Hopp til innhold

Åtte oljekommunar tapar 313 millionar kroner på fjerning av «maskinskatten»

Lindås kommune kan miste inntekter tilsvarande 100 sjukeheimsplassar med Regjeringa sitt forslag. Ordføraren må skattlegge heile næringslivet for å bøte på tapte inntekter.

Astrid Aarhus Byrknes

TAPAR STORE SUMMAR: – Vi veit eigentleg ikkje kor vi skal begynne, dersom dette forslaget blir vedtatt, seier Astrid Aarhus Byrknes (KrF), ordførar i Lindås.

Foto: Ned Alley / NTB scanpix

Regjeringa sitt forslag om å fjerne eigedomsskatt på verk og bruk har fått alarmklokkene til å ringe i fleire oljekommunar i Noreg.

Forslaget medfører at bedrifter slepp å betale eigedomsskatt på maskiner, produksjonsutstyr og -installasjonar.

Det slår hardt ut for fleire kommunar der olje- og gassnæringa er tungt til stades, som i Lindås i Hordaland.

Svarar til 100 sjukeheimsplassar

Ved Statoil sitt raffineri på Mongstad kjem olje og gass frå norsk sokkel i land.

Den såkalla «maskinskatten» gir kommunen ifølgje eigne tal inntekter på 166 millionar kroner i år. No kan mesteparten forsvinne.

– Det er dramatisk. Vi står i fare for å miste 89 prosent av dei inntektene, seier Lindås-ordførar Astrid Aarhus Byrknes (KrF).

89 prosent av 166 millionar er 147,8 millionar kroner i tapte inntekter. Det svarar til til dømes over halvparten av summen kommunepolitikarane i Lindås har sett av til pleie og omsorg i årets budsjett, eller kostnadane til kring 100 sjukeheimsplassar.

– Vi veit eigentleg ikkje kor vi skal begynne, dersom dette forslaget blir vedtatt, seier Byrknes.

Ho presiserer at det ikkje er aktuelt å legge ned sjukeheimsplassar i kommunen.

Statoil Mongstad.

STATOIL MONGSTAD: Industrien i Lindås gir kommunen 166 millionar kroner i «maskinskatt».

Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

Høyring i finanskomiteen

Tysdag held finanskomiteen på Stortinget høyring. Byrknes møter som leiar av Nettverk for petroleumskommunar, som har rekna på korleis forslaget vil slå ut.

Hennar eigen kommune er saman med Aure dei som blir hardast råka, men også fire andre; Nordkapp, Austrheim, Tysvær og Øygarden vil bli påverka.

– Det samla skatteinntektstapet blir 313 millionar kroner. Me gav fleire høyringsinnspel då noko liknande var oppe i 2015. Det er skuffande at regjeringa ikkje har lytta, seier Byrknes.

For Aukra og Hammerfest kommuner vil det ikkje bli store endringane. Fleire av olje- og gassanlegga i Noreg er omfatta av særskattereglar for petroleumsindustrien.

Dette mistar oljekommunane i «maskinskatt»

Kommune

Skatteinntekter i dag

Antatt bortfall i skatt

Antatt bortfall i prosent

Austrheim

11 330 270

5 125 180

45 prosent

Hammerfest

201 483 849

3 542 224

2 prosent

Lindås

166 017 814

148 079 226

89 prosent

Nordkapp

1 341 487

967 631

72 prosent

Aure

37 619 493

35 748 378

95 prosent

Tysvær

189 004 000

80 284 200

42 prosent

Øygarden

154 957 261

37 011 159

24 prosent

Aukra

237 609 190

2 610 874

1 prosent

Samla

999 363 364

313 368 872

31 prosent

Vil hjelpe næringslivet

Også kommunar med andre typar industri vil merke bortfallet av skatteinntekter frå verk og bruk.

KS meiner endringa totalt vil gi 1,2 milliardar kroner mindre i norske kommunekasser, medan Regjeringa sjølv reknar totalsummen til 800 millionar.

Nestleiar i finanskomiteen, Helge André Njåstad (Frp), meiner det er på høg tid å fjerne «maskinskatten», og understrekar at skattekuttet vil bli fasa inn over fem år.

– Kommunane vil ha god tid til å tilpasse seg. Me må også hugsa på at det store fleirtalet av kommunar i Noreg ikkje har desse inntektene, og klarar å levere gode tenester. Det er viktigare for oss å gi rammevilkår til næringslivet, som sikrar arbeidsplassar og verdiar, seier Njåstad.

Helge Andre Njåstad

– LETTVINT: Byrknes seier Lindås kan bli tvinga til å innføre ny skatt på næringslivet. – Frp er imot ei slik lettvint løysing, seier Helge André Njåstad.

Foto: Johan Moen / NRK

– Må innføre ny skatt

Byrknes seier at skatten på verk og bruk blir erstatta av ein næringsskatt.

– Vi må innføre eigedomsskatt på all næring i heile kommunen om vi skal sikre inntekter frå store anlegg. Det vil råke små og mellomstore bedrifter. Dermed vil dette forslaget ende med å få negative konsekvensar for næringslivet, seier Byrknes.

Den utsegna har nestleiaren i finanskomiteen lite til overs for.

– Frp er imot ein slik lettvint løysing. Det er mykje betre å drive ein kommune utan eigedomsskatt. Då gjer ein seg attraktiv for næringslivet, fleire folk flyttar til kommunen, og ein aukar skatteinntektene, seier Njåstad.