Hopp til innhold

– Kvar dag minner det opne såret oss om dødsraset

OSTERØY (NRK): Eit halvt år etter at ei kvinne omkom, ligg rasstaden framleis usikra i bygda Votlo. Omsider vil kommunen truleg bidra med sikring, men berre viss staten tar det meste av rekninga.

Arne Nessestrand (t.v.) og Dag Sveinung Åsheim på rasstaden på Votlo, Osterøy

KREV SIKRING: Arne Nessestrand (t.v.) og Dag Sveinung Åsheim er misnøgde med at rasstaden på Votlo ennå ikkje har blitt sikra.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Det er eit ope sår og bør lækjast, men ingen tar ansvar for det.

Arne Nessestrand (73) står på staden der katastrofen starta i dei bratte bakkane på Votlo tidleg på morgonen 7. desember i fjor.

I nattemørket utløyste eit svært kraftig regnvêr eit jordskred.

Den 38 år gamle småbarnsmora Kristine Anette Andersen omkom då jordmassar fylte soverommet.

Ras Votlo

OMKOM: Slik så huset ut etter skredet. 35 naboar frå 18 hus blei evakuerte. Kristin Anette Andersen (38) omkom.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Nessestrand og kona bur rett nedanfor der skredet starta. Geologar har gitt eit klart råd om at dei bør flytta vekk inntil sikringstiltak er gjennomført, men paret har valt å bli verande på eige ansvar.

– No i fint, tørt vêr er det ikkje rasfare her.

– Søv du godt?

– Ja, men når det regnar kjem tankane om ras med ein gong.

Klarte ikkje gå opp til raset

Han seier såret i landskapet har gjort sterkt inntrykk på alle i bygda.

– Sjølv klarte eg ikkje å gå opp hit dei to første månadane etter raset. Dette rører ved oss på så mange måtar.

Bygda Votlo, Osterøy

TETTBYGD BAKKE: Grenda Votlo ligg i ei bratt skråning på sørsida av Osterøy.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Han og andre av innbyggjarane i grenda Votlo har vore og er framleis kritiske til manglande støtte frå kommunen.

– Me har fått signal om at grunneigarane sjølve har ansvar for å sikra eigedommane sine. I dette tilfellet blir det for enkelt.

Det seier Dag Sveinung Åsheim, som er vald til talsmann for folket i bygda.

– Her må storsamfunnet hjelpa oss, og ikkje legga ansvaret over på dei som er ramma av raset.

Ønskjer at kommunen tar ansvar

Folket på Votlo viser til at det offentlege tidlegare har grave ned både straumkabel og avløpsrøyr som kan ha gjort skråninga ustabil.

Etter mange månadars kamp håpar dei at dei no har fått lokalpolitikarane med på at kommunen derfor må ta ansvar for rassikring.

Jarle Skeidsvoll, ordførar i Osterøy (KrF)

VIL BETALA: – Heradsstyret vedtar onsdag truleg å betala noko av sikringsarbeidet viss staten betalar mesteparten, seier ordførar Jarle Skeidsvoll (KrF) i Osterøy.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Rådmannen og formannskapet føreslår det billigaste sikringstiltaket av tre vurderte alternativ: å bruka 650.000 kroner på drenering og treplanting i skråninga.

– Det er basert på gode faglege råd og ei økonomisk vurdering, seier ordførar Jarle Skeidsvoll (KrF).

Vil truleg betala noko av sikringsarbeidet

På onsdag vedtar heradsstyret truleg å betala 20 prosent av sikringsarbeidet. Føresetnaden er at staten, ved Norges Vassdrags- og energidirektorat (NVE), tar resten av rekninga.

Ordføraren viser til at grøftene som i si tid vart gravne, kan ha medverka til at det rasa.

– Det er ikkje påvist at det er ein samanheng, men det kan ikkje utelukkast. Derfor er det ikkje urimeleg at kommunen bidrar til rassikringa, seier han.

Arne Nessestrand (t.v.) og Dag Sveinung Åsheim på rasstaden på Votlo, Osterøy

BRATT BYGD: Jordmassane rasa gjennom garasjen og delar av huset midt i biletet.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Regionsjef Brigt Samdal i NVE seier til NRK at dei vil behandla denne søknaden før sommaren, og at dei generelt prioriterer tiltak med låg kostnad og høg nytte.

– Viss NVE seier nei, må kommunen ta heile pakka, meiner Åsheim.

– Fått stempel som ein rasfarleg stad

Ordføraren forstår at folk på Votlo er urolege og utolmodige etter å ha venta på rassikring i eit halvt år.

– Men eg tenker det er ein del av det å bu på Votlo – eller Osterøy, eller Vestlandet – at naturhendingar kan skje, seier Skeidsvoll.

Inge Hansen på Votlo, Osterøy

GANSKE FLATT: – Eg bur på ei av dei flataste tomtene på Votlo, men i dårleg vêr tenker eg likevel på rasfaren, seier Inge Hansen.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Åsheim seier at bygda har fått stempel som ein rasfarleg stad og bu, og at verdien på husa er sterkt redusert.

– Det er ein fortvilande situasjon, anten ein har tenkt å bli buande, eller vurderer å selja og flytta.