Hopp til innhold

I dette yrket lønner det seg lite med utdanning

Bård Sørhus jobbar i barnehage, men er ein av mange som ikkje er freista til utdanning som barnehagelærar.

Jente får hjelp av voksen på akebrett

I Finnmark er det særleg stor mangel på tilsette med utdanning, men Mathea Larsen har det uansett veldig kjekt i Sentrum barnehage i Alta.

Foto: Marcus Vikse Johnsen / NRK

Det er liten forskjell i lønna mellom ufaglærte og utdanna tilsette i barnehagar. Det gjer at fleire droppar å ta utdanning.

Som NRK melde i førre veke, slit barnehagar i heile Norge med å få tak i kvalifiserte barnehagelærarar. Halvparten klarar ikkje å tilsetje nok pedagogar, noko som svekker barnehagetilbodet for barna.

Bård Gormson Sørhus er fagarbeidar i ein barnehage i Alta, og har ikkje godkjent barnehagelærarutdanning. Han har heller ingen foreløpige planar om å vidareutdanne seg.

Bård Gormson Sørhus - Fagarbeider, Sentrum barnehage Alta

Bård Gormson Sørhus er fagarbeidar i Sentrum barnehage i Alta.

Foto: Marcus Vikse Johnsen / NRK

– Dersom eg tek ei etterutdanning, eller går inn i eit masterprogram, så får eg ikkje eit reelt lønnshopp. Eg trur det er grunnen til at mange vegrar seg. Ein kjem ikkje noko betre ut av det. Kun dersom ein vel å bli styrar ein gong.

Dersom Sørhus skulle velje å ta ei vidareutdanning vil det bety ei auka løn på rundt 90.000 kroner i året.

Med 10 års ansiennitet er lønnsforskjellen slik:

Assistent

Barne- og ungdomsarbeider

Barnehagelærer

Pedagogisk leder

Spesialpedagoger

367.700

412.400

454.700

483.300

483.000

Tallene er hentet fra tariffoppgjøret 2018, i Private barnehagers landsforbund.

For lite utteljing

– Barnehagelærarstudiet må gjerast attraktivt igjen, seier Annette Berger, leiar for utdanningsforbundet i Alta.

I Finnmark er det særleg stor mangel på tilsette med utdanning.

– Dei som tar vidareutdanning innan barnehage må også får utteljing for det, seier ho.

Den dårlege lønna gjer at færre vil ta utdanning som barnehagelærarar. No jobbar Utdanningsforbundet med å auke lønna.

Anette Berger - Utdanningsforbundet Alta

Annette Berger i Utdanningsforbundet.

Foto: Marcus Vikse Johnsen / NRK

Følger ikkje straumen

Trass i dei minimale lønnsforskjellane er det likevel nokre som set seg tilbake på skulebenken igjen.

For Hilde Olsen var ønsket om ny kunnskap større enn fokuset på pengar.

– Etter å ha jobba 10 år i barnehage følte eg for fagleg påfyll. For meg var det viktig med ny kunnskap.

Ho trur det er viktig å fokusere på at dei som alt er i systemet tar utdanning.

– Vidare utdanning burde bli brukt som ei form for gulrot for dei som alt arbeidar i barnehagar. Den burde bli tilrettelagt slik at også andre får lyst til å ta den.

Hilde Olsen

Hilde Olsen tar vidareutdanning etter å ha vore 10 år i yrket.

Foto: Marcus Vikse Johnsen / NRK

Skulebenker freistar lite

Bård Gormson Sørhus fortel at han ikkje har tenkt så mykje på framtida, men han er foreløpig lite freista til å vidareutdanne seg.

– Det er fleire grunner til at eg er usikker. Eg ser på arbeidsmengda og ansvarsområda pedagogane har, og veit ikkje heilt om eg ønskjer det.

Det er også andre ting som gjer at han vegrar seg.

– Ein kjenner på dette med bemanninga, og kjensla av å vere underbemanna heile tida.

Dette er forhold som må betre seg i yrket dersom han skal ta steget fullt ut og satse på ei barnehagelærarutdanning.

Barn som leker med en voksen

Det er mykje leik og moro i barnehagen, men Bård Gormson Sørhus veit ikkje om han blir i yrket for alltid.

Foto: Marcus Vikse Johnsen / NRK

Flere nyheter fra Troms og Finnmark