- Vi har ambisjonar om å kjøpe fisk frå kystflåten. Samstundes skal fisk frå Aker Seafoods sine trålarar leverast til anlegget. Totalt sett planleggjer vi å starte varsamt med rundt rekna 10 til 15 årsverk på anlegget i Mehamn, seier Myhre til NRK.
I går vart det klart at Aker seafoods legg 8,6 millionar kroner på bordet til kreditorane Den Norske Bank og Innovasjon Norge. Det betyr ny aktivitet frå neste år, i det anlegget Nordic Sea Mehamn AS dreiv fiskeinsdustri tidlegare. Ordførar i Gamvik, Roger Hansen er òg fornøgd med at ei avtale no e i boks: - Det er eit resultate av ein ganske lang prosess. Dermed kan vi få hjørnesteinsbedrifta i drift igjen fra våren 2006. Både båttrafikken og handelen kjem til å auke når vi får dette i sving, seier Hansen.