Hopp til innhold

Barnehage vil halda 255 barn inne i frykt for luftforureining i Bergen

Ingen får leika ute når ein av byens største barnehagar innfører strakstiltak etter varsel om høg luftforureining torsdag. Kommunen står klare med «inngripande tiltak», men avventer situasjonen.

Såkalt giftlokk over Bergen januar 2016

FARE FOR DÅRLEG LUFT: Frå torsdag morgon melder Bergen kommune fare for periodar med høg luftforureining i deler av byen. Espira Rå barnehage svarar med å halda barna inne.

Foto: Ingfrid Berge Fossåskaret / NRK

Espira barnehage i Rådal set i verk tiltak etter at Bergen kommune varslar fare for høg luftforureing torsdag.

Barnehagen med 255 barn ligg like ved eit av byens tettast trafikkerte kryss, og er utsett for svevestøv. Onsdag ettermiddag fekk foreldre og foresette beskjed om at barna blir heldt inne.

– Sidan det er varsla raudt farenivå, så vurderer me nokre forholdsvis enkle tiltak for å unngå ubehag for barna, seier Anette Hem Reidarsen, som er styrar ved Espira Rå i Rådalen.

Brev om tiltak på grunn av varsel om høg luftforureining

E-POST: Dette brevet gjekk onsdag ettermiddag ut til foreldra og føresette til dei 255 barna i Espira Rå i Rådalen. – Me kan ikkje halda på sånn tre-fire veker i strekk, men i periodar der det er varsla ille, vil me velja ei slik løysing, seier barnehagestyrar Anette Hem Reidarsen.

Foto: Skjermdump

Ingen får leika ute

Frå torsdag er det fare for periodar med høg luftforureining i trafikkerte strøk i Bergen, ifølge kommunen sine nettsider.

Det er meldt lite vind, opphaldsvêr og fare for inversjon fram til sundag. Det er difor fare for moderat og periodar med høg luftforureining, melder Meteorologisk institutt.

Det var nok til at barnehagestyrar Reidarsen varslar følgjande forholdsreglar i barnehagen torsdag morgon:

  • Alle barn søv inne
  • Ingen barn er ute og leiker
  • Nokon vel å gå på tur vekk frå området.

– Det var på bakgrunn av oppslag i media og det kommunen skriv på sine sider i dag. Me er kanskje den einaste barnehagen i byen som ligg så nær eit trafikknutepunkt, så me valde no å varsla foreldre om forholdsreglane. Barna kjem først, og det er fleire som har astma, seier Reidarsen.

I sine helseråd oppmodar kommune personar med astma- og allergiplagar å halda seg unna utsette område som Danmarks plass, kollektivknutepunktet i Loddefjord og ved Lagunen i Rådal.

Barnehagen Reidarsen styrer ligg på ei høgde like ovanfor Rådalskrysset og firefeltsvegen ved Lagunen.

– Torsdag er uansett turdag, så eg reknar med ein del kjem seg bort.

Byråd Thor Haakon Bakke

FØLGER MED: Klima-, miljø- og byutviklingsbyråd Thor Haakon Bakke (MDG) seier beredskapsavdelinga i kommunen følger situasjonen nøye og vurderer fortløpande kva tiltak kommune kan setja i verk.

Foto: Adrian Nyhammer Olsen / NRK

... men farenivået er grønt

Bergen kommune har bedt Bergen Havn og Statens vegvesen følga situasjonen, og vurderer tiltak i høve til beredskapsplanen. Som strakstiltak har kommunen denne veka innført auka spyling av gatene. Det kan òg bli aktuelt å flytta skip vekk frå hamna.

Klima, miljø- og byutviklingsbyråd Thor Haakon Bakke (MDG) seier beredskapsstaben følger situasjonen tett, med eigne meteorologar som informerer fortløpande om endringar.

– På generelt grunnlag synest eg det er bra at barnehagane som andre følgjer situasjonen tett i periodar med potensielt dårleg luft. Så må alle også ha med seg vêrbiletet kan endra seg raskt, slik me har sett i dag, seier klimabyråden.

For ifølge varslingstenesta Luftkvalitet i Norge lyser det grønt og varsla lite luftforureining i Bergen i morgon.

Tidlegare denne veka varsla meteorologane kald luft og opphald heile veka, men onsdag har det kome nedbørsmengder i Bergen. Dermed har faren for inversjon gått ned.

Likevel meiner Bakke at kommunen har gjort rett ved å heilgardera seg og åtvara mot fare for dårleg luftkvalitet i særskilde område i byen.

– Det er ikkje direkte feil, sjølv om varslingstenesta no varslar betre tilhøve. Eg synest informasjonen gir eit riktig bilete av situasjonen, for lokalt kan det koma utslag. Og fredagen er det igjen varsla dårlegare luft.

Giftlokket i Bergen er synlig fra oven

GIFTLOKK: Smogen over Bergen fotografert i 2015.

Vurderer inngripande tiltak

Sjølv føler barnehagestyraren seg litt lurt. Ho vil varsla sine tilsette halv sju i morgon tidleg om dei skal følgja tiltaka eller ikkje.

– No var eg klar for å stå opp grytidleg for å organisera dei tilsette. Det krev mykje innsats å halda 255 barn inne ein heil dag, så om det er varsla grønt i morgon gjennomfører me ikkje etter planen, seier Reidarsen.

Om det er varsla raudt farenivå for dårleg luft i to dagar eller meir, kan det bli aktuelt å femdobla bompengesatsen og innføra gratis kollektivreiser. Då må byrådet fatta vedtak før det kan bli innført.

Eit anna alternativ er datokøyring, men det blir vurdert som mindre effektivt.

– For den type inngripande tiltak opererer me med eit tolv-timars varsel. Me har ikkje kome i den situasjonen enno, det håpar eg heller ikkje at me gjer. Det er inngripande for innbyggarane, og det betyr at lufta er helseskadeleg for mange, seier byråd Bakke.