Hopp til innhold

Svindla familien for 10,5 millionar – slik blei millionsvindelen mogleg

Familien blei svindla for millionar. Manglande oversikt over gjeld kan vera årsak.

Forbruksgjeld og kredittkort

STORT LÅNEBEDRAGERI: Ein mann frå Finnmark skal ha svindla sine næraste for nærmare 10,5 millionar kroner. Mannen lånte pengar i ulike familiemedlemmar sine namn gjennom fleire år før svindelen blei oppdaga.

Foto: Jon Olav Nesvold / Scanpix

– Eg trur ikkje denne saka hadde blitt så omfangsrik, hadde me hatt eit gjeldsregister frå 2016. Då hadde det ikkje vore mogleg å teke opp lån med så tette mellomrom, seier politiadvokat Thomas Darell.

NRK har tidlegare omtalt lånebedragerisaka. Ein mann frå Finnmark skal ha svindla sine næraste for oppunder svimlande 10,5 millionar kroner. Mannen lånte pengar i ulike familiemedlemmar sine namn gjennom fleire år før bedrageriet blei oppdaga.

Ifylgje politiadvokat Thomas Darell oppstod dei fyrste meldingane om lånebedrageri våren 2016. Vidare har det jamt og trutt kome meldingar om bedrageri i 2017 og 2018.

– I lokale forhold er dette ei kjempestor sak, både i beløp og talet på brot. Det er over 100 brot. Det er veldig spesielt og sjeldan, seier Darell.

Politiadvokat Thomas Darell

SJELDAN SAK: Politiadvokat Thomas Darell seier at lånebedragerisaka er spesiell og sjeldan. Det er snakk om over 100 brot.

Foto: Allan Klo / NRK

Manglande kommunikasjon

Politiadvokaten seier at saka blei avdekka ved at den nære familien til den tiltala fekk pågang frå bankar om krav om tilbakebetaling av lån. Låna blei tekne opp i namna til dei næraste i familien.

For å stoppa innkrevjing frå bankane så måtte familien melda mannen til politiet. I etterkant har bankane vore i dialog med politiet og meld forholda direkte til dei.

– Korleis er det mogleg å svindla for så store summar, utan at det blir oppdaga og stoppa?

– Eg trur det har med manglande gjeldsregister å gjera, seier Darell.

Låna det er snakk om her er forbrukslån utan noko form for sikkerheit. Ved slike lån er det ikkje dialog mellom bankar om kva personen allereie skuldar.

Når ein då tek opp mange lån i ulike bankar på kort tid, så er det ikkje nokon som har oversikt over kva du skulder andre.

Norske myndigheiter har jobba i fem år for å få på plass eit gjeldsregister i Noreg, og dette skal etter planen tre i kraft 1. juli.

– Vanskeleg å avdekka

Forbrukarøkonom i Sparebank 1, Magne Gundersen, er sett av mange i programmet Luksusfellen. Han er einig med politiadvokaten.

– Eit gjeldsregister ville heilt sikkert avslørt ein slik type svindel mykje tidlegare enn det som har skjedd her, seier Gundersen.

Når du søker om forbrukslån og kreditt til kredittkort i dag, så har bankane tilgang til den siste sjølvmeldinga di. Den blir berre oppdatert ein gong i året.

Mange lån i ulike bankar med korte mellomrom gjer det difor vanskeleg å avdekka denne type svindel.

Dersom du gir falsk informasjon og seier at du ikkje har gjeld, når du kanskje har mykje, så kan banken bli lurt og svindla. Eit gjeldsregister vil gjera det mogleg å avverja dette i dag.

Denne veka la Finanstilsynet ut den ferske rapporten sin «Finansielt utsyn». Dei håpar at gjeldsregisteret som kjem i juli vil gi betre kredittvurderingar og førebyggja gjeldsproblem.

Finanstilsynet melder at forbrukslånsbankar har overvurdert kundanes betalingsevne og aktivt tilbode kundane høgare lån enn dei søkte om.

Magne Gundersen

PASS PÅ: Forbrukarøkonom Magne Gundersen åtvarar mot å gi frå seg kodar og tilgang til BankID.

Foto: Tommy Normann

Ikkje gi familie tilgang

Den svindeltiltala finnmarksmannen er også sikta for fleire ID-tjuveri.

Ifylgje Magne Gundersen kan ID-tjuveri føregå på ulike måtar. Informasjonen kan bli stolen, familiemedlemmar kan bli lurt til å gi frå seg pinkodar og tilgang til BankID, eller svindlaren kan få tak i nedskrivne kodar.

– Her er det mange taparar. Det er fort bankar og kortselskap som ikkje får pengane sine igjen. Det er familiemedlemmar som risikerer å bli sitjande med lån dei aldri har teke opp. I tillegg til mannen sjølv som til slutt sit med heile ansvaret.

Å sikra seg hundre prosent for ID-tjuveri er vanskeleg, for svindlarar klarer å få tak i ulovleg informasjon.

Gundersen seier at det er viktig at folk fylgjer med på post og bankkontoane sine og reagerer om dei ser noko uvanleg.

Får du mistanke er det viktig å sperra kort og kontoar snarast ved å gi melding til banken din og kortselskapa.

Pengane kan vera tapt

Politiet kommenterer at dei ikkje har klart å sikra pengane i lånebedragerisaka. Mannen er i dag varetektsfengsla og har besøksforbod.

Svindelsaka blei fyrst kjend i media då mannen blei arrestert og sikta for å ha seld falske billettar til meisterligafinalen i førre veke.

Champions League Quarter Final First Leg - Liverpool vs Manchester City

Fleire supportertarar kjøpte falske billettar til finalen av ein mann frå Finnmark. – Den totale summen er på 820.000 kroner, seier påtaleleiar Thomas Darell.

Foto: Andrew Yates / Reuters

Flere nyheter fra Troms og Finnmark