NRK Meny
Normal

Akvariet i Bergen vil skyta freda måsar

Måsar plukkar akvariefisk som smågodt, skremmer matlysten av sjøløvene og nappar fôr or kjeften til pingvinane. No vil Akvariet i Bergen skyta den freda fuglen.

Akvariet vil skyta måsar

KONFLIKT: Akvariet i Bergen vil skyta fire-fem plagsame måsar. Grunnen er at dei skremmer bebuarane i Akvariet, som denne pingvinen. Det er uvisst om måsen på biletet er blant dei mest plagsame fuglane.

Foto: Espen Hatlestad / NRK

Dei daglege fôringsrundane i Akvariet i Bergen er for lengst i gang. Bebuarane i pingvindammen flokkar seg kring fôrbøttene i det klokka bikkar 11. Straks skal pingvinane innta dagens herremåltid – rå fisk.

Med eit skjerande skrik landar måsen mellom pingvinreira. Inntrengaren frå oven tek gjerne del i måltidet. Kampen om fiskebitane er i gang.

– Måsane har blitt eit stort problem for oss. Dei kjenner fôringsrutinane, og veit når dei kan lura til seg nokre fiskebitar, fortel Natalie Stendfeldt, koordinator ved Akvariet i Bergen.

Akvariet vil skyta måsar

MÅSEPROBLEM: Natalie Stenfeldt, koordinator ved Akvariet i Bergen, vil 'ta ut' fire-fem måsar. Problemet har vekst seg større dei siste åra, seier Stenfeldt.

Foto: Espen Hatlestad / NRK

Vil ta plagsam sildemåse av dage

Måsane som held til i Akvariet i Bergen stressar dyra på land og skadar fisken i bassenget.

Difor har leiinga søkt Bergen kommune om å få skyta nokre av dei mest plagsame fuglane.

– Me ynskjer å ta ut dei som er mest pågåande. Spesielt er éin stor sildemåse problematisk, fortel Stendfeldt.

I den nye havtanken til Akvariet sym sild og makrell, for det meste i overflata. Dette har sildemåsen funne ut, og er stadig på tokt i tanken.

I tillegg til sildemåsen ynskjer Akvariet å ta ut tre-fire andre måsar.

Spesielt stort er problemet over sjøløvedammen og pingvindammen.

I løpet av dei daglege fôringsrundane bykser dei freda fuglane etter fôrbøttene og nappar fisk or munnen på vettskremde sjøløver og pingvinar. Måsane hoppar på ryggen til sjøløvene for å nappa fisken or munnen.

– Dyra vert skremt og stikk av garde. Dette går ut over dyrevelferda.

Naturforvaltar om å skyta måsar

FREDA: Naturforvaltar Anders Søyland i Bergen kommune understrekar at alt vilt er freda. Kommunen har enno ikkje handsama søknaden om fellingsløyve frå Akvariet.

Foto: Lars Chr. Wallace / NRK

– Alt vilt er freda

Skjebnen til dei utvalde måsane ligg no i Bergen kommune sine hender.

– For at ein skal kunna gje ei skadefelling må tilfellet utgjera eit monaleg økonomisk eller næringsmessig tap. Alt vilt er freda så lenge det ikkje er angjeve jakttider med heimel i viltlova, seier Anders Søyland, naturforvaltar i Bergen kommune.

Kommunen har enno ikkje handsama den noko utradisjonelle søknaden frå Akvariet.

– Sjølvforsyning

Medan ein ventar på eit eventuelt fellingsløyve har Akvariet gjort enkle grep for å beskytta fiskane.

Over havtanken har Akvariet montert fiskenett. Måsane har tidvis forsynt seg grovt.

– Her var det sjølvforsyning heile døgeret, seier Stenfeldt.

Måse skadar akvariefisk

SKADD: Måsar skadar akvariefisk ved Akavariet i Bergen. I enkelte av tankane har dei glupske fuglane forsynt seg grovt. Fiskenetting har vorte løysinga medan ein ventar på eit eventuelt fellingsløyve frå Bergen kommune.

Foto: Espen Hatlestad / NRK

Problemet er verst på byrjinga av sommaren. Fuglane er på jakt etter føde til kyllingane sine. Då kjem heller ikkje gjestene seg unna.

– Måsane nappar mat frå bordet og plukkar frå hendene til uoppmerksame gjester. Det er ikkje så populært.

Burde ikkje sjøløver og pingvinar vera vane med måsar?

– Dei er det, men det er ikkje gunstig når fuglane kjem så tett på. Måsane har skarpe klør og nebb, så dyra kan ta skader av den aggressive framferda.