NRK Meny
Normal

Her er Vinmonopolet stengd på nyttårsaftan – som einaste stad i landet

Nesten alle Vinmonopola i Noreg held for første gong ope på nyttårsaftan i år. Unntaket er på Dokka – der hadde ikkje lokalpolitikarane endra eit gammalt kommunevedtak i tide.

Vinmonopolet på Dokka

På Dokka blir det stengde dører på Vinmonopolet på nyttårsaftan.

Foto: Stig Westre / NRK

I Noreg finst det 315 vinmonopol, og i år får 314 av dei ha opent på nyttårsaftan. Vinmonopol har dei også i Nordre Land, men på årets siste dag held polet i Dokka sentrum stengd.

– Vi vart klar over det her like før jul, seier ordføraren i kommunen, Ola Tore Dokken.

Solberg-regjeringa endra alkohollova i 2014. På grunn av tariffavtalar og kommunale lovar har det likevel ikkje vore mogleg for pola å halde ope på dagar før helgedagar før no.

Men i Nordre Land har ikkje retningslinjene vorte endra og polet haldast stengt på den siste dagen i året.

– Det er eit vedtak som er gjort i kommunen for nokre år sidan som heng att, seier Dokken.

Vedtaket gjer at Vinmonopolet på Dokka må halde stengt julaftan, nyttårsaftan og påskeaftan.

– Vedtaket må behandlast politisk og det er ikkje mogleg å få til før nyttårsaftan i år, seier Dokken.

Kommunane bestemmer

Kommunikasjonsdirektør i Vinmonopolet, Halvor Bing Lorentzen seier at det ikkje er ofte kommunar vel strengare regler enn alkohollova.

– Alkohollova sett rammer for opningstid, kommunane kan ha strengare opningstider viss dei ønsker det, seier Bing Lorentzen.

Vinmonopolet

Kundane må handle polvarene til nyttårsaftan tidlegare enn andre stader i landet.

Foto: Stig Westre / NRK

Etter at alkohollova opna for at Vinmonopolet kan selje på nyttårsaftan, sende dei eit brev ut til alle kommunar med pol. Alle kommunane har godteke endringane, med unntak av Nordre Land.

– Det finst nokre stader kor kommunar har endra opningstidene, men det er sjeldan kommunane vel strengare reglar enn alkohollova, seier Bing Lorentzen.

Vil endre

Ordføraren seier at dette vil dei ta opp på første møte etter nyttår.

– Når det berre er Vinmonopolet på Dokka som må halde stengt, så er det ingen grunn til at vi skal stå på det. Så vi vil ta opp det her som ein sak i første møte i formannsskapet etter nyttår, seier Dokken til NRK.

Dokken håper folk i Nordre Land får ei fin nyttårsfeiring sjølv om polet held stengt.