Hopp til innhold

Fekk kule frå skytebanen inn på kjøkkenet – no blir banen opna att

Kripos slår fast at kula som trefte huset til Annie Seim (84) kom frå skytebanen i nabolaget. Likevel har politiet bestemt seg for å opna skytebanen att.

Annie Seim fikk kule gjennom veggen

TREFT AV KULE: Til høgre i biletet er holet i ytterveggen. Først då Annie Seim gjekk inn på kjøkkenet og såg nok eit hol, forstod ho at det var snakk om ei kule frå eit våpen. – Eg leitte lenge og fann ho til slutt under sofaen, fortalde 84-åringen til NRK i juni.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Annie Seim var i ferd med å bera inn terrasseputene då ho høyrde eit kraftig smell like bak seg heime i Fana i Bergen i mai.

Smellet kom frå ei kule. Den gjekk tvers gjennom både ytterveggen og kjøkkenveggen, og landa i stova til 84-åringen.

Politiet mistenkte raskt at prosjektilet kom frå Fana Skytterlag sin bane på Stavollen, vel to kilometer unna, og stengde banen umiddelbart.

Skot frå skytebanen

Etter å ha rekonstruert hendinga, konkluderer Kripos på same måte.

– Det er det me kallar ein sikker konklusjon, seier han Gøran Dyvesveen, leiar for våpengruppa i Kripos.

Kort tid etter episoden i juni blei politiet kontakta av ein mann i 60-åra som hadde skote på skytebanen i det aktuelle tidsrommet. Våpenet hans blei beslaglagd, og overlevert Kripos.

– Prosjektilet frå våpenet samsvarar med prosjektilet politiet fann i huset, seier Dyvesveen, som kallar det reint hypotetisk at kulen som trefte huset til Annie Seim kan koma frå eit anna våpen.

Bård-Tore Norheim

KAN MEDFØRA STRAFF: Ein mann i 60-åra er sikta for uforsiktig omgang med skytevåpen etter episoden. – No er det er opp til juristar å ta stilling til om mannen bør straffast, seier Bård-Tore Norheim.

Foto: Stian Røkenes / NRK

Kan opna att

Skytebanen ligg mellom næringsområde, bustadfelt og idrettsanlegg. Politistasjonssjef i Bergen sør, Bård-Tore Norheim, sa i juni at banen kunne bli stengd for godt etter at kula trefte huset.

Men no har politiet tvert imot avgjort at Fana skyttarlag kan ta banen i bruk att.

Kristi Fürstenberg i politiet si forvaltningsavdeling seier banen kan opna på bestemte vilkår.

– Politiet har fatta vedtak om at skytebanen kan opna att når vilkåra i vedtaket er oppfylt frå Fana Skytterlag si side, seier Fürstenberg.

Eitt av vilkåra er «utvida informasjonsplikt» for skyttarar. Fordi saka er «i prosess», ønskjer ikkje Fürstenberg å gå vidare i detalj, utover å stadfesta at det ikkje blir forbod mot skarp ammunisjon.

Stavollen skytebane

– Opnar neste veke

Leiar i Fana Skytterlag, Atle Skogstrand, seier dei vel 300 medlemmene er svært glade for at klubben kan koma i gang med skytinga att.

– Det har vore ein veldig trasig periode, midt i den viktigaste delen av sesongen. Vi har skote innandørs, og leigd banetid hjå andre, seier Skogstrand.

Han reknar med at banen blir opna att neste veke.

– Vi må få nokre avklaringar frå politiet på vilkåra, for vedtaket er noko diffust. Så opnar vi så snart vi har gjort dei tiltaka som krevst.

Politiet ventar framleis på rapporten frå Kripos sin åstadsundersøking, men har sendt saka mot mannen i 60-åra til politiadvokatane. Mannen er sikta for uforsiktig omgang med skytevåpen.

– No er det er opp til juristar å ta stilling til om mannen bør straffast, seier Norheim.