Hopp til innhold

– Folk er framleis redde for å reisa ut i Nordsjøen

TURØY (NRK): John Sekkingstad mista ein fetter i helikopterstyrten ved Turøy. Han fortel om oljearbeidarar som ikkje stolar på helikoptertryggleiken.

John Sekkingstad

AUGEVITNE: John Sekkingstad var augevitne til helikopterstyrten ved Turøy i april i år, der 13 menneske omkom.

Foto: May Helen Rolfsnes / NRK

– Eg kjenner fleire som jobbar i Nordsjøen, og nokre har ikkje vore ute igjen sidan ulukka. Det å ikkje stola på tryggleiken er ei stor belastning for nordsjøarbeidarane, og det må det vera eit veldig fokus på, krev John Sekkingstad.

Han var augevitne til helikopterstyrten ved Turøy i april i år, der 13 menneske omkom. Etter kort tid fekk Sekkingstad vita at fetteren hans, Odd Geir Turøy, sat om bord i helikopteret.

I dag la Statoil fram sin granskingsrapport av helikopterulukka, som er den mest alvorlege på norsk sokkel sidan 1997.

Ulykkeshelikopteret Turøy i lufta ein måned før ulykken

STYRT: Ulukkeshelikopteret tek av frå Flesland, 7. april 2016. Nokre veker seinare styrtar det ved Turøy. 13 menneske mistar livet.

Foto: Erik Westrum

– Fokuset må vera kvalitet

I rapporten trekk Statoil fram at det i bransjen er ei uro for at økonomisk press råkar helikoptertryggleiken.

I granskinga har Statoil vore i kontakt med fleire leverandørar som er uroa over vedlikehaldet. Spørsmål som går igjen er «kor langt kan strikken strekkast?».

John Sekkingstad seier ein må vera naiv for å ikkje sjå samanhengen mellom dårleg økonomi og tryggleik.

– Det må bli meir fokus på at kvaliteten på tenestene som blir levert er viktigast, og ikkje kva det kostar. Skal ein få tiltru til tryggleiken, må det byggast og haldast ved like grundigare, meiner Sekkingstad.

Heving av helikoptervrak på Turøy

Helikoptervraket blir heva av redningsarbeidarar.

Foto: Torstein Bøe / NTB scanpix

Etterlyser tydelegare svar

Svein Kjetil Lode Svendsen

Svein Kjetil Lode Svendsen, bistandsadvokat for åtte familiar etter Turøy-ulukka.

Foto: Advokatfirmaet Meling & Sjødin

Mykje av uroa i bransjen går på vedlikehaldet.

Særleg reservekapasitet og det som i bransjen vert kalla for kannibalisering, der ein tek reservedelar frå andre helikopter under vedlikehald, for å unngå forseinkingar og dagbøter.

Svein Kjetil Lode Svendsen er advokat for åtte familiar som mista ein av sine i den tragiske styrten. Han seier dei pårørande framleis manglar svar på det viktigaste.

– Dei vil først og fremst vita kvifor helikopteret styrta. Det svaret fekk dei ikkje i dag, seier bistandsadvokaten til NRK.

Han etterlyser eit tydelegare svar på kva Statoil legg vekt på når dei vel leverandør av helikoptertransport.

– Statoil seier dei held seg til minstekrava, men rapporten svarar ikkje på om Statoil vel vekk tryggleik på kostnad av økonomi. Det er framleis eit ope spørsmål, seier Lode Svendsen til NRK.

– Statoil har også eit ansvar

Fjell-ordførar Marianne Sandahl Bjorøy meiner Statoil også må sjå på seg sjølv.

– Statoil har eit ansvar for å ikkje presse prisane, slik at det går på tryggleiken laus. Eg har fått tilbakemeldingar frå leverandørar i heile bransjen, som seier prisane er så pressa at det går ned på grunnfjellet av det dei driv med.

– Det er ingen marginar lenger. Då er det veldig lett å lempe på krava i forhold til HMS og tryggleik. Statoil må vera medvitne og klar over den samanhengen, presiserer Sandahl Bjorøy.

Marianne Bjorøy

Marianne Sandahl Bjorøy (Ap) er ordførar i Fjell kommune.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK