Hopp til innhold

– Eg er livredd kvar gong eg står på scena

Malin Nesvoll reiser Noreg på langs for å halde føredrag om prestasjonsangst. Vel vitande om at eit angstanfall kan førekomme når som helst.

Malin Nesvoll heldt torsdag føredrag for elevane ved Olsvikåsen VGS om prestasjonsangst.

VEL BLÅST: Malin Nesvoll heldt torsdag føredrag for elevane ved Olsvikåsen VGS om prestasjonsangst.

Foto: Vilde Ulsten / NRK

For to år sidan vart Nesvoll kjent gjennom NRK-serien «Jeg mot meg» der ho dokumenterte korleis det er å leve hand i hand med angsten. Ho ville vise den ærlege versjonen av seg sjølv, utan filter.

Torsdag denne veka stod ho framfor elevar ved Olsvikåsen vidaregåande skule i Bergen. Med foredraget «Jeg er: Malin» reiser ho rundt i Noreg og fortel om sitt liv med angst.

Til trass for at angsten kan melde seg når som helst.

– Eg er livredd kvar gong eg står på scena. Eg kan få eit angstanfall, og då er det verst tenkelege at eg svimar av. Men samstundes er ikkje det så ille, eg overlever jo, og publikum får sett det direkte! seier ho like før nervane treffer inn.

STERKT OPPMØTE: Dei fleste elevane og tilsette møtte opp til føredraget «Jeg er: Malin».

STERKT OPPMØTE: Dei fleste elevane og tilsette møtte opp til føredraget «Jeg er: Malin».

Foto: Vilde Ulsten / NRK

Å leve av å dele

I desse dagar jobbar Nesvoll fulltid med sosiale medium, der ho deler både opp- og nedturar frå kvardagen sin via kanalar som Snapchat, Instagram og Youtube.

– Før eg melde meg på tenkte eg mykje over at eg faktisk blottlegg meg sjølv for heile Noreg, men samstundes bryr eg meg ikkje om at andre veit om mine djupaste kjensler – alle har jo litt angst iblant, seier ho engasjert.

Nesvoll er forkjempar for å få meir fokus på psykisk helse inn i skulen. Ifølgje Folkehelseinstituttet (2014) har 15–20 prosent barn og unge mellom tre og 18 år nedsett funksjon som følgje av til dømes angst og depresjon.

Då ho gjekk på skulen, følte ho at fokus på psykisk helse ikkje vart prioritert. Ho ønskjer psykologi inn i skulen som obligatorisk fag, eller som del av eit allereie eksisterande fag, som naturfag.

– Vi berre droppa den delen av kroppen på ein måte, det var liksom ikkje så viktig. Eg føler eg kan meir om stortåa mi enn om kva som skjer i hovudet mitt. Det er ikkje riktig.

F.V: Julia Paulsen, Martine Børsheim og Julia Paulsen (17).

INITIATIVTAKARANE: Julia Paulsen (f.v.), Martine Børsheim og Malene Ramberg (17) er nokon av dei som ønskja å få Malin Nesvoll til å halde føredrag på skulen deira.

Foto: Vilde Ulsten / NRK

– Eit ønskje frå elevane

Det var elevane Malene Ramberg, Martine Børsheim og Julia Paulsen (alle 17 år) som tok initiativ til å få foredraget til skulen. Dei er samde i at temaet må meir inn i skulen.

– Sjølv om ein gjerne ikkje har personleg erfaring med psykiske lidingar, meiner eg det er viktig å kunne setja seg inn i, og forstå, korleis det er å slite med til dømes angst, seier Martine (17).

Læraren til jentene, Hanne Lohne Dahle, ser òg behovet for eit større fokus på psykisk helse i skulekvardagen.

– Med tanke på at dette føredraget var eit ønskje som kom frå elevane, er det nok eit tydeleg behov for å lære meir om dette, presiserer ho.

FØREBILETE: Etter føredraget vart Malin møtt av mange unge som ville gje ho ein klem og ta selfies.

FØREBILETE FOR UNGE: Etter føredraget vart Malin møtt av mange unge som ville gje ho ein klem og ta bilete saman med ho.

Foto: Vilde Ulsten / NRK