NRK Meny
Normal

– Offentleg skuleselskap sensurerte årsmeldinga for å skjule millioninnkjøp

Seks tilsette varsla om at leiarar i NDLA handla for store millionbeløp hos eit selskap dei sjølv arbeidde for. Etterpå skal ein av dei tilsette ha blitt pressa til å slutte.

Rune Mathiesen

– VELDIG UBEHAGELEG: – På eit møte på eit hotell i Bergen trekte han (den daglege leiaren) meg til side i ein korridor, og spurte heilt konkret: «Er det du som har snakka?». Det var veldig ubehageleg, seier Rune Mathisen, talsmann for varslarane i NDLA.

Foto: Roald Marker / NRK

I fjor kunne NRK fortelje at Nasjonal digital læringsarena (NDLA), som er eigd av 18 norske fylkeskommunar, over lang tid hadde brote lova i stor stil då dei kjøpte tekniske tenester.

Cerpus AS var selskapet som selte tenestene til NDLA. Og årsmeldingane til NDLA og rekneskapane til Cerpus fortel med all tydelegheit at NDLA var ein viktig kunde:

Av 29 millionar Cerpus hadde i inntekter i 2014, kom minst 22,5 millionar kroner frå NDLA.

I tillegg viste deg seg at fleire personar jobba både for Cerpus og NDLA – og at Cerpus fekk sjå innhaldet i NDLA sine kontraktar med andre selskap.

«Oppsiktsvekkande alvorleg», uttalte Venstre-politikar Geir Kjell Andersland.

I kjølvatnet av rapporten, som Deloitte stod bak, fekk selskapet oppdrag av Hordaland fylkeskommune om å gjere ein utvida forvaltningsrevisjon av NDLA.

No er den nye – 96 sider lange – rapporten klar.

I den slår Deloitte fast at NDLA har utsett ein medarbeidar for gjengjelding i strid med arbeidsmiljølova.

Det skjedde etter at vedkommande melde om kritikkverdige forhold knytt til habilitet og innkjøp, ifølgje rapporten.

Mange tilsette reagerte

Men medarbeidaren er berre ein av seks som har varsla om tilhøva i NDLA. Fem av dei, inkludert medarbeidaren som blei utsett for gjengjelding, opplever saka som så tung at dei ikkje ønskjer å stå fram i media.

Den sjette, Rune Mathisen, fortel at dei var mange som reagerte på korleis selskapet kjøpte tenester.

– Vi såg at det sat menneske med doble roller i selskapet. Dei var utleigde frå Cerpus til NDLA, og tok avgjerslene om innkjøp. Ein av desse var ikkje berre tilsett, men også ein stor eigar i Cerpus, seier Mathisen, som er utpeikt til talsmann av varslarane.

Ifølgje Mathisen prøvde dei tilsette i lang tid å ta opp det dei i verste fall frykta kunne vere korrupsjon. Først internt i NDLA – så i styret.

– Men vi nådde ikkje fram, fortel Mathisen.

– Ba om sensur av årsrapporten

Deloitte meiner tre av dei seks tilsette formelt skal ha status som varslarar etter arbeidsmiljølova. Medarbeidaren som Deloitte slår fast er utsett for gjengjelding, har mellom anna forklart at vedkommande deltok på eit møte som styresekretær i mai 2014.

Der skal selskapet sin ferske styreleiar ha bede om at ein graf blei fjerna frå årsmeldinga for 2013 – ifølgje styresekretæren fordi han meinte den sette NDLA i eit dårleg lys.

Grafen synte det store omfanget av selskapet sine innkjøp frå Cerpus.

Styreleiaren, som no ikkje har verv i NDLA, har i intervju med Deloitte forklart at han vurderte at «heilskapen vart ivaretatt utan heilt spesifikk og detaljert informasjon på akkurat dette området», men at han samstundes var «svært tydeleg på at denne leverandøren si rolle i NDLA, og målet om at NDLA skulle vere leverandøruavhengig, skulle opp som eiga sak i neste styremøte».

Graf fra årsrapporten til NDLA i 2013

BLEI FJERNA FRÅ ÅRSRAPPORTEN: Denne grafen, som tydeleg syner kor mykje NDLA kjøpte frå Cerpus kontra dei andre leverandørane, låg inne i utkastet til årsrapporten for 2013. Men den blei fjerna før rapporten blei publisert.

– Var illojal

Etter dette møtet hardna stemninga raskt til internt i det fylkeskommunale skuleselskapet.

Dagleg leiar i NDLA, Øivind Høines, har i intervju med Deloitte forklart at han hausten 2014 blei ringt opp av styreleiaren, som sa at han opplevde styresekretæren som illojal mot Høines.

Årsaka skal ha vore at styresekretæren hadde kontakta styreleiaren og sagt at Høines hadde haldt tilbake informasjon for styret.

Medarbeidaren avviser at vedkommande på noko tidspunkt kontakta styreleiaren, men styreleiaren har forklart Deloitte at han etter kvart ikkje såg korleis det var mogeleg for medarbeidaren og Høines å samarbeide.

I ein seinare e-post til styreleiaren skriv Høines at medarbeidaren ikkje burde vere involvert i oppgåver opp mot styret, grunna manglande gjensidig tillit.

Tillitskrisa skulle til slutt få den mest fatale utgangen for arbeidsforholdet: Medarbeidaren skreiv under på ein avtale om å slutte i NDLA.

– Veldig ubehageleg

Rune Mathisen er også omtala som ein av dei tre varslarane i Deloitte-rapporten. Til NRK fortel han at andre hadde det verre enn han, men at han likevel opplevde arbeidssituasjonen som svært ubehageleg.

Mathisen blei skulda av den daglege leiaren for å kontakta eit styremedlem direkte med informasjon.

– Noko eg også gjorde, det skal eg ikkje leggje skjul på. Eg meinte det var naudsynt, seier Mathisen.

– Utover hausten 2014 blei eg stadig spurt av dagleg leiar om eg hadde snakka. Det oppstod fleire ubehagelege situasjonar, fortel Mathisen.

– På eit møte på eit hotell i Bergen trekte han meg til side i ein korridor, og spurte heilt konkret: «Er det du som har snakka?». Det var veldig ubehageleg. Eg svarte at ​eg tok det med styret, og at eg ville ha fokus på arbeidsoppgåvene mine i NDLA, seier Mathisen.

Dagleg leiar hugsar ikkje episoden

Dagleg leiar Øivind Høines skriv i ein e-post til NRK at han ikkje var Mathisen sin næraste overordna, og at han ikkje kan hugsa nokon episode på eit hotell i Bergen.

«Når det er sagt: Jeg vet [ ...] at han gikk direkte til et styremedlem uten å lufte bekymringen i egen organisasjon først. Dette hadde vi en samtale om, og den har jeg orientert Deloitte om», skriv Høines.

Den daglege leiaren hevdar Mathisen aldri har fått nokon «korreks» av han for å ta opp bekymringane.

«Men etter vår samtale var vi begge enige om at han i fremtiden skulle lufte bekymringer i NDLA før han gikk til styremedlem».

– Aggressiv og hard tone

For Mathisen enda konflikten utan at han mista jobben eller blei fråteken arbeidsoppgåver, slik det gjekk for dei to andre varslarane i rapporten.

Men for medarbeidaren Deloitte slår fast blei utsett for gjengjelding, styresekretæren, tilspissa situasjonen seg i same periode.

Styreleiaren hevdar Høines prøvde å finne nye oppgåver til medarbeidaren, men at det fram mot våren 2015 begynte «å gjere seg synleg at det kunne vere nyttig og gunstig for både medarbeidaren og NDLA å forsøke å leite etter måtar eller løysingar som gjorde at alle partar etter kvart kunne vende blikket framover».

Årsaka var mellom anna at medarbeidaren, ifølgje styreleiaren, hadde ein aggressiv og hard tone, og fokuserte på fortida, trass i at NDLA hadde gjort mykje for å rydde opp.

Medarbeidaren har uttalt til Deloitte at dette truleg heng saman med at vedkommande opplevde at styreleiaren støtta Høines.

Øivind Høines

– GODT ARBEIDSMILJØ I DAG: «Arbeidsmiljøet er i dag svært godt. Tidligere har vi hatt større utfordringer knyttet til at vi har hatt en løs organisering uten avklarte rammer for den enkeltes ansvarsområder. Dette må jeg som leder ta en stor del av ansvaret for», skriv dagleg leiar i NDLA, Øivind Høines, i ein e-post til NRK.

Foto: Sølve Rydland

Avslutta arbeidsforholdet

I «konstruktiv dialog» med medarbeidaren og den fylkeskommunale arbeidsgjevaren medarbeidaren hadde jobba i tidlegare, har styreleiaren forklart Deloitte, bestemte han seg for å undersøke om det var mogleg å avslutte medarbeidaren sitt engasjement «på ein ryddig måte».

Det enda med at medarbeidaren fekk permisjon med løn ut sin avtaleperiode med NDLA, mot at vedkommande slutta i NDLA og gjekk tilbake den fylkeskommunen vedkommande var kjøpt fri frå.

I avtalen, som blei underskriven i april 2015, heiter det også at «de uoverensstemmelser som har vært legges herved døde».

Partane signerte også på at dei ikkje skulle fremje andre krav mot kvarandre.

– Braut arbeidsmiljølova

Medarbeidaren har i ettertid forklart Deloitte at vedkommande ikkje følte noko anna val enn å underskrive avtalen med NDLA, og at avtalen blei opplevd som ei gjengjelding frå styre og leiing for varselet.

Hadde vedkommande kjend betre til arbeidsmiljølova, ville avtala aldri blitt akseptert, ifølgje forklaringa i rapporten.

Deloitte konkluderer etter ei lengre vurdering med at «oppfølginga av varslingane i NDLA ikkje har vore tilfredsstillande», og at «det i eitt tilfelle har foregått gjengjelding overfor den eine varslaren, i strid med føresegn i arbeidsmiljølova § 2-5».

Dessutan meiner Deloitte det «er grunn til å stille spørsmål ved om det har foregått gjengjelding» overfor varslaren som fekk andre arbeidsoppgåver.

– Situasjonen er betra

Etter forvaltningsrevisjonen konkluderer Deloitte totalt sett med at NDLA har gjort eit omfattande arbeid og innført fleire tiltak, noko som har betra situasjonen betrakteleg på fleire område.

Konkurransane NDLA har gjennomført i 2015 og 2016 er også i samsvar med regelverk om offentlege anskaffingar, ifølgje Deloitte.

Men revisjonen har også avdekka følgjande manglar:

  • Ikkje alle relevante internkontrolltiltak er gjort tilstrekkeleg kjent blant medarbeidarane i NDLA.
  • Det er ikkje utarbeidd skriftlege rutinar som sikrar tilstrekkeleg kontroll av fakturaar som blir betalt av NDLA.
  • NDLA har finansiert deltaking på eksterne konferansar for medarbeidarar frå leverandør av tekniske tenester. Forslag om å delta kom frå desse medarbeidarane, noko som er i strid med forvaltningslova.
  • NDLA hadde fram til 2016 ikkje eigne rutinar for gjennomføring av varsling om kritikkverdige forhold.

Rune Mathisen og dei tidlegare NDLA-kollegaane fekk lese rapporten i førre veke, og er svært kritiske til at Deloitte ikkje har gått tydelegare inn og vurdert habiliteten i samband med innkjøpa frå Cerpus.

– Dei har til dømes ikkje fått med seg at ein av dei store eigarane i Cerpus var mellom dei som kjøpte tenester av dei gjennom jobben i NDLA. Det er ein frykteleg svak rapport, der ein ikkje problematiserer kva som har skjedd. I staden konstaterer dei berre at notilstanden er nokolunde bra, meiner Mathisen.

Kontrollutvalet ber om meirinnsyn: – Kjempebra

Etter å ha lest rapporten, sette han seg ned og skreiv eit brev til Hordaland fylkeskommune, som har ansvaret for saka. Der listar han og eks-kollegaane opp fleire punkt dei meiner burde vore betre opplyst.

– Vi hadde tillit til at ein no skulle gjere ei skikkeleg undersøking av habiliteten, men også av korleis varslarane blei behandla. Men vi føler ikkje noko av dette er godt nok ivaretatt i rapporten, seier Mathisen.

E-posten blei sendt fylkeskommunen måndag denne veka. Tysdag skulle kontrollutvalet i fylkeskommunen handsame saka.

Forslaget til vedtak var opphavleg å ta tilrådingane frå Deloitte til følgje og avslutte saka – men etter innspela frå varslarane blei saka snudd på hovudet.

Kontrollutvalet utset saka til august, og krev innsyn på ei rekkje punkt før dei skal handsame ho på ny:

  • Habilitet
  • Oversikt over leverandørar til NDLA før og no
  • Selskapsstruktur
  • Den omtalte grafen frå 2013
  • Organisering/tilsette i NDLA før og no
  • Eigarskap i leverandørselskap mv. før og no

Varslarane er godt nøgde med vedtaket frå kontrollkomiteen.

– Dette er jo kjempebra og veldig positivt å høyre. Det hadde vore forferdeleg trist om dei berre tok rapporten til orientering. Men her peikar dei på dei tinga vi har tatt opp, og det verkar som dei verkeleg har lese rapporten, seier Mathisen til NRK onsdag.

Video - Bompengar var riktig, meiner Bømlo-ordføraren.

VIL FINNE SANNINGA: – For oss er det viktig å lytte til dette, og finne ut av sanninga i desse påstandane, seier leiar i kontrollutvalet, Inge Reidar Kallevåg, om e-posten frå Rune Mathisen og eks-kollegaane.

Foto: Nyhetsspiller

– Alvorleg at så mange har same oppfatning

Leiar for kontrollutvalet i Hordaland fylkeskommune, Inge Reidar Kallevåg (H), fortel at planen no er å få saka opp for fylkestinget i oktober, etter at kontrollutvalet har handsama saka med den nye informasjonen dei har bede om.

– Med så mange ferske dokument på bordet, følte vi oss ikkje komfortable med å sluttbehandle saka. Vi blei såpass usikre etter dei tinga som kom fram i e-posten, at vi valte å gi oss sjølv litt meir tid for å gjere det grundig nok, seier Kallevåg.

Han meiner e-posten frå dei seks tidlegare NDLA-tilsette tydeleg syner at det finst to ulike versjonar av kva som har skjedd.

– Eg ser det som alvorleg at det er såpass mange personar som har same oppfatning av dei ulike hendingane. Så for oss er det viktig å lytte til dette, og finne ut av sanninga i desse påstandane, seier Kallevåg.

«Alvorleg og svært leit»

NDLA sin daglege leiar Øivind Høines svarar i e-posten til NRK slik på spørsmålet om at ein av medarbeidarane ifølgje Deloitte blei utsett for gjengjelding:

«Dette er alvorlig og svært leit. I rapporten går det tydelig frem at medarbeideren flere ganger er spurt av styreleder om vedkommende var varsler. Medarbeideren svarte benektende på at vedkommende ville ha status som varsler. Vi ser at Deloitte vurderer at styreleder likevel burde sett at medarbeideren var en varsler. Det tar vi til oss».

Høines skriv at medarbeidaren sjølv valte å slutte, men at dei forheld seg til at vedkommande i etterkant vurderer saka annleis.

Den daglege leiaren meiner den 96 sider lange Deloitte-rapporten, som han omtalar som solid, viser at NDLA har ein trygg og god forvaltningspraksis.

«Og det skulle bare mangle», skriv Høines.

«Det var galt av oss»

– Kvifor har Cerpus blitt tildelt så mange kontraktar?

«Cerpus er en av landets største leverandør av åpne digitale løsninger for læring. Leverandøren har vunnet åpne konkurranser som har vært utlyst i markedet fordi de har vært best. Når det er sagt har vi i dag mange slike leverandører til NDLA. Dette har vært en bevisst strategi for å engasjere et større marked. Da vi startet var det færre i markedet som så på NDLA som en interessant kunde og derfor valgte å satse på åpne digitale løsninger for skolen», skriv Høines.

Han medgir derimot at det var feil av NDLA å betale konferanseavgifta for dei Cerpus-innleigde konsulentane, slik Deloitte kritiserer.

«Dette var galt av oss, og dette var min feil».

Høines seier følgjande om korleis han ser på at kontrollutvalet no vil ha saka ytterlegare opplyst:

«Når varslere tar kontakt i brevs form, og NRK kjører sak i radioen på samme dag som saken behandles, er det naturlig at politikerne ber om å få opplyst alle områder der de ser behov».

Siste video

Vegvesenet rydder på rasstedet på riksvei 13 i Odda, der to biler ble truffet av et steinras.