Hopp til innhold

Her går skip oftast på grunn langs norskekysten

I årevis har talet på skip som går på grunn vore like høgt. Kystverket meiner berre flaks avgjer om grunnstøytingar fører til større utslepp i naturen.

HER SMELL DET: Kartet viser kvar skip går på grunn oftast langs norskekysten.

Kystverket registrerte 72 grunnstøytingar langs Norskekysten i 2017.

Det er ein liten auke frå 2016 og bekreftar ein stadig trend som Kystverket er uroa over.

– Vi veit at betre overvaking av trafikken frå Kystverkets sjøtrafikksentralar og fly og satellittovervaking bidreg til å avverje ulukker kvar dag. Men det uroar at talet på grunnstøytingar held fram med å vera så høgt, seier beredskapsdirektør Johan Marius Ly i Kystverket.

Lasteskipet «Tide Carrier» i trøbbel på Jæren

NESTEN PÅ GRUNN: Lasteskipet «Tide Carrier» havarerte utanfor Jærkysten i februar i fjor. Kystverket aksjonerte då skipet var i ferd med å gå på grunn.

Foto: Anders Fehn / NRK

Ekstremvêr

Grunnstøytingane i 2017 var relativt jamt fordelt utover kysten. Det er flest grunnstøytingar langs vestlandskysten, kysten av Helgeland og til dels Lofoten og Tjeldsundet.

Årsaka til at det her er fleire hendingar skuldast vær- og straumforhold, talet på holmar og skjær og tett trafikk.

Kystverket legg til at hyppigare førekomst av ekstremvêr også har skapt utfordringar for både sjøtryggleik og oljevernberedskap.

Grunnstøtinger langs kysten 2014 til 2017

Små marginar

Dei fleste grunnstøytingar fører ikkje til akutt forureining, men Kystverket påpeikar at det likevel er små marginar.

– I nokre grunnstøytingar er det ofte snakk om berre nokre meter forskjell før ein slår eit stort hol i drivstofftankane og får eit stort utslepp. Det er noko vi jobbar med å unngå, så vi skulle gjerne sett at tala gjekk nedover, seier Rune Bergstrøm i beredskapsavdelinga i Kystverket.

Talet på grunnstøytingar har vore ganske konstant dei fire siste år: 76 (2013), 75 (2014), 73 (2015) og 69 (2016).

– Utsleppsvolum frå skipstrafikken har dei siste tre åra vore låge og vi har blitt skåna frå store oljeutslepp, seier Ly.

Dei fleste grunnstøytingane skjer med passasjerfartøy og fraktefartøy. Det er sett i verk fleire tryggingstiltak dei siste åra, mellom anna overvaking av trafikken.

– Om ein ser at ein båt er på feil kurs, så kan vi kalle opp brua og spørje kvifor dei har problem. Men framleis er det slik at det er menneskelege feil som oftast fører til at grunnstøytingar skjer. Nokre få gonger er det tekniske årsaker, seier Bergstrøm.

Ei ferje støtte på grunn ved Bjelkarøy sør for Flesland.

FERJE PÅ GRUNN: Dei fleste grunnstøytingane i 2017 skjedde med passasjerfartøy og fraktefartøy. Her er det MF «Gjemnes» som har støtt på grunn ved Bjelkarøy i Hordaland i sommar.

Foto: Bjørg Hovland / NRK

Aksjonerte

I februar i fjor havarerte lasteskipet «Tide Carrier» utanfor Jærkysten. Skipet hadde 600 m³ tungolje om bord.

For første gong sette Kystverket i gang ein statleg oljevernaksjon for å forhindre ei alvorleg grunnstøyting med etterfølgande akutt forureining. Både Kystverket og Miljødirektoratet har politimeld skipets eigar for ulike forhold knytt til hendinga.

Totalt var det 1293 varslar inn til Kystverket om uønskte hendingar i 2017. 594 av dei gjeld forureining, både på land og på sjø. Det er omtrent det same som vart registrert i 2016.