E16 i Vaksdal er lysregulert på dagtid og stengt på nattetid, fordi det framleis er fare for ras på strekninga.
Men denne helga stenger omkøyringsveg fylkesveg 7 ved Lussand i Granvin, på grunn av sprengingsarbeid mellom klokka 15 laurdag og klokka 16 søndag.
Statens vegvesen har difor bestemt at E16 ikkje blir stengt natt til søndag.
– 70 prosent sjanse for at det går bra
– Me skal prøve å halde ope på E16 i natt, sjølvsagt med vakter. I nokre timar blir det så mørkt at me ikkje klarar å halde kontroll på fjellsida. Då må me styrke vakthaldet med å prøve å lytte etter ras. Det er ikkje lett, men det er den vurderinga me har tatt, seier byggeleiar i Statens vegvesen, Bente Bergstø.
– Har geologen vurdert det som forsvarleg å opne der i natt?
– Geologane seier det er 30 prosent sjanse for at det ikkje går bra, 70 prosent sjanse for at deg går heilt bra. Ein veit aldri heilt sikkert. Geologen har gitt oss ei vurdering på at det er me som må konkludere, seier Bergstø.
Avgjersla er tatt av byggeleiinga i Statens vegvesen i samråd med geolog og driftsentreprenør. Vegen held stengt som vanleg, natt til måndag.
LES OGSÅ:
|– Eit val mellom pest og kolera
Statens vegvesen meiner faren på E16 no er minkande, mellom anna fordi det er lenge sidan det har rasa. Dei vil ta ei ny vurdering i området måndag, men området vert framleis vurdert som rasfarleg.
– Når det er rasfarleg, korleis kan ein då forsvare å opne E16 når det er mørkt?
– Det er eit godt spørsmål. Men det er valet mellom pest og kolera, kva skal ein gjere? Hadde me ikkje gjort dette, hadde det blitt heilt stengt. Me har vurdert det slik at det er veldig lite trafikk midt på natta. Det vil vere to–tre timar då me ikkje har oversikt i fjellsida, seier byggeleiaren.
– Det er ikkje for stor rasfare til å opne i natt, men i morgon kveld er det rasfarleg igjen?
– Ja, men det har synt seg at natt til laurdag er natta det er minst trafikk på denne strekninga. Me har valt den dagen då det er minst trafikk på E16. Og det er berre nokre timar me ikkje har oversikt.
– Kva viss det går ras på E16 i natt?
– Då blir vegen stengt.
LES OGSÅ: