283.700 liter olje forsvann ut i naturen etter fregatthavariet

NORDRE SANDVIKA (NRK): Oljeforureininga kan ha tilgrisa opp mot 200 sjøfugl. Likevel blir miljøkonsekvensane av fregattkollisjonen omtalt som små.

KNM Helge Ingstad

MARIN DIESEL: Nye utrekningar frå Kystverket viser at KNM «Helge Ingstad» lak 283,7 kubikkmeter med olje etter forliset ved Stureterminalen i Øygarden. Det aller meste marin diesel.

Foto: Kystverket

Sjefsforskar Jarle Klungsøyr i Havforskingsinstituttet går i land i bukta i Hjeltefjorden.

I fleire månadar låg KNM «Helge Ingstad» i fjøresteinane her, etter å ha kollidert med tankskipet «Sola TS».

Heile tida lak det dieselolje frå havaristen. Nordre Sandvika er av områda som har vore hardast råka. På synfaringar tidlegare i vår har Kystverket, som leia oljevernaksjonen, kjent sterk oljelukt. Olje har pipla opp frå underlaget.

– No ser det ut som ei vanleg vik, relativt upåverka av det som har skjedd, konstaterer Klungsøyr nøgd etter eit kjapt overblikk.

Sjefsforskar Jarle Klungsøyr i Havforskningsinstituttet i Nordre Sandvika

NØGD: Sjefsforskar Jarle Klungsøyr i Havforskingsinstituttet i Nordre Sandvika, bukta som vart hardast råka av forliset.. Han skal samanfatte alle rapportar og prøvar frå naturområdet, og konklusjonen er godt nytt.

Foto: Jon Bolstad / NRK

283.700 liter olje lak ut

Etter å ha samla alle prøveresultat og synfaringar, ferdigstiller Havforskingsinstituttet i desse dagar den endelege rapporten om konsekvensane for miljøet etter fregattkollisjonen.

NRK har fått presentert hovudfunna:

  • 283.700 liter olje, det aller meste marin diesel frå fregatten, har leke ut i sjøen: Totalt var det 500 kubikkmeter med olje om bord i fregatten, der 460 kubikkmeter var marin diesel. Forsvaret naudlossa 143 kubikkmeter før slepet til Hanøytangen, før dei tok ut fem kubikkmeter til etter at skipet vart sett på land. Kystverket har totalt tatt opp 68,3 kubikkmeter olje og levert til avfallsselskapet IBKA.
  • Ein god del isoporkuler ligg att i naturen ved havaristaden: Dette er spor etter lensene som vart lagde ut. Ein lensetype har anten skum eller isopor for å samle opp forureininga. «Det må ryddes ytterligere i dette området. Det er beitende dyr i området som kan få isopor i seg», slår Kystverket fast i sin siste synfaringsrapport.

Likevel omtalar Havforskingsinstituttet miljøkonsekvensane som små.

– Årsaka er at forureininga har skjedd over fleire månadar og over eit stort område. Dieseloljen er eit produkt som fordampar og forsvinn ganske raskt, forklarar Klungsøyr.

Olje pipler ut av underlaget i Nordre Sandvika

OLJE: Det pipla olje opp frå underlaget då Kystverket var på synfaring i mars. I april var det litt mindre og mai var det ikkje synleg lenger då Havforskingsinstituttet var på staden.

Foto: Kystverket

Opp mot 200 sjøfugl tilgrisa av olje

Statens naturoppsyn fekk i oppdrag av Kystverket å kartlegge konsekvensane for sjøfugl.

I eit utdrag frå ein kommande rapport skriv Kystverket at «utslippet har hatt negativ lokal miljøbelastning for sjøfugl og blåskjell, men grunnet fortynningen i vannmassene er den påviste miljøskaden begrenset».

Likevel har dei registrert mellom 50 og 200 sjøfugl som dei trur er tilgrisa av oljeforureininga. Det gjeld hovudsakleg gråmåker, ærfugl og siland.

– Det må likevel karakteriserast som lite, då det ikkje er snakk om ein tung oljetype som råolje. Alt i alt er dette veldig bra, sett frå ein miljøståstad, summerer Klungsøyr.

Ingen av fuglane måtte avlivast, opplyser Kystverket.

Han minner om kor uendeleg mykje verre det kunne gått. Oljetankaren hadde 625.000 fat råolje om bord.

– Hadde tankaren mista lasta, hadde det gitt ein katastrofe av dimensjonar vi ikkje har hatt i Noreg før. Fjorden hadde blitt kraftig forureina og også kysten nordover. Vi skal vere veldig glade for at det ikkje skjedde.

Dronebilde av havaristad i Øygarden for KNM Helge Ingstad

REINT: Forsvaret har heva KNM «Helge Ingstad» og rydda i området ved havaristaden. Havforskingsinstituttet meiner konsekvensane for naturen har vore små. Dei har vore på befaringen på begge sider av Hjeltefjorden og ikkje funne naturområde forureina av olje.

Foto: Alrik Velsvik / NRK

Takkar innsatsen

Hjeltefjorden er eit av Noregs mest trafikkerte sjøområde. Øygarden-ordførar Børge Haugetun frykta det verste då det small i november i fjor.

Konklusjonane frå Havforskingsinstituttet gjer at lokalsamfunnet kan pusta letta ut.

– Vi må hugse på at kollisjonen kunne ført til tap av menneskeliv og ein brutal oljekatastrofe. I det perspektivet skal vi vere svært godt nøgde.

Haugetun takkar dei fleire hundre personane som har bidrege i aksjonen.

– Det har vore eit godt samarbeid mellom Kystverket, Sjøforsvaret, Equinor, IUA og lokale brannmannskap. Vi har lært mykje av det siste halve året og sett at samarbeidet har fungert bra. Det gjer oss godt budde på om nok eit uhell skulle skje.

To ganger passerte tankskipet «Sola TS» og KNM «Roald Amundsen» da ulykkesseilasen ble gjenskapt.

REKONSTRUKSJON: Politiet og Havarikommisjonen rekonstruerte kollisjonen i Hjeltefjorden natt til 2. april.