Hopp til innhold

Ein person til helsesjekk etter bilulukke

Ein bil køyrde utfor vegen og rulla rundt ved Andersby laurdags kveld.

Andersby, Vadsø

NRK fekk først beskjed om at det var to personar involvert i ulukka, men politiet har no retta opp i beskjeden. Det var berre éin person i bilen, og ingen andre involverte i ulukka.

Sjåføren blei frakta til helsesenteret i Vadsø for sjekk etter ei utforkøyring.

Bilen skal ha rulla rundt fleire gonger, men det skal ikkje vere snakk om alvorlege skader.

Det var på E75, like ved vegen ned mot Andersbyneset at bilen kom ut av vegen. Bilen skal så ha rulla rundt fleire gonger. Politi og brannvesen gjorde undersøkingar på staden, og politiet har oppretta sak.

Det er ikkje mistanke om promillekøyring. Det var heilt ny asfalt og mørkt då sjåføren mista kontroll over bilen.

Politiet fekk melding om ulukka like før klokka 18 laurdags kveld.