Hopp til innhold

Åslaug er einaste kvinnelege rådmann i nye storkommunar

Det er berre éi kvinne blant dei ti rådmennene som er tilsett i dei samanslåtte kommunane i Hordaland og Sogn og Fjordane. Kvinneandelen blir halvert.

Åslaug Krogsæter

EINSLEG SVALE: Åslaug Krogsæter blir rådmann i Stad kommune, og får ingen kvinnelege kolleger i dei samanslåtte kommunane i Hordaland og Sogn og Fjordane.

Foto: NRK

– Urovekkjande. Det kan skuldast dei som tilset, men også at kvinner ikkje vil ta ein slik jobb. Det er heller ikkje bra.

Åslaug Krogsæter er i dag rådmann i Eid, og blir rådmann i Stad kommune etter samanslåing med Selje. Dei ni andre storkommunane i dei to fylka får mannlege rådmenn.

– Kjenner du deg åleine?

– Nei, eg er vane med det. Me er få kvinnelege rådmenn frå før.

Halvert kvinneandel

25 av kommunane i desse to fylka skal bli slått saman til ti. Fem av dei 25 rådmennene er kvinner (Øygarden, Granvin, Jølster, Eid og Selje). Kvinneandelen er altså 20 prosent.

I tillegg er ei kvinne mellombels rådmann i Førde etter at den mannlege fekk jobben i storkommunen.

Etter kommunesamanslåingane, der berre Krogsæter held fram, er kvinneandelen halvert til 10 prosent.

Rogaland får to storkommunar, med kvinneleg rådmann i Sandnes og mannleg i Stavanger. To av dei fem samanslåingskommunane har i dag kvinneleg rådmann.

– Kjønnsbalanse er ei utfordring. Det er dumt at dei ikkje klarar å skaffa fleire kvinner, seier Ole-Jørgen Jondahl, som blir rådmann i nye Ullensvang kommune.

– Rådmannsjobben er tøff, men eg veit ikkje om det er ei årsak. Kvinner med rett kompetanse er like kompetente til å vera rådmann.

Sjølv har han nettopp tilsett sine kommunalsjefar.

– Éi kvinne av åtte, dessverre.

Toppleiinga i Vestland fylke

MANNSDOMINANS: Både fylkes- og kommunesamanslåingane i Hordaland og Sogn og Fjordane gir få kvinnelege toppleiarar. Kommande fylkesrådmann Rune Haugsdal (i midten) har berre tilsett to kvinner som fylkesdirektør.

Foto: Vestland fylke

– På rett veg

Ole John Østenstad blir rådmann i Sunnfjord kommune, og kommenterer mannsdominansen slik.

– Det er det lite eg kan gjera med. Det er veldig synd. Men Sogn og Fjordane har fleire kvinnelege rådmenn no enn tidlegare. Me er på rett veg, men eg skulle gjerne sett at me var kome endå litt lenger.

– Har det noko med at det heiter «rådmann»?

– Kanskje, men eg skal vera «kommunedirektør«», sjølv om stillinga var utlyst som rådmann.

Terje Heggheim, som blir rådmann i Kinn, trur ikkje tittelen hindrar kvinner å søka.

Han understrekar at to av dei tre kommunalsjefane han har tilsett hittil, er kvinner.

Ingen kvinner søkte

Verken i Sunnfjord, Kinn eller Ullensvang var det kvinnelege søkjarar, ifølge dei tre som fekk rådmannsjobben der.

– Kanskje dei ikkje vil ta på seg jobben, eller kanskje dei skjønar at dei ikkje vil nå opp, seier Krogsæter.

– Er dette ein mannejobb?

– Overhovudet ikkje. Men det blir ofte etterspurt «hard» kompetanse, særleg økonomikompetanse.

Sjølv sa ho tydeleg frå at ho ikkje var interessert i å vera berre økonomisjef.

– Det er ikkje det som triggar meg. Eg vil vera leiar for ein stor, kompleks organisasjon og utvikla den til å kunna gi gode tenester i framtida.