Hopp til innhold

Per Sandberg: – Eg var i Iran på privat reise

– Det var ikkje fiskeriministeren eller første nestleiar i Frp som var på ferie i Iran. Det var privatpersonen Per Sandberg, seier fiskeriminister Per Sandberg. Dei siste dagane har han fått kritikk for å ha reist på ferie til Iran saman med ei iransk-norsk venninne.

Per Sandberg forsvarer Iran-tur i Dagsnytt 18

Det vakte oppsikt då VG og Filter Nyheter i førre veke fortalde at fiskeriminister Per Sandberg var på privat tur til Iran saman med ei norsk-iransk kvinne. Fleire syntest det var eit underleg val av reisemål.

I dag kom dei heim til Noreg. Få timar etter at dei landa, var Sandberg i studio i Dagsnytt 18 for å svare på kritikken som har kome. Der sa han at det var viktig å skilje mellom dei ulike rollene han har.

– Dette var ein tur eg gjorde som privatperson. Ikkje som fiskeriminister eller nestleiar i Frp. Dei andre ferieplanane mine blei øydelagt, og då bestemte vi oss på sparket å heller reise ein tur til Iran.

Per Sandberg og Bahareh Letnes i Iran

Fiskeriminister Per Sandberg har den siste veka vore på ferie i Iran saman med norsk-iranske Bahareh Letnes. Sandberg har fått kritikk for turen frå fleire hald.

Foto: Privat / Instagram

Ifølgje Dagens Næringsliv skal iranske styresmakter ha bede om eit møte med Sandberg på turen. Det stadfestar fiskeriministeren, men han seier at dei fekk avslag.

– Dei fekk melding om at eg var der på privat besøk, og ikkje ønska møter styresmaktene denne gongen.

Spørsmål om habilitet

Den norsk-iranske kvinna Sandberg reiste saman med, Bahareh Letnes, har registrert eit føretak som har som mål å drive med handel mellom Iran og Noreg. Fleire har spurt kva forhold Sandberg har til kvinna, og om han har vurdert habiliteten sin.

Både SV og Arbeidarpartiet seier dei vil ta saka til Stortinget, skriv DN. Og Sandberg seier han gjerne svarar på spørsmåla som måtte kome om dette.

– Eg har ikkje noko med dette selskapet å gjere, og har aldri hatt noko med selskapet å gjere. Så langt har ikkje dette selskapet importert eller eksportert ein tannpirkar ein gong. Men dersom det i framtida skulle starte verksemd, og det kjem på mitt bord, vil eg vurdere habiliteten min, seier han.

Per Sandberg måtte svare om reisefølget sitt i Iran.

Den norsk-iranske kvinna som Per Sandberg reiste saman med, fekk opphald i Noreg i 2008. Regjeringa fekk for tre år sidan gjennom ei innstramming som gjorde at asylsøkarar mista opphaldet om dei reiste på ferie til heimlandet. Men Sandberg avviser at denne innstramminga omfattar reisefølget hans, og kallar spørsmålet om dette «latterleg».

Ønska fiskeeksport til Iran

Per Sandberg har ved fleire høve vist interesse for Iran. I 2016 heva Noreg ei rekke sanksjonar mot Iran. Det opna for eksport av norske varer til landet. Sandberg sa dette var ei unik moglegheit for norsk sjømat.

I oktober 2016 reiste han på statsrådsbesøk til Iran for å få til eksport av norsk laks og ei satsing på fisk.

I mars i år deltok Sandberg også på feiringa av persisk nyttår på den iranske ambassaden i Oslo saman med Bahareh Letnes. Både menneskerettsaktivistar og medlemmar av Frp reagerte på deltakinga, skreiv Nettavisen i mars.

– Problematiske forbindelsar

Mahmood Amiry-Moghaddam

Professor ved UiO og leiar for Iran Human Rights, Mahmood Amiry-Moghaddam, meiner det er eit problem at Per Sandberg ser ut til å ha tette band med Iran.

Foto: Gaute Zakariassen / NRK

Professor ved Universitetet i Oslo og leiar av Iran Human Rights, Mahmood Amiry-Moghaddam er kritisk til at Per Sandberg ser ut til å ha tette band til Iran.

– Iran er eitt av dei verste landa når det gjeld brot på menneskerettane. I juli har regimet avretta over 30 personar. Difor er det problematisk at Sandberg reiser til Iran, sjølv om han gjer det som privatperson.

Amiry-Moghaddam meiner det er vanskeleg å skilje mellom Sandberg som privatperson og som minister. Ved å feriere i landet og delta på feiringar på ambassaden, er Sandberg med på å legitimere regimet, seier han. Men det avviser Sandberg.

– Både då eg var på ferie i Iran og på nyttårsfesten på ambassaden snakka eg med vanlege folk. Og då fekk eg høyre korleis folk flest har det, og korleis dei ser på framtida.

Men Amiry-Moghaddam meiner det ikkje er folk flest Sandberg har fått møte i desse samanhengane.

– Du kan ikkje setje likskapsteikn mellom den iranske ambassaden og iranarar. Fleirtalet deltek ikkje på festane til ambassaden.

Sandberg seier han på ingen måte støttar brot på menneskerettane, men at han ønsker å fremje demokrati på sin måte.

– Eg meiner den beste måten å skape utvikling og demokrati i land som Iran, Kina og Russland, er å drive handel med dei, seier han.

Sjå heile innslaget i Dagsnytt 18:

Se hele debatten i Dagsnytt 18

AKTUELT NÅ