Hopp til innhold

– NRK-dokumentaren var ein augeopnar

Politiet meiner hallikdommen mot ein 41 år gammal rumenar stadfestar bilete Brennpunkt- dokumentaren «Lykkelandet» teikna av det kriminelle nettverket i Bergen.

Rumenere tiltalt for hallikvirksomhet i Bergen

PÅGRIPEN I STORAKSJON: 41-åringen heilt til høgre er dømd til fengsel i 7 månadar blant anna for hallikverksemd.

Foto: Privat

– Rettssaka dokumenterer på ein bra måte kor godt organisert det rumenske prostitusjonsmiljøet har vore i Bergen, også knytt opp mot tiggarmiljøet og tjuveriverksemd, seier politiadvokat Rudolf Christoffersen.

Den no dømde 41-åringen vedgjekk at han i 2014 og 2015 samla inn pengar på vegner av den antekne hovudmannen (38), som reiste heim att til Romania etter å ha vore varetektsfengsla i Noreg i omkring eitt år.

41-åringen som stilte i retten i Bergen nekta for kjennskap til at pengane stamma frå prostitusjon.

– Eg trudde pengane var lån, og slutta å samla inn pengane då eg forstod kva det dreidde seg om, sa mannen då saka gjekk for Bergen tingrett i starten av januar.

Retten festa ikkje lit til mannen si forklaring.

– Straffenivået i halliksaker er for lågt

I retten la aktor Rudolf Christoffersen fram ei rekke bevis som sette 41-åringen i samband med rumenske kvinner som prostituerte seg i Bergen.

Rudolf Christoffersen

BLEI OPPLYST: – Det er ingen tvil om at dokumentaren var ein augeopnar for veldig mange, seier politiadvokat Rudolf Christoffersen.

Foto: Halvor Folgerø / NRK

«Retten finner det også helt usannsynlig at tiltalte skulle trodd at pengene refererte seg til betaling for å tigge (...) De innkrevde beløps størrelse tilsier også at det er urealistisk at disse gjaldt betaling for tigging».

– Vi er sjølvsagt nøgd med at vi fekk gjennomslag for den straffepåstanden vi meinte var riktig i denne saka. Men eg meiner straffenivået i halliksaker generelt er for lågt i Noreg, seier Christoffersen.

Han meiner straffa kjennest mild når ein dømt bakmann, som har tent store pengar på å organisera prostituerte, berre får sju månaders straff.

– Han er funne skuldig i å ha samla inn gatepengar frå jenter som prostituerer seg. Dei har betalt han 4000 kroner i månaden for å få lov til å stå på gata. Då kjennest straffa veldig låg, meiner han.

Lykkelandet

I Brennpunkt- dokumentaren Lykkelandet, som blei vist på NRK i april 2017, blei det trekt parallellar mellom tiggarmiljøet og prostitusjonsmiljøet i Bergen. Brennpunkt fylgde eit større rumensk miljø i over eit år, og sette mellom anna bankkorttjuveri i forbindelse med det same miljøet.

Sjå Brennpunkt-dokumentaren Lykkelandet her:

Med kopp i hånden sitter de på gaten. Hvem er disse menneskene og hva lever de av? Brennpunkt har fulgt tiggermiljøet i Bergen i nesten to år, med skjult kamera og spaning. Bli med til Lykkelandet. Du tror knapt det du får se.

– NO ER DET BEVIST: – Retten har funne mange av dei same forholda som blei godt dokumentert i NRK-dokumentaren, seier politiadvokat Rudolf Christoffersen.

Rikke Slaatten Nordal, som var tiltaksleiar i Kirkens Bymisjon fortel i dokumentaren kor vanskeleg det var blitt å få kontakt med dei rumenske prostituerte. Vanskelegare enn då nigerianske prostituerte var i fleirtal.

– Vi tenkjer det handlar om at desse blir meir passa av bakmenn, og at det blir halde kontroll på kven dei snakkar med. Vi ser at folk kjenner kvarandre, så vi trur mykje er organisert og at dei høyrer til same miljø, seier ho i dokumentaren.

Politiadvokat Rudolf Christoffersen seier dokumentaren var ein «augeopnar» for politiet, og stadfestar at politiet fylgde fleire direkte spor frå miljøet som blei dokumentert av Brennpunkt.

– Det er ingen tvil om at den dokumentaren var ein augeopnar for veldig mange. Politiet hadde ein del informasjon om dette rumenske nettverket, men måten NRK kartla og dokumenterte miljøet, var også nye opplysingar for politiet, seier Christoffersen.

– Retten har funne bevist mange av dei same forholda som blei godt dokumentert i NRK-dokumentaren, seier Christoffersen.