Hopp til innhold

Får ikkje landa i Alta – måtte til Kiruna

Flyet frå Oslo til Alta prøvde for andre gang å lande i Alta, men vêrforholda var for dårlege. Passasjerane har no blitt med til Kiruna i Sverige for å fylle drivstoff.

flypassasjerer

I KIRUNA: Flypassasjerar som skulle lande i Alta er no i Kiruna, og har fått beskjed om at turen går tilbake til Oslo.

Foto: Heidi Nilima Monsen

Oslo – Tromsø – Alta – Oslo – Alta – Kiruna – Oslo. Slike er den foreløpige reiseruta for Heidi Nilima Monsen og dei om lag 180 passasjerane som er med på Sas-flyet frå Oslo til Alta.

– Vi har fått beskjed om at vi blir i Kiruna i 20 minutt for å fylle drivstoff, og at vi deretter skal tilbake til Oslo, seier Heidi Nilima Monsen, som i to dagar har prøvd å komme seg heim til Alta.

Heidi Nilima Monsen

Heidi Nilima Monsen delte dette biletet på sosiale medium under mellomlandinga i Kiruna.

Foto: Heidi Nilima Monsen

Vind og snø har gjort det svært vanskeleg å lande på flyplassane i Vestfinnmark, og flyet, som skulle ha landa i Alta i går kveld, måtte snu. Flyet landa så i Tromsø, men der var ingen overnattingsmoglegheiter, grunna filmfestivalen TIFF som no går føre seg. Då var det lite anna å gjere enn å returnere til start – i Oslo.

I dag klokka 12.15 lette flyet på nytt frå Oslo. Framleis er det uklar når passasjerane vil komme fram dit dei skal.

– Stemninga er overraskande god, seier Monsen frå flyplassen i Kiruna.

Passasjerane kunne kjenne vinden ta i flyet, og sikten var dårleg då dei prøvde å komme ned i Alta.

– Det er klart folk er litt frustrerte, men vi har forståing for at vêret er som det er, og at kapteinen må ta dei avgjerdene som dei må, seier ho.

– Men eg vil jo sjølvsagt heim. Eg har mykje eg må få ordna. Som å måke oppkøyrselen, spøker ho.

Flykart

Flyruta til SK4546 frå Oslo til Alta, som letta klokka 12.15 frå Gardermoen.

Foto: Skjermbilde / Flightradar24

På flyplassen i Alta er det no mange som ventar på fly som ikkje kjem ned, og som derfor ikkje kan ta dei med sørover.

– Vi har 180 passasjerar som ventar på dette flyet her no. Det er snakk om ein full SAS-maskin, seier fungerande stasjonssjef på Alta lufthavn, Knut Dahl.

– Det er fleire hundre passasjerar som er råka av dette, seier han.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark