Hopp til innhold

2020 kan bli året med under 100 drepne i trafikken

Også i fjor gjekk dei og håpte. Diverre omkom 14 personar i desember. Men annleisåret 2020 kan bli det fyrste året med under 100 drepne i trafikken.

Terje Oksnes, UP

ENKELT MEN VANSKELEG: – Køyrer ein edru, og ikkje for fort, er sjansen stor for å ikkje døy, seier Terje Oksnes, distriktsleiar i Vest UP.

Foto: Sindre Øye Helgheim / NRK

Rundt om kring på norske vegar er det i underkant av 300 personar som har det som si arbeidsoppgåve å passa på at dei som nyttar vegen, gjer det på ein trygg og hensynsfull måte.

Eit håp byrjar no å bli tent hjå mange av betjentane i Utrykkingspolitiet.

Håpet om at 2020 skal bli det fyrste året der færre enn 100 omkjem i trafikken. Ved utgangen av oktober var det 81 personar som hadde omkomme på norske vegar i år.

– Oppskrifta er jo like enkel som ho er vanskeleg, seier politiinspektør Terje Oksnes. Han leiar UP i Vest og Sør-Vest politidistrikt.

Han seier det er tilfeldigheiter som gjer om ein omkjem eller blir hardt skada i ei alvorleg ulukke.

– Ser ein på det store biletet, er det kvarmannsen som døyr i trafikken. Men køyrer ein edru, og ikkje for fort, er sjansen stor for å ikkje døy. Og så må ein ha på seg bilbelte om ulukka skulle vera ute, seier Oksnes.

UP Midt-Noreg sin snap true

SNAP: UP Midt-Noreg deler flittig frå arbeidsdagane sine på snapchat-kontoen sin. No har håpet om at færre enn 100 kan døy på vegane i år blitt tent hjå betjentane deira.

Foto: UP Midt-Noreg

Tala syner 2024

Oksnes vil likevel ikkje håpa for mykje.

– Ser ein på statistikken for tidlegare år, er det berre eitt år der det har vore færre enn 19 drepne på vegane dei siste to månadane av året, seier politiinspektøren.

Det var i 2016. Då døydde 13 personar på vegane i laupet av årets to siste månadar.

På Vestlandet har det vore ein jamn nedgang i alvorlege ulukker dei siste 8–9 åra, ifylgje Oksnes. Grunnen til det er mellom anna at fartsgrensa har blitt sett ned mange stadar. Oksnes seier dei også har prioritert å gjennomføra fleire kontrollar på dei trafikkerte vegane E16 og E39.

– Eg vil gje trafikantane honnør for at ulukkene på Vestlandet har gått ned. Det er veldig gledeleg, seier han.

Vegvesenet sine tal for kor mange som blir drepne i trafikken syner at til saman 51 personar blei drepne i trafikken i november mellom 2015 og 2019. Også i desember mellom 2015 og 2019 vart 51 personar drepne. Det gir eit gjennomsnitt på vel 10 i månaden.

Sidan 1970 har trenden over talet på drepne på norske vegar gått nedover. Då omkom 560 personar i trafikkulukker. Statens vegvesen sine reknestykke syner at dei trur trenden blir at ein kjem under 100 døde i 2024.

Statens vegvesen sin statistikk over drepne

TREND: Statens vegvesen sine reknestykke over trenden i talet på omkomne i trafikken syner at ein truleg kjem under 100 i 2024.

Var håpefulle i fjor

– Me var veldig håpefulle i fjor også, seier UP-leiaren i Midt-Noreg, Anders Sjøtrø.

For det kunne gått vegen i fjor. Ved inngangen til november var det totalt 95 som var omkomme. Men i desember døydde 14 personar i trafikken.

– Ein veit jo aldri korleis vêr og føre vert. Plutseleg blir det ein forferdeleg månad, med mange drepne. Men me er håpefulle, seier Sjøtrø.

Statistikken syner nemleg at det skjer fleire ulukker der tungbil og fotgjengarar er involverte vinterstid, opplyser kommunikasjonssjef i Trygg Trafikk, Ingrid Trømborg.

– Mørke og vanskelege køyreforhold gjer at ein som personbilsjåfør må vera ekstra merksam på fotgjengarar. Som fotgjengar må ein vera synleg, seier ho.

Dessutan bør ein passa på å ikkje hamna i feil felt.

– Ein har lite å stilla opp med om det kjem ein tungbil i mot, seier Trømborg.

Ingrid Trømborg, kommunikasjonssjef i Trygg Trafikk

MILEPÆL: Kommunikasjonssjef i Trygg Trafikk, Ingrid Trømborg, seier at å kome under 100 drepne i trafikken ville vore ein milepæl i arbeidet med å kome nærare nullvisjonen, altså ingen drepne og ingen hardt skada i trafikken.

Foto: Trygg Trafikk