Hopp til innhold

Persen får støtte av varslingsekspert

Lokalpolitikar og skipper, Odd Eilert Persen, mista stillinga si etter å ha kritisert rederiet. Advokat seier at mange arbeidsgjevarar liker å tru ytringsfridomen er avgrensa.

Odd Eilert Persen

UØNSKA SOM SKIPPER: Lokalpolitikar og skipper, Odd Eilert Persen, fekk beskjed av rederiet Boreal at han ikkje lenger var ønska som vikarskipper på rutene deira.

Foto: Stian Strøm / NRK

Odd Eilert Persen har jobba som vikar på rutebåt i Finnmark sidan 1987, men i sommar fekk Persen beskjed frå rederiet Boreal om at han var uønska som vikar. Begrunninga var Persen sine kritiske ytringar om Boreal si verksemd.

Advokat og varslingsekspert Birthe Eriksen seier det er ei spesiell sak.

– Ein aktiv lokalpolitikar, som naturleg nok òg har ein jobb, som har ytra seg som politikar om spørsmål av stor samfunnsmessig betydning. Det må åpenbart ligge innanfor hans alminnelige ytringsfridom, slår Eriksen fast.

Birthe Eriksen

Advokat Birthe Eriksen har doktorgrad på tilsettes rett til å varsle om kritikkverdige forhold.

Foto: Marthe Njåstad / NRK

Persen er leiar for Finnmark Framstegsparti og sit på Finnmark fylkesting.

Etter at fylkeskommunen endra kollektivrutene i fylket, har det vore mykje bråk rundt båt- og bussruter, og Persen har gått hardt ut mot det nye rutetilbodet.

Birthe Eriksen, som har doktorgrad på tilsette si rett til å varsel om kritikkverdige forhold, seier at ho ofte ser at arbeidsgivarar trur tilsette sin ytringsfridom er avgrensa.

– Denne saka viser i beste fall ein arbeidsgivar som misforstår rekkevidda av tilsette sin ytringsfridom. I verste fall er det ein arbeidsgivar som verner om interesser som ikkje er verneverdige.

I rolla som politikar får Persen ofte spørsmål frå andre politikarar om spørsmål som har med båtruter å gjere. At han kan bruke kunnskap frå sin jobb, er viktig for samfunnet, seier advokat Eriksen.

– Vi er jo absolutt tent med at tilsette med erfaring og kompetanse på ulike samfunnsområde, nettopp bruker den i utøvinga av politiske verv, seier ho.

– Det er jo et sånt samfunn vi vil ha, der borgarane engasjerer seg aktivt i samfunnsdebatten, og dette er jo åpenbart ei sak som rører ved mange i lokalsamfunnet.

Odd Eilert Persen

Persen har fast jobb i kystvakta og har ikkje vore avhengig av ekstrajobben som vikar for Boreal, der han som oftast har seilt i Korsfjorden i Alta. Men det er ein jobb han er glad i, og som han gjerne vil ha tilbake.

Foto: Stian Strøm / NRK

Trur på løysing

Odd Eilert Persen er glad for støtta frå advokat Eriksen. Han har òg snakka med partiorganet sitt, som seier det same - at han ikkje har gått over noko grense i sin kritikk.

Han har trua på at saka no vil løyse seg.

– Eg har i dag fått telefon frå Boreal. Vi skal møtast på onsdag og finne ein plan for korleis vi skal ha det og eventuelle retningslinjer og prate ut. No satser eg på at vi blir einige.

Eriksen trur òg dialog med arbeidsgivar er riktig veg å gå.

– Hvis ikkje det når fram så er jo dette ein interessant sak som eg tenker at den tilsette kan vurdere å løfte opp på eit rettsleg nivå, seier ho.

Boreal ville ikkje kommentere saka for etter det planlagt møtet på onsdag.