Hopp til innhold

Annie fekk kule gjennom husveggen – ingen blir straffa

BERGEN (NRK): Skyteuhell ved skytebane får ingen rettslege etterspel. – Eg synest det er veldig dårleg, seier 84-åringen.

Annie Seim i leiligheten

SJOKK: Det var berre tilfeldig at Annie Seim ikkje blei treft då ei kule kom gjennom ytterveggen hennar i mai. No er saka mot gjerningspersonen lagt bort. – Veldig rart.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Annie Seim var i ferd med å bera inn terrasseputene då ho høyrde eit kraftig smell like bak seg heime i Fana i mai.

Smellet kom frå ei kule, som gjekk tvers gjennom både ytterveggen og kjøkkenveggen, og landa i stova til 84-åringen. Seim sat i ein stol der kula passerte kort tid før hendinga.

– Eg veit ikkje kva kraft dette prosjektilet har hatt etter at det trengde gjennom veggane, og kva skade det eventuelt kunne ha gjort. Tilfellet er såpass alvorleg at me tek det på største alvor, sa stasjonssjef i Bergen Sør, Bård-Tore Norheim, den gongen.

– Ingenting straffbart har skjedd

Politiet beordra umiddelbart å stenga skytebanen på Stavollen, som tidleg blei peika ut som kjelda. I vekene som fylgde gjorde Kripos fleire og grundige undersøkingar. Konklusjonen kom i august. Skytebanen blei opna, på visse vilkår.

Bård-Tore Norheim

RETT Å ETTERFORSKA: Stasjonssjef Bård-Tore Norheim i Bergen Sør meiner det var rett å etterforska episoden. Han tek til etterretning at saka mot den sikta mannen i 60-åra er lagt bort.

Foto: Stian Røkenes / NRK

Ein mann i 60-åra melde seg nokre dagar etter episoden. No er også saka mot mannen ferdig etterforska. Påtalemaktene har valt å leggja bort saka.

– Mannen var sikta for uforsiktig omgang med skytevåpen. Ut frå dei opplysingane som låg føre i saka, fann ikkje politiet at noko straffbart har skjedd, seier påtaleansvarleg Lene Cecilie Tertnes Christiansen i Vest politidistrikt.

– Det var berre tilfeldig at kula ikkje trefte kvinna som bur i huset. Kva vurderingar har politiet gjort med omsyn til skadepotensialet?

– Politiet vil ikkje kommentera saka noko ytterlegare, svarar Christiansen.

Annie Seim fikk kule gjennom veggen

SMELL: Annie Seim hadde gått ut på terassen for å bera inn putene, då ho høyrte smellet like bak seg. Kort tid før sat Annie i sofaen til venstre, i det ho meiner var banen til prosjektilet. – Eg hadde englevakt.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Hakk i kjøkkenmaskina

Forsikringa tok seg av kulehola i veggane i dagane etter uhellet. I dag er det berre små hakk i to kjøkkenapparat som vitnar om dei store kreftene som var i sving i vår.

Skytebanen på Stavollen er opna på visse vilkår, men det er ikkje gjort fysiske tiltak for å hindra at liknande skal skje igjen, stadfestar formann i Fana skyttarlag, Atle Skogstrand.

Kulemerke på kjøkkenmaskiner

KULEMERKE: Bdde kjøkkenmaskina (til venstre) og vasskokaren har merke etter møtet med prosjektilet i vår.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Annie Seim er skuffa og overraska over at den dramatiske hendinga ikkje får større konsekvensar.

– Eg synest det er litt rart at saka er lagt bort. Kvar gong eg går forbi der kula gjekk inn og kvar gong eg hentar puter på terrassen, så kjenner eg det litt i magen. Eg må innrømma det.

Fryktar nye skyteuhell

– Er du redd for at det skal skje igjen?

– Ja, det er eg. Kanskje ikkje her, men ein annan stad. Naboane var ganske forskrekka etter episoden. Det kunne ha skjedd kor som helst i nabolaget.

Mest av alt er den 84 år gamle kvinna mest oppteken av å leggja bak seg hendinga.

– Det er berre eit under at eg ikkje blei treft. Eg hadde englevakt.

Annie Seim studerer kulemerke i rekkverket

MERKER: Kula kom gjennom veggen til venstre og gjekk mellom rekkverket og glasruta. Prosjektilet skifta truleg retninga då det sneia toppen av glaset. – Det er eit lite hakk i toppen her.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK