To unge jenter foran arkivbilete av nakne mennesker
Foto: Jean Christine Cena/Veronica Lüthcke (ill.) / NRK

Nakenskrekk

Nina (17) og Ida (16) er som mange andre ungdommar. Dei vil ikkje lenger vere nakne med klassekameratane sine i garderoben.

Hausten 2015. Gymtimen er akkurat ferdig. Det er den første gymtimen Nina Merete Thomassen og Ida Helen N. Olsen har som helsefagselevar ved Sande vidaregåande skule.

Slitne etter ein sveitt start på dagen, går dei i garderoben for å dusje og skifte før resten av skuledagen fortsett.

Nina byrjar å kle av seg, slik ho alltid har gjort etter gymtimane på ungdomsskulen. Etter ei lita stund merkar ho at noko ikkje er som det skal vere. Nesten ingen andre kler av seg.

Nesten ingen dusjar.

Det er som å kome i kostyme på fest, og oppdage at det ikkje var karneval likevel.

Venninna Ida sitt allereie spente forhold til nakenheit strammar seg enda meir.

Unge i dag har eit annleis forhold til kroppen sin enn unge før. Fokuset er mykje meir på korleis kroppen ser ut enn kva ein kan gjere med kroppen. Ida (16) og Nina (17) møter Kjersti (67) for å snakke om deira forhold til sine kroppar.

Å vere naken etter gymtimen har ikkje alltid vore eit problem.

Sukkersøtt

Det er sommar og varmt ute. Året er 1955. Kjersti Martinsen er 6 år og går berre i shorts. Overdelen har ho kvitta seg med på grunn av varmen.

– Då vi gjekk på barneskulen og realskulen handla utsjånad for dei fleste om å få fine klede, spesielt til 17. mai og slikt, fortel Kjersti.

– Korleis kroppen såg ut var vi ikkje opptekne av før vi var langt opp i tenåra.

Gjennom oppveksten er idola amerikanske filmkarakterar i filmar der mennene var barske og kvinnene var sukkersøte. Filmar der kvinner, som Doris Day, låg i svære badekar omgitt av rosa skum.

11 år seinare kvittar ho seg igjen med overdelen, men denne gongen med ein politisk undertone.

7 år gamle jente i shorts

EI BEKYMRINGSLAUS TID: For 6 år gamle Kjersti var det å tenkje på utsjånad heilt framand.

Foto: Privat

Topplaus protest

Spol fram til 1966. Kjersti er 17 år. Doris Day og det rosa badeskummet vert mindre og mindre interessant jo eldre Kjersti blir. I tenåra byrjar ho å kjenne på trongen til å utfordre autoritetar og reglar.

På 60-talet var vi mange som protesterte mot konformiteten i etterkrigstid.

Kjersti Martinsen

Iført dei kortaste skjørta på skulen, byrjar Kjersti å skilje seg ut frå klassevenninnene sine.

– Store delar av 1967 og 1968 gjekk eg berrføtt, også i byen, fortel ho.

– Eg kunne stumpe sigarettsneipar på hælen.

Kjersti Martinsen som ung

EKSPERIMENTERTE MED UTSJÅNAD: Kjersti Martinsen ville utfordre den uniforme etterkrigstida.

Foto: Studentersamfundet i Trondhjem

Kjersti og omgangskretsen hennar følte samfunnet var opptatt av å ha ein pen fasade. Med hippierørsla frå USA byrja ei politisk rørsle der dei kjempa for fridom for kroppen.

– Det var ikkje brenning av BH-ar her i Noreg. Det er ein myte, så vidt eg veit, seier ho.

Dei ville derimot vise at dei var stolte av kroppane sine. Dermed enda dei opp med å helst gå utan BH under kleda, og dersom det var varmt nok i vêret kunne dei vere heilt topplause.

– Eg har nesten aldri brukt overdel på stranda, fortel Kjersti.

– Berre ei bikinitruse eller ei litt fin truse, for det var mykje billigare.

Kvinne sitt topplaus og les avis

UPROBLEMATISK: På slutten av 60-talet kunne Kjersti Martinsen sitte topplaus i parken utan at nokon brydde seg.

Foto: Privat

Puppane på nett

– Eg skulle ynskje vi også kunne gi kroppen meir fridom og kaste BH-en, seier 17 år gamle Nina.

Mobiltelefonar gjer at det er enklare sagt enn gjort.

–I dag er det så lett å misbruke ting. Kamera-appen er så lett tilgjengeleg. Dersom du ligg topplaus på stranda, så kan folk berre ta eit bilete og dele det til heile verda.

Den same frykta har ho og Ida med seg i garderoben.

Ida opplevde nemleg at ei jente ho gjekk på ungdomsskulen med vart fotografert då ho skulle dusje, og lagt ut på nett.

– No er det ikkje slik at eg trur nokon av dei i klassa vår vil gjere noko sånt, men det er så lite som skal til. Det freistar ikkje å ha puppane mine på nett, seier Nina.

– Vi vert kanskje litt paranoide, fortsett Ida.

To jenter i en garderobe

GJENSYN MED DEN GAMLE GARDEROBEN: Sjølv om den vanlege garderoben er både stor og romsleg, har Ida og Nina slutta å bruke den.

Foto: Jean Christine Cena / NRK

Slitsamt samfunnsfenomen

– Dusjkulturen blant unge er slitsam for veldig mange, seier Wenche Bjørnebekk.

Wenche Bjørnebekk

FORFATTAR: Wenche Bjørnebekk gav i 2015 ut boka 'Påkledd i dusjen'.

Foto: Jean Christine Cena / NRK

Ho er vernepleiar og har ein mastergrad i sosialt arbeid. I 2015 gav ho ut boka «Påkledd i dusjen».

– Dette er ikkje noko som berre råkar enkelte jenter. Dette er eit samfunnsfenomen blant begge kjønn, meiner Bjørnebekk.

Ideen til boka kom då ho sjølv oppdaga at tenåringssonen dusja ikledd underbukse på skulen. Gjennom arbeidet med boka hadde ho samtalar med unge i både by og bygd, som kunne stadfeste at fleire gjorde som sonen.

Mange er som klassevenninnene til Ida og Nina: Dei droppar det å dusje fullstendig.

Aldri fullt i dusjen

Jentegarderoben i Sandehallen er så stor at lyden rungar når ein snakkar. Det grøne vinylgolvet skjer mot dei gule furubenkane, som går i eitt med veggane.

På kvar si side av dusjane er der to rom ein kan kle av seg. Sjølv om dei er tre klasser som har gym samtidig, er det romsleg nok til at alle kan skifte og dusje.

Av dei 30 jentene som er samla i garderoben samtidig som Nina og Ida, er det berre rundt ti som dusjar.

Dersom du gir nokon ein klem så kjenner du kanskje den sveitte huda, eller at det luktar surt under parfymen.

Nina Merete Thomassen

Det er plass til alle dei ti jentene i same dusjrom, men dei vel å gå enten to og to eller i mindre grupper. Aldri alle ti samtidig. Dei står heller utanfor dusjane og ventar på at jenter dei ikkje kjenner skal bli ferdige med å dusje. Ingen seier noko, alle er berre innforstått med at slik er det. Dette er norma.

– Det skaper eit ubehag. Både det at folk let vere å dusje, og at folk står og heng utanfor dusjen og ventar på at du skal bli ferdig, seier Ida.

Ho synest sjølv det er vanskeleg å vere naken blant andre folk, men har funne ei løysing som fungerer for både ho og venninna Nina.

– Eg fann ein liten garderobe ingen andre i klassa veit om. Den er det berre Nina og eg som brukar når vi har hatt gym.

To venninner på veg gjennom ein lang gang

PRIVAT LUKKE: Ida og Nina har funne ein garderobe som gjer at dei slepp å dusje saman med klassevenninnene.

Foto: Jean Christine Cena / NRK

Utsjånad viktigare no enn før

Paradoksalt nok, kryr det av bilete på dei sosiale media av både lettkledde og nakne ungdomar. Kva er det som gjer at det verkar som det er greitt å kle av seg framfor eit kamera, men ikkje framfor klassevenninner?

– Å kle av seg for å dusje i ein garderobe med andre jenter, vert ein mykje mindre kontrollert situasjon enn når du presenterer deg sjølv i dei sosiale media, seier Tilmann von Soest. Han er professor i psykologi ved Universitetet i Oslo.

Von Soest har jobba mykje med korleis unge sitt syn på eigen kropp har endra seg gjennom tidene.

–Studiar som går tilbake til førre hundreår ser på kor viktig utsjånad er samanlikna med andre verdiar som utdanning og pengar. I dag er utsjånad mykje viktigare enn det har vore tidlegare.

Von Soest meiner dette kan henge saman med at ein i dag har lettare tilgang til bilete gjennom både dei sosiale media og pressemedia.

– Vi ser folk heile tida, og då gjerne folk som brukar mykje energi på utsjånad. Dermed er det mange som knyter bra utsjånad til suksess.

Sjølvpresentasjon

– Det å ynskje å ha kontroll over korleis ein ser ut overfor andre er eit grunnleggjande menneskeleg behov, seier von Soest.

Tilmann von Soest

FORSKAR: Tilmann von Soest

Foto: UiO

Slike kontrollsituasjonar var sjeldan kost for vanlege folk, før sosiale medium gjorde sitt inntog.

– Du kan skape røynda om deg sjølv, presentere deg sjølv og få tilbakemeldingar frå andre, på godt og vondt.

Vanlege folk har dermed, i følgje von Soest, hamna i ei form for sjølvpresentasjon som berre var noko kjendisar trong å tenkje på før i tida. For kjendisar var det ein del av jobben deira.

Ifølgje von Soest kan jaget etter å presentere seg sjølv føre til stress og angst blant unge.

– Vi presenterer oss så positivt som mogleg for andre, men når vi tenkjer på oss sjølve er det mykje tvil og negative tankar, fordi vi ikkje presenterer heile sanninga.

Resultatet vert at ein ofte overvurderer andre som presenterer seg på same måte, og tenkjer at ein er den einaste med dei negative tankane.

– I realiteten er det derimot ein veldig vanleg tankegang, seier von Soest.

«Blikking»

Dei negative tankane og tvilen, kjenner Ida og Nina godt igjen når dei tenkjer på sitt forhold til eigen kropp.

– Ein er ofte sjølv veldig medviten om kva ein ikkje er nøgd med ved sin eigen kropp, og så trur ein at den som ser deg naken i garderoben tenkjer det same som deg om din kropp, seier Ida.

Både ho og Nina føler ofte at andre jenter «blikkar» dei. Kjensla av at andre jenter studerer kroppane deira opp og ned, og dømmer dei.

– Det berre ligg i meg at eg bryr meg om kva andre syns om meg. Eg er ikkje ein supersjølvsikker person, seier Ida.

Jente fletter håret på venninne

ALDRI GOD NOK: – Du kan vere perfekt; ha den finaste rumpa, de fastaste puppane og den flataste magen. Men det er alltid nokon som har noko negativt å seie. Du blir aldri god nok, fortel Nina (17).

Foto: Jean Christine Cena / NRK

Ungdom må erfare tryggleik

– Poenget er ikkje nødvendigvis å tvinge unge til å dusje nakne, seier Bjørnebekk.

Ho meiner at ein kanskje heller skal leggje til rette for at det skal vere minst mogleg ubehageleg. Skulane, vaksne og ungdom sjølve må jobbe meir langsiktig med å få unge til å kjenne seg trygge med kroppane sine.

Bjørnebekk trur det kan hjelpe om ein kan ha samtalegrupper på skulen eller i konfirmasjonstida. Samtalane kan dreie seg om kva som er ok seksualitet, kva er greitt og ikkje greitt å kome med av kommentarar både på skulen og på sosiale medium, og kor kritiske klarer unge å sjå på det som vert framstilt i media i dag.

– Vi kan ikkje tvinge folk til å vere trygge på kroppane sine, dei må erfare at det, seier Bjørnebekk.

To venninner går ned ei trapp

TRYGGAST SOM TO: Når dei berre er to i garderoben kan den eine passe på at ingen andre kjem inn, medan den andre dusjar.

Foto: Jean Christine Cena / NRK

Kampen for kroppsfridom

Då Kjersti Martinsen var ung var det lite samtaler på skulen kring tabu tema. Ho og fleire andre fann derimot tryggleik i ei heilt anna rørsle.

– Vi var ein heil generasjon som gjorde opprør og kjempa for rettane til kvinner og for kroppsfridomen, seier Kjersti.

Saman med seks andre venninner starta ho visegruppa Amtmandens døtre. Dei spelte og song songar mot kroppspress og for feminisme.

– Men det er definitivt annleis i dag, samanlikna med den gongen. Vi fekk ikkje påverknaden utanfrå i trynet heile tida, seier ho.

– Det var ikkje eit konstant "push" på produkt som skulle seljast for å endre på oss.

Visegruppa Amtmandens døtre på scena

FEMINISTISK SONG: Kjersti Martinsen i lys genser i midten, framfører ei visa 'Kvinneideal' med gruppa Amtmandens døtre.

Foto: Studentersamfundet i Trondhjem

«Hemmeleg rom»

– Vi hadde dusja to eller tre gonger i den vanlege garderoben før Ida fann denne, fortel Nina.

Sommaren har så vidt byrja. Skuleåret er nesten over for jentene, men dei har tatt turen tilbake på fridagen sin for å vise det som vart redninga for dei.

I kjellaren, under salen dei har gymnastikk, er det ein lang gang. Midt i gangen er det to dører etter kvarandre. På dør nummer to står det: "NB! Døra må ikkje låsast."

Nina og Ida går inn den første døra.

Der inne er det ein liten garderobe med enkle veggplater, dunkelt lys og lukta av innestengt fukt.

– Det er ikkje så veldig reint her, forklarer Ida.

– Men det har akkurat det ein treng for å dusje etter gymmen, seier Nina.

Garderoben er spartansk møblert med ei rekkje med knaggar, ein enkelt stol, ein litt nyare benk og eit tjukt rosa dusjforheng, som ser ut som det er like gamalt som alderen til begge jentene til saman.

– Det er fint at vi kan vere berre oss to her, seier Nina.

– Men eg skulle ynskje vi kunne gi litt meir faen i at vi er nakne. Alle har puppar, alle har tiss og alle har rumpe. Tenk om vi berre kunne kle av oss som normale folk og dusje.

To venninner i en sliten og gammel garderobe

GODE MINNER: I eitt år har Ida og Nina kost seg med ein eigen garderobe ingen andre i klassa veit om.

Foto: Jean Christine Cena / NRK