Hopp til innhold

– Vi tener mykje meir enn vi har gjort på lenge

Oljeraffineriet på Mongstad tener for tida svært godt på grunn av den låge oljeprisen, som samstundes gjev nedgang for offshoreindustrien.

Mongstad

OPPTUR: Oljeraffineriet på Mongstad er i ein god situasjon for tida. Dei tener nemleg svært godt på den låge oljeprisen som gjev nedgang for offshoreindustrien.

Foto: Kjetil Rydland

– No er vi i ein situasjon med ein låg oljepris og i tillegg har vi ein sterk dollarkurs. Det gjer at vi no tener mykje betre enn vi har gjort dei seinare åra, seier informasjonsleiar Jon Halstein Tjore ved Statoil Mongstad.

Oljeraffineriet på Mongstad er i ein god situasjon for tida. Dei tener nemleg svært godt på den låge oljeprisen som gjev nedgang for offshoreindustrien.

– Tener meir pengar

Jon Halstein Tjore

TENER PENGAR: – Vi tener mykje meir enn vi har gjort på lenge, seier informasjonsleiar Jon Halstein Tjore ved Mongstad.

Foto: NRK

Når oljeselskapa kuttar investeringane fordi oljeprisen er for låg, så gjev det nedskjeringar for mange bedrifter, men for eit raffineri som kjøper olje, er situasjonen stikk motsett.

– Når vi får kjøpe rimeleg olje, råvareprisen er rimeleg låg, og vi får bra betalt for produkta vi har, så tener vi meir pengar. Og når det er ein sterk dollarkurs i forhold til den norske krona, då får vi mange kroner for dei produkta vi sel, forklarar Tjore.

Utfordrande situasjon for andre

– Dette er veldig gledeleg, og utviklinga på Mongstad går rett veg, seier Ove Lunde, dagleg leiar i bransjeorganisasjonen HOG Energi.

– For det har jo vore mørke skyer over Mongstad lenge?

– Ja, dei har hatt sine utfordringar over fleire år, med kjempestore nedskrivingar, seier Lunde.

– Er det eit paradoks at dårlege tider for oljeindustrien og leverandørindustrien er gode tider for Mongstad?

– Ja, for så vidt, men totalt sett så er bransjen og næringa i Hordaland inne i utfordrande situasjonar for augeblikket. Det er difor veldig gledeleg det som skjer på Mongstad, men det er like viktig for sysselsetting i Hordaland at leverandørnæringa har arbeid, seier Lunde.

Ove Lunde i HOG Energi

GLEDELEG: Ove Lunde, dagleg leiar i bransjeorganisasjonen HOG Energi meiner at utviklinga på Mongstad går rett veg.

Foto: Ketil Jordan / NRK

Trur fortenesta vil minke

Informasjonsleiaren på Statoil Mongstad trur fortenesta vil minka igjen dei nærmaste månadane.

– Vi forvente at marginane kjem til å gå ned i løpet av året, seier Tjore.

– Har dykk hatt så god forteneste nokon gong som dykk har no?

– Vi må nok tilbake til 2007, seier Tjore medan han tenkjer seg godt om.

Sjølv om billigare olje fører til stor forteneste for oljeraffineriet, vil ikkje dette gje billigare bensin for forbrukarane.

– Nei, for drivstoffprisen er veldig mykje styrt i det internasjonale marknad, legg Tjore til.