Hopp til innhold

10.000 nordmenn kan ha demenssjukdom som sjeldan blir oppdaga

Ny forsking viser at nordmenn som vert ramma av alvorleg demenssjukdom kan få rett diagnose tidlegare.

På sykehjem

10.000 KAN VERA RAMMA: Opp til 10.000 personar i Noreg kan vera ramma av den alvorlege sjukdommen demens med Lewy-legemer.

Foto: Illustrasjonsfoto: Colourbox

Såkalla demens med Lewy-legemer er ein alvorleg form for demens som kjem av samlingar av protein i hjernen. Sjukdommen har mange likskapstrekk med Alzheimers, men utviklar seg raskare og gir kortare levetid.

Nøyaktig kor mange som lever med sjukdommen i Noreg er ukjend, men det blir anslått at rundt ti prosent av demenspasientar her i landet har denne typen demens.

Det kan bety mellom 8000 og 10.000 personar.

No viser ny forsking at sjukdommen kan bli oppdaga tidlegare om det vert leita spesifikt etter symptom medan pasienten er i live.

Ragnhild Eide Skogseth

DEMENSFORSKING: Forskar og legespesialist Ragnhild Eide Skogseth ved Haraldsplass Diakonale Sykehus.

Foto: Ingrid Færøyvik / Haraldsplass Diakonale Sykehus

Mogleg å avsløra sjukdommen

Funna er gjort i ei fersk doktorgradsavhandling ved Universitet i Bergen.

I studien har forskarane følgt 56 pasientar på Vestlandet for å finna ut om det er mogleg å avsløra sjukdommen på eit tidlegare stadium.

– Resultatet frå forskinga viser at vi finn desse pasientane når vi berre ser etter dei. Riktig diagnose er viktig for å gje riktig behandling, og for å vareta pasientar og pårørande gjennom ein tøff sjukdomsgang, seier forskar og lege i spesialisering, Ragnhild Eide Skogseth, ved Haraldsplass Diakonale Sykehus.

Dei vanlegaste symptoma på sjukdommen er å bli stiv, ha langsame bevegelsar og skjelving. Mange får også synshallusinasjonar og søvnforstyrring som gjer at dei beveger seg i søvne.

Facebook Years Most Popular Robin Williams

HADDE DEMENS: Skodespelar Robin Williams (63) hadde den sjeldne demens-sjukdommen då han tok livet sitt i 2014.

Foto: Reed Saxon / Ap

Williams hadde sjukdommen

Dei fleste som vert råka av sjukdommen er mellom 70 og 80 år. Forskarane veit likevel lite om kvifor den enkelte blir ramma, utover at genane truleg spelar inn.

– Forhåpentlegvis vil vi klara å knekka denne koden i åra framover, seier Skogseth.

Den amerikanske skodespelaren og stand up-komikaren Robin Williams tok sitt eige liv i 2014, men tre månadar etter kom det fram at han hadde demens med Lewy-legemer.

– Først etter at Williams vart obdusert, fann dei ut at han hadde demens med Lewy-legemer. Sjølv fekk han aldri vita kva han var ramma av. Om vi leiter, så finn vi det ut, men vi må leita, seier Skogseth.

Liv Anita Brekke

VIL HA DIAGNOSAR: Demensrådgjevar Liv Anita Brekke i Nasjonalforeininga for folkehelsa.

Foto: KARINA KAUPANG JØRGENSEN / NRK

– Viktig med rett diagnose

Demensrådgjevar Liv Anita Brekke i Nasjonalforeininga for folkehelsa meiner det er viktig å koma fram til ein korrekt demensdiagnose.

Foreininga får med jamne mellomrom førespurnader frå pårørande som lurer på om eit familiemedlem kan vera ramma av denne forma for demens.

– Då må alle symptom på bordet, også dei som er annleis. Det er og viktig at fastlegar og spesialisthelsetenesta tenker i desse banar, seier Brekke.