Hopp til innhold

– Ikkje Nav sitt bord å synse om sjukepengar

LO er svært kritiske til at Nav foreslår å kutte i sjukepengane.

Peggy Hessen Følsvik

KRITISK: LO-sekretær Peggy Hessen Følsvik trur ikkje at endringar i dagens sjukelønsordning er riktig medisin for å få ned talet på personar som får sjukepengar,

Foto: Poppe, Cornelius / SCANPIX

Som NRK melde i går, etterlyser Nav store endringar i sjukelønsordninga.

Kunnskapsdirektør Yngvar Åsholt meiner at det bør setjast ned eit utval som kan sjå på ordninga, og legg ikkje skjul på at det vil fungere å kutte i sjukepengane. Bakgrunnen er at ein kan få 200.000 kroner meir i året ved å vere sjukemeld i staden for arbeidsledig.

Utspelet får LO til å reagere.

– Det er ikkje Nav sin jobb å kome med slike forslag til endringar, seier LO-sekretær Peggy Hessen Følsvik.

– Politikarane si oppgåve, ikkje Nav

Åsholt i Nav understrekar at dei ikkje har kome med ei offisiell innstilling til kva dei meiner bør gjerast med sjukelønsordninga. Han trur likevel det er svært uheldig dersom det går to år utan at endringar blir vurdert - og peikar sterkt mot reduksjon i sjukepengane.

– Det overraskar oss at det kjem denne type meldingar frå forvaltningsnivået om ei sak som er veldig godt forankra politisk. Vi har ein avtale om sjukelønsordninga som går til 2018, og som vi ikkje oppfattar at det er noko politisk usemje om no, seier Følsvik i LO.

– Vi meiner det blir feil at Nav legg seg opp i ein politisk debatt.

Yngvar Åsholt

ETTERLYSER DEBATT: Yngvar Åsholt, kunnskapsdirektør i Nav, meiner det må setjast i gang eit felles arbeid, gjennom for eksempel et NOU-utval, et ekspertutval eller et partssammensatt utval.

Foto: NAV

Meiner dagens ordning er god

– Vi står fullt og fast på at sjukelønsordninga vi har er god, og vi kjem til å kjempe for å behalde denne, seier Følsvik.

– Men når Nav no peikar på at ein får 200.000 kroner meir i året ved å vere sjukemeldt enn ved å vere arbeidsledig, er det ikkje grunn til å revurdere ordninga då?

– Nei. Då antydar Nav at her er det nokon som misbruker ordninga, og det er noko heilt anna. Då får Nav gå inn og sjå på kva måte dei kan stoppe eit slikt misbruk. Det handlar ikkje om at ordningane bør endrast.

Arbeidsminister Anniken Hauglie meiner at det er heilt uproblematisk at Nav kjem med innspel, fordi dette er eit område dei kan mykje om. Hauglie står likevel framleis fast på at dagens ordning ikkje skal endrast no.

Anniken Hauglie

– UPROBLEMATISK: Arbeidsminister Anniken Hauglie meiner det er greitt at Nav seier kva dei meiner om sjukelønsordninga.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Sjukelønsordninga ligg fast, så vi kjem ikkje til å foreslå endringar i ordninga no, seier Hauglie til NRK.

Støttar Nav

Interesseorganisasjonen Bedriftsforbundet rosar Nav for å løfte fram debatten om sjukeløn. Dei meiner ordninga bør ut av avtalen om inkluderande arbeidsliv (IA-avtalen, ekstern lenke).

– Spørsmålet om sjukeløn burde i staden bli behandla av Stortinget. Det har komme mange tiltak for oppfølging av sjukemelde, men vi får ikkje ned fråværet tilstrekkeleg fordi vi ikkje har redusert kompensasjonen i sjukelønsordninga, seier administrerande direktør i Bedriftsforbundet, Olaf Thommessen.

Olaf Thommessen

SKRYT AV NAV: Administrerende direktør i Bedriftsforbundet, Olaf Thommessen, meiner det er modig av Nav å ta opp temaet.

Foto: Arild Sandsvik / NRK

Forbundet meiner partane «på bakrommet»​ har blitt einige om å vidareføre dagens ordning.

– Dersom partane ikkje har til hensikt å gjere endringar i dagens ordning ved neste forhandling i 2018, bør spørsmålet om sjukeløn bli tatt ut av IA-avtalen, seier Thommessen.