NRK Meny
Normal

– Norske kjøpesenter står framfor ein dødsspiral

Økonomiprofessor spår at kjøpesenterdøden i USA snart kjem til Noreg. Likevel satsar Bergens største kjøpesenter på storutbygging.

Kjøpesenterruin i USA

HANDELSRUIN: I USA er det venta at eit hundretals kjøpesenter døyr ut berre i år. Six Flags Mall i Texas er eit spøkelsesbygg etter at den siste butikken stengde i fjor.

Foto: Timcdfw via Wikimedia Commons.

– Også eg har byrja med netthandel, seier Ingunn Eide. Ho er på handletur på Lagunen Storsenter.

Men ho trur ho om ti år framleis kjem til kjøpesenteret.

– Det er kjekt å sjå og ta på ting før eg bestemmer meg.

Jens Nygaard er ein yngre kunde.

– Det er mykje enklare å ordna alt på pc-en heime. Eg slepp å dra heilt bort hit.

«Tsunami»

Økonomiprofessor Tor Walin Andreassen ved Norges Handelshøyskole trur kjøpesentera sine dagar kan vera talde.

– Dei står framfor ein dødsspiral. Dette skjer i USA, og det kjem til Noreg om dei ikkje omstiller seg.

Tor Walin Andreassen

DØDEN NÆR: Økonomiprofessor Tor Walin Andreassen spår at norske kjøpesentra vil døy ut, slik det skjer i USA.

Foto: NRK

I USA snakkar dei om ein tsunami: Stadig fleire kjøpesenter står som spøkelseshus. Store butikkjeder går konkurs.

Det er venta at over 12.000 senterbutikkar stenger i år, mot 9.000 i fjor, ifølge eigedomsselskapet Cushman & Wakefield.

Selskapet anslår at hundrevis av kjøpesenter hamnar «på dødsleiet», skriv businessinsider.com.

– Dårleg leiing

Hovudårsaka er at me handlar stadig meir på nett. Andreassen trur dei tradisjonelle butikkjedene vil døy ut i Noreg.

– Ikkje fordi ingen treng dei. Men leiinga i varehandelen er for dårleg til å omstilla seg til digital handel.

I Fana i Bergen har Lagunen Storsenter derimot tru på framtida. Dei er no i gang med ei stor utbygging på 50.000 nye kvadratmeter.

– Dette er dei første stega på å utvikla «Lagunebyen», seier administrerande direktør Knut Eliassen optimistisk.

Knut Eliassen, direktør Lagunen

SATSAR: Direktør Knut Eliassen har starta storutbygging på Lagunen Storsenter.

Foto: John A. Nøstdal / NRK

Andreassen er skeptisk.

– Dette er ei stor risikoinvestering. Det er stor sannsyn for at det ikkje vil lukkast.

Dominoeffekt

Butikkar som slit kan raskt dra andre med seg.

– Når butikken eg kjem for å handla i, er borte, er det lett for at eg ikkje kjem hit neste gong. Då lir jo dei andre butikkane. Dei får ikkje seld kaffi eller kva det måtte vera. Det blir ein dødsspiral for alle saman, og det endar opp som eit spøkelsessenter.

– Kva butikkar er mest utsette i eit kjøpesenter?

– Ein bokhandel er eit godt døme. Alle bøkene kjenner me frå nettet, og treng ikkje kjøpa dei her.

Ingunn Eide

BÅDE OG: Ingunn Eide likar å sjå og ta på ting før ho bestemmer seg, men handlar også på nett.

Foto: NRK

Optimisme

Eliassen avviser at senteret hans er eit spøkelseshus om ti år.

– På ingen måte. Me ligg kloss i kollektivknutepunktet med bybane og buss. Me møter utfordringane og utviklar no Lagunen til å bli noko meir enn berre ein stad å handla. Me etablerer til dømes kino og treningssenter.

Utbygging på Lagunen Storsenter

BYGGER KINO: Lagunen Storsenter utvidar med blant anna kinosal og treningssenter for å gi kundane nye opplevingar.

Foto: John A. Nøstdal / NRK

Harald Andersen, direktør i Virke Handel, meiner at økonomiprofessor Andreassen er for kategorisk negativ.

– Men me ser at kundane brukar mindre tid i butikken, og at dei oftare samanliknar prisar på mobiltelefonen enn å kontakta betjeninga. Både sentera og butikkane må tenka nytt. Kundane forventar service og meir opplevingar.

Siste video

Programleder: Jan Børge Leirvik
Programleder: Jan Børge Leirvik
Programleder: Jan Børge Leirvik