacka for å få tak i sensitiv informasjon.

Fleire tryggleiksekspertar som NRK har snakka med, meiner saka har ført til at fleire gjer som Clampon, og set lupa på seg sjølv.

– Det er mange selskap som har tenkt gjennom rutinane sine, spurt seg om dette kunne skjedd dei, og kva deira praksis er på området. Saka har vore ein augeopnar for eit breitt lag av privat næringsliv og offentleg sektor, meiner Fjørtoft.

Stortingssalen

TRUR FLEIRE SLURVAR: Lars Erik Fjørtoft i PWC trur det er fleire i Stortinget, og i næringslivet, som har slurva med mobiltryggleiken på utanlandsreiser.

Foto: NRK

Auka pågang

PWC gir råd til selskap om korleis dei skal hindre at opplysningar på dei tilsette sine mobilar skal komme på avveg.

Også leiar for digital forvaltning i Evry, Nicolay Moulin, seier dei merkar ei oppvakning hjå norske selskap.

Dei har auka pågang frå norske bedrifter som søkjer rådgiving for å sikre seg mot hacking og sikre informasjonen på telefonane på ein betre måte. Bedrifter er blitt klare over at sjølv små bitar med informasjon kan bli til eit større bilete – som kan utnyttast.

– Eg trur saka definitivt har vore ein vekkar. Eg trur også andre hendingar, der folk eller selskap har mista informasjon eller blitt utsett for hacking, har auka bevisstheita, seier Moulin.

Nicolay Moulin, leder for digital forvaltning i Evry

GIR RÅD:: Leiar for digital forvaltning i Evry, Nicolay Moulin.

Foto: Christian Fredrik Wesenberg / Evry

Trur fleire har dårleg samvit

Lars Erik Fjørtoft i PWC er sikker på at fleire toppleiarar, byråkratar og politikarar som reiser mykje, har gått nokre rundar med seg sjølv dei siste vekene.

Han trur det er mange som ikkje er medvitne nok på at dei kan bli avlytta eller hacka.

– Eg skal vedde på at mange, også i regjeringa, no tenkjer; hadde eg med meg mobiltelefonen til Russland og Kina den gongen? Fleire kjenner nok på eit stikk av dårleg samvit, fordi dei har gjort det same som Per Sandberg, meiner Fjørtoft.