Måndag starta samtalar om styrte sluttpakker i TV 2, og i dagane framover vil fleire tilsette bli kalla inn til individuelle samtalar.
Ifølge BT vil mellom 40 og 50 tilsette få beskjed om at dei er overtalige.
– Vi går inn i den mest krevjande veka, seier Henrikke Helland, som er tillitsvald i TV2, til avisa.
Organisasjons- og kommunikasjonsdirektør i TV 2, Sarah Willand, bekreftar ovanfor NRK at alle medarbeidarar som vert råka av den pågåande bemanningsprosessen i løpet av veka vil få tilbakemelding på om dei er bemanna inn i den nye organisasjonen.
– Ingen får oppseiing no
Det var i september i fjor at TV 2 varsla at dei skal spare 350 millionar kroner før 2020. For å lukkast med spareplanen, må 117 årsverk kuttast.
– Målet er å oppnå flest mogleg frivillige løysingar, og vi vil løyse det med den nødvendige respekt, sa TV 2-sjef Olav T. Sandnes den gongen.
Willand seier målet framleis er frivillige løysingar.
– I tett dialog med tillitsvalde har vi difor utarbeida varierte sluttavtalar som legg til rette for både ny stilling og ny tilvære. Ingen vil på noverande tidspunkt få ei oppseiing frå TV 2, seier Willand.
Ho legg ikkje skjul på at dette er dette krevjande dagar for alle som jobbar i kanalen.
– Av omsyn til våre medarbeidarar ønskjer vi ikkje å gi ytterlegare kommentar, seier Willand.
Flest i hovudstaden
Helland vil ikkje presisere kor mange av dei som no er overtalige som jobbar i Bergen, men seier det er fleire overtalige i Oslo, då talet på tilsette i Bergen allereie er redusert ein del.
– I utgangspunktet var det snakk om 50 overtalige, men i dialog med leiinga har klubben klart å redusert talet til godt i underkant av 50, seier Helland til BT.
- Les òg:
Kan bety masseoppseiing
Då fristen for å søke om sluttpakke gjekk ut før jul, hadde langt frå mange nok søkt om sluttpakke. Det førte til at TV 2-leiinga gjennomførte ei større kompetansekartlegging av sine tilsette.
No forsøker altså kanalen med ein siste rundte med styrte sluttpakker.
– Dersom mange takkar nei til styrt sluttpakke, står vi overfor ei reell masseoppseiing, seier Helland til BT.
- Les òg: