Hopp til innhold

Nederlendarar prøver å kryssa Skandinavia med bilar til 4500 kroner

BERGEN (NRK): Billøpet «Carbage Run» fører nederlendarar på tur gjennom Skandinavia i slitne bilar. Onsdag gjekk turen frå Bergen til Hamar.

Køyrer slitne bilar i løpet "Carbage Run".

KU PÅ TAKET: Den noko spesielle bilen "No worries" fekk mykje merksemd i Bergen i dag.

– Så langt har me høyrt om tre bilar som har blitt øydelagt. Dei kan ikkje fullføra turen, og må nok reisa heim, seier nederlandske Jetske Nijland.

Nijland er på tur i ein av dei 300 nederlandske bilane som har vekt merksemd på norske vegar dei siste dagane. Dei slitne bilane, som må vera minst 19 år gamle, deltar i løpet «Carbage Run».

Marknadsverdien på køyretøya kan ikkje overstiga 500 euro, og det populære løpet handlar ikkje om å komma først fram, men å i det heile tatt komma fram.

Dette årets «Carbage Run» starta i København, og derifrå gjekk turen til Oslo og Bergen. I dag køyrer nederlendarane frå Bergen til Hamar.

– Det var ein tøff tur over fjellet til Bergen. Det var litt glatt, men ein veldig kjekk tur. Landskapet var så fint!

Carbage Run-deltakarar

MASKOT: Elgen Barney er maskoten vår, fortel Jetske Nijland (til høgre).

Foto: Anders Tesdal Galtung / NRK

Fire venner og ein elg

Jetske Nijland er med på bilen «De Vier Vrienden en Barney». Ho fortel at mange bilar må innom reparasjon under løpet, men at dei fleste kjem seg på vegen igjen.

Som om det å halda bilane gåande ikkje er utfordrande nok, så må deltakarane løysa diverse oppdrag på vegen.

– I dag må me finna nederlandske treskøyter, som me sikkert skal bruka i Vikingskipet. I tillegg må me få med oss ein nordmann over mållinja i Hamar, seier Nijland.

Ho reknar med at den kommande etappen vil ta minst sju timar, men fortel at ho vil velja ei rute som tar to og ein halv time lenger.

– Me gjer det for moro skyld. Me er jo ute på eventyr.

Ku på taket

Arjen Anema er med på bilen «No Worries», og han fortel at det beste med bilen deira er graset på panseret og kua på taket.

Ku på biltak

NO WORRIES: Bilen til Arjen Anema i all sin prakt.

Foto: Sigurd Hamre / NRK

– Ein av sponsorane våre sa: visst dokker vil ha ein original bil, så bør dokker putta ei ku på toppen. Me gjorde det, og er stolte over kua vår. Me håper å vinna prisen for mest originale bil.

Anema fortel at dei har laga eit stort horn til kua, sånn at den kan rauta. Han seier at folk smiler og ler når dei ser og høyrer kua. Når han fortel dette kjem ein skuleklasse forbi, og dei bekreftar påstanden.

– Er det Carbage Run?, spør ein entusiastisk gut.

– Ja, og me er seint ute, så me må komma oss av garde no, seier Anema før kua køyrer rautande av garde.

Deltakar på Carbage Run

OMBYGD SIDEVOGN: Denne deltakaren er på bilen "Bad Boys", som har ein ombygd motorsykkel-sidevogn på taket.

Foto: Anders Tesdal Galtung / NRK