Hopp til innhold

«Dubai Harmony» takkar lokalt brannvesen: – Me er letta

80 personar måtte evakuerast frå olje- og gassterminalen i Øygarden grunna brann i eit tankskip som låg til kai. – Det er klart ei slik hending set spor i dei involverte, seier talsperson for «Dubai Harmony».

Dubai Harmony utenfor stureterminalen

BRANT: Tankskipet «Dubai Harmony» brant medan det låg til kai ved Stureterminalen fredag.

Foto: Ingvild Ulset / NRK

Politiet fekk melding om brannen i maskinrommet til eit tankskip ved Stureterminalen i Øygarden i Hordaland fredag klokka 10.59.

To timar seinare melde brannvesenet at brannen var sløkt.

No takkar selskapet det lokale brannvesenet.

– Mi vil takka det lokale brannvesenet for godt samarbeid og hjelp til å sløkka brannen, seier talsperson for reiarlaget Dubai Navigation Corp, Cor Radings.

Evakuerte Stureterminalen

Brannen i maskinrommet oppstod under tanking av det Liberia-flagga tankskipet, opplyste pressetalsmann Eskil Eriksen i Equinor til NRK fredag.

Styrkar med brannbåt og brannbilar blei sendt frå Bergen. Equinor hjelpte òg personellet på båten i sløkkearbeidet.

Det var til saman 102 personar på terminalen då situasjonen oppstod. Alle bortsett frå 22 personar i beredskap blei evakuerte frå terminalen.

Oljetanker ved Stureterminalen

LIGG TIL KAI: Oljetankaren «Dubai Harmony» ligg til kai ved Stureterminalen.

Foto: Marine Traffic

Produksjonen på Stureterminalen gjekk likevel som normalt, og evakueringa blei oppheva fredag ettermiddag.

– Dette brannmannskapet er spesialtrente på å handtera denne type situasjonar, sa operasjonsleiar Arne Pettersen i 110-sentralen til NRK fredag.

Verken brannvesen eller Equinor hadde oversikt over om tankskipet var fullasta.

Pettersen opplyste at det skulle vera iallfall 40.000 liter drivstoff om bord.

Redningsselskapet i Hjeltefjorden

BEREDSKAP: Redningsselskapet var òg i beredskap i Hjeltefjorden og følgde situasjonen tett. – Vår rolle er å ligga i området og vera i beredskap i tilfelle situasjonen utviklar seg, seier pressekontakt Lars Mosby Enger i Redningsselskapet.

Foto: Ingvild Ulset / NRK Hordaland

Etterforsking

– Me veit framleis ikkje den nøyaktige årsaka til brannen, men det det blir etterforska no, seier Radings.

Skadeomfanget på skipet er ifølge Radings heller ikkje kjent enno.

– Me håpar å finna ut av det snart for å avgjera om fartøyet kan fortsetta på reisa, seier han.

Før skipet får forlata Noreg, skal Sjøfartsdirektoratet gjennomføra ein havnestatskontroll der dei skal sjå på tilstanden og utstyret.

– Slik det ser ut no, vil kontrollen først skje til veka, seier kommunikasjonsdirektør Dag Inge Aarhus i Sjøfartsdirektoratet.

Fredag kveld jobba etterforskarar frå Vest politidistrikt med å avhøyra sjøfolka på tankskipet etter brannen, skriv BT.

– Set spor

Ingen skal ha blitt skada i hendinga. Mannskapet er tilbake i arbeid, ifølge Radings.

– Det er klart ei slik hending set spor i dei som opplever det, men det går bra med mannskapet etter forholda. Me er svært letta over at ingen blei skada, seier han.

Brann i tankskip Dubai Harmony

STORT: Skipet er nesten 250 meter langt og 44 meter breitt.

Foto: Ingvild Ulset / nrk