Hopp til innhold

Har du tenkt på sommarjobb? No er tida for å søke

Dei som er på jakt etter sommarjobb bør kaste seg rundt. Enkelte sesongjobbar hadde søknadsfrist alt i januar.

Sara som aktivitetsleder

Biletet viser Sara som aktivitetsleiar ved Lofotr Vikingmuseum. Her lærar ho gjestar å skyte med pil og boge.

Foto: Kjell Ove Storvik / Lofotr Vikingmuseum

– Vi legg ut stillingsannonsane i midten av desember. Då når vi dei som er heime i Nord-Norge på julefri. I år er fristen for å søke på sommarjobb 5. februar. Vi må ha tida etter dette til å bli klare for sesongstarten, seier Ole Martin Hammer.

Han er dagleg leiar i Lofotr Næringsdrift og fortel at dette ikkje er tidlegare enn andre år.

– Vi prøvde å legge fristen seinare, men då hamna vi i tidsnaud. Mange søkjer på fleire jobbar og vi avhengige av at folk låser seg til stillinga.

Det begynner å haste for unge folk som håper på å tjene penger i sommer.

Dei som har lyst på jobb som høvding, husfrue, smed eller hestepassar for Vikingmuseet i Lofoten, har altså knapt med tid. Men det er ikkje berre her fristen snart går ut.

På både Finn.no og Nav.no ligg det ute fleire hundre stillingsannonsar om sommarjobbar. Mange har søknadsfristen snarast eller i februar.

Dømer på dette er: bondegardsvert for Modum Blaafarveværk, isbilsjåfør for Diplom is, fjellreporter for DNT, resepsjonist eller servitør i Hardangervidda Natursenter, lastebilsjåfør i Alta og showassistent i Vestfold. I tillegg er det mange sommarjobbar innan helse og sosialt arbeid, kommunikasjon og butikkar.

Skal sende søknadar

– Vil man ha ein god sommarjobb, bør man søke no. Det er dei fleste klar over, seier Christina Simonsen (17).

Sjølv har ho alt to jobbar og skal halde fram i dei til sommaren. Fleire ungdommar som NRK har prata med visste at dei måtte starte jobbjakta tidleg.

– Eg tenkte eg skulle begynne å søke no, seier Maya Jessica Sara (16).

– Eg har tenkt å søke på forskjellige butikkjobbar, fortel Brikt Lyngedal, som er elev ved Alta vidaregåande skule.

Kompisen hans, Fredrik Johannesen, har planar om å søke sommarjobb i kommunen. Dei har ikkje lagt ut stillingsannonsar enda, så han har framleis god tid på seg.

Jenter ved Alta VGS

Jentene ved Alta vidaregåande skule er klar over at dei må søke på sommarjobbar no. Frå venstre: Christina Simonsen, Emma Nikodemussen, Maya Jessica Sara og Emma Olsen.

Foto: Wibeke Bruland / NRK

Ikkje alle har lyst til å jobbe

– Vi har begynt å bli litt skuleleie og vil ha fri i sommar, seier veninnene Emma Olsen (17) og Ida Aga (16). Dei planlegg ein sommar med bading og is.

Men for ungdommar som vil tene seg litt pengar denne sommaren, har dagleg leiar Ole Martin Hammer eit tips.

– Kast dykk rundt og søk. Fortel når du er tilgjengeleg og kva kompetanse du har.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark