Hopp til innhold

– Tankskip i kø i storm kan forureina heile norskekysten

Miljøorganisasjon fryktar enorme utslepp når mange oljetankskip ventar utanfor Mongstadraffineriet i dårleg vêr. No krev dei betre slepebåtberedskap.

MarineTraffic vest for Bergen

KØ: Fleire store tankskip låg i kø utanfor Fedje 7. desember i fjor. Skipa venta på å kunna legga til kai i samband med uvêr.

Foto: skjermdump / MarineTraffic

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Skjermbilete frå nettstaden marinetraffic.com den 7. desember i fjor viser korleis 8–9 store skip den dagen låg i kø utanfor Fedje i Hordaland.

Tankskipa venta på å få komma til kai på Sture eller Mongstad. Eitt var eit fullasta shuttleskip frå Nordsjøen.

Jan-Hugo Holten

FRYKTAR KATASTROFE: Jan-Hugo Holten i Norges Miljøvernforbund meiner det manglar slepebåtar når store tankskip ligg på vêret utanfor kysten.

Foto: Rune Fredriksen / NRK

– Det var opp mot storm frå sør. Med så mange store skip på éin stad i uvêret aukar ulukkesrisikoen.

Det seier Jan-Hugo Holten, saksbehandlar for marine saker i Norges Miljøvernforbund.

– Alvorleg

Sjøtrafikkstasjonen på Fedje forklarer kødanninga slik:

«Når det blåser over 20 m/s i stø vind, slipper vi ikke inn fartøyer over 20.000 bruttotonn som fører farlig eller forurensende last. I tillegg slipper vi de ikke nærmere enn 10 nautiske mil fra kysten.»

Holten meiner det bør vera slepebåt heilt i nærleiken når uvêr gir tankskipkøar.

M/S "Server" i ferd med å synke etter havari

FORLIS: Lastebåten MS «Server» med 585 tonn bunkersolje og 72 tonn diesel om bord grunnstøytte ved Fedje i januar 2007.

Foto: Anders Jørgensen / NRK

– Desse ventande skipa blir no overlatne til seg sjølv. Viss eitt av dei får motorhavari, utan slepebåtar rundt dei, er situasjonen alvorleg og vanskeleg å handtera.

– Gambling

Han meiner ein ekstra slepebåt til 20 millionar kroner årleg er verd pengane.

– Me har ikkje råd til å gambla med kysten vår.

Oljeflak

OLJESØL: Utsleppa etter Server-forliset gjorde stor skade, men ein full oljetankar som havarerer kan gi svært mykje verre forureining.

Foto: Anders Jørgensen / NRK

Hittil har Noreg vore skåna for verkeleg store oljeutslepp langs kysten. Dei største har vore nokre hundre tonn bunkersolje.

– Men sjølv det gjer stor skade på naturen og tar lang tid før det forsvinn, seier Holten.

For fleire år sidan laga styremaktene eit scenario på eit 40.000 tonns oljeutslepp. Det viste at forureininga kan bli spreidd med Golfstraumen heilt opp til Lofoten.

– Ei slik «asfaltering» vil øydelegga norskekysten med oljesøl.

– Tryggleiksmargin

Beredskapsdirektør Johan Marius Ly i Kystverket meiner derimot dagens ordning er trygg.

– Ved sterk vind er det sikraste at skipa ventar, slik som i desember og no nyleg. Når fartøya ligg langt nok ute frå kysten er tryggleiksmarginen god.Trafikksentralen overvakar dei tett og kallar ved behov opp slepebåtar frå Mongstad eller Sture.

– Me er ikkje urolege for at dette ikkje er tilstrekkeleg, seier Ly.

Johan Marius Ly

GODT NOK: Beredskapsdirektør Johan Marius Ly i Kystverket meiner slepeberedskapen utanfor Mongstad og Stureterminalen er tilstrekkeleg.

Foto: Privat

– Flaks

Holten viser til at tre havneslepebåtar på Mongstad er berre designa for signifikant bølgehøgde 2,5 meter, ikkje for offshore eller havgåande slep.

Og han meiner Kystverket lener seg på at dei ikkje er ansvarleg for tankskip som ligg meir enn 10–12 nautiske mil utanfor norskekysten.

– For ti år sidan sa dei at skip som ligg der utanfor norsk territorialgrense ikkje er deira ansvar.

Ly avviser argumentet.

– Me lar ikkje skipa sigla sin eigen sjø. Me har eit betre overvakingsregime i dag enn før.

Likevel uttrykte Kystverket i går uro for beredskapen og at det til tider er flaks som avgjer om grunnstøytingar fører til større utslepp i naturen.