Teikning av Isdalskvinna
Foto: Stephen Missal (illustrasjon)

Er dette Isdalskvinna?

Dei som møtte henne, har aldri gløymt den mystiske kvinna. No har NRK fått laga nye teikningar.

– Eg får heilt gåsehud eg no.

Lillian Menes Køhne legg fort frå seg ei av dei seks teikningane ein amerikansk teiknar har laga for NRK. Ho var servitør på Hotell Neptun i 1970, og er ei av dei som framleis hugsar Isdalskvinna. No sit ho i etesalen på Hotell Neptun, akkurat der kvinna sat for 46 år sidan.

Det er mykje som tar Lillian tilbake til 1970. Så mykje at ho kvir seg på å sitte der stolen til Isdalskvinna stod.

– Det er noko med den teikninga som gjer at eg føler at ho ser på meg. Det er ekkelt. For ei skjebne.

Utan ansikt

Isdalskvinna låg sterkt forbrent i ei steinrøys i Isdalen utanfor Bergen sentrum. Brannen hadde gjort ansiktet hennar ugjenkjenneleg. Berre dei som hadde møtt henne kunne vite korleis ho såg ut.

I desember 1970 kunne folk sjå ei fantomteikning politiet hadde fått laga av kvinna. Dei ville ha hjelp frå folk som kunne ha sett henne.

Kan ei ny og meir nøyaktig teikning vise korleis Isdalskvinna såg ut?

NRK har bedt amerikanske Stephen Missal om hjelp. Han fekk skildringar frå vitna og bilete av liket, og jobba som han pleier når han teiknar sakna eller etterlyste for amerikansk politi. Missal er ein av dei fremste i USA på det området.

Missal lagde seks ulike teikningar vitna fekk sjå. Dei plukka ut teikningane dei syntes likna mest, og fekk korrigere om det var noko som såg feil ut.

Isdalskvinnen- teikningar

Dei seks teikningane vitna fekk sjå og politiet si fantomteikning frå 1970.

Foto: Stephen Missal/Politiet (montasje)

Vitna har aldri gløymt Isdalskvinna.

– Skulle ønske eg var som henne

Den stilen der skulle eg ønske at eg hadde, kviskrar Alvhild Rangnes til ein kollega. Året er 1970, og Alvhild er ung servitør på Hotell Neptun i Bergen. Dei to kollegane såg på kvinna, som sat aleine ved eit at av dei middagsdekte borda.

I Noreg var det gryande kvinnekamp. Det var ikkje så ofte kvinner reiste aleine, slik Isdalskvinna gjorde. Ein sjeldan gong såg Alvhild kvinner komme aleine til middag. Dersom dei gjorde det kom dei litt nølande, fortel ho. Slik var det ikkje med Isdalskvinna.

Alfhild Ragnes traff Isdalskvinnen i 1970

Alvhild Ragnes vart fascinert av Isdalskvinna.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Ho verka veldig sjølvsikker. Ho var rak i ryggen, pen i tøyet, og virka til å vere ei som var vand til å reise og ta seg fram. Ho gjorde inntrykk på meg, seier Alvhild til NRK i dag.

Ho har tenkt at kvinna måtte vere forretningskvinne. I alle fall ikkje turist. Men det fekk ho aldri spurt om.

– Ho virka kanskje litt utilnærmeleg. Ho var ikkje smilande.

Kvinna sat for seg sjølv og las. Alvhild hugsar at ho var redd kvinna hadde merka at ho glodde på henne.

Var for seg sjølv

Isdalskvinna var innom fleire hotell det siste året ho levde. Ho reiste frå stad til stad, både i Noreg og utlandet. Det gjekk sjeldan lang tid mellom kvar gong ho flytta på seg.

Politiet avhøyrde dei som jobba på hotella, spesielt i Bergen. Dei var ganske sikre vitne, fordi ein visste at kvinna hadde vore der.

Slik skildra dei Isdalskvinna:

Ho var alvorleg, og sa ikkje meir enn ho måtte. Ho sa ikkje god morgon då ho kom til frukost, slik andre gjestar gjerne gjorde, fortalde eit vitne. Kvinna måtte ha vore intelligent, meinte ein resepsjonist. For det var få som fylde inn framandskjemaet grundigare enn henne. Det var eit skjema som måtte fyllast ut av alle utlendingar som skulle sjekke inn, med informasjon om kvar dei kom frå og passopplysningar.

Auga hennar var mørke. Ho hadde mørkt hår, men fasongen varierte litt fordi ho brukte parykkar. Ho var alltid elegant kledd. Kvinna måtte ha sorg, har eit vitne sagt. For ho var alltid så svartkledd.

Isdalskvinna hadde til og med god greie på vin, hadde ein servitør merka seg. Fleire hadde og tenkt på at ho lukta spesielt. Noko tungt og krydra, eller litt vondt.

Ho sat gjerne for seg sjølv, ofte med ei bok. Dei gongane ho snakka, var ikkje engelsken så bra. Nokre syntes å hugse at ho snakka tysk. Kvinna kunne ha vore frå Midtausten, meinte eit vitne. Mellom-Europa, meinte eit anna. Sydlanske trekk, orientalske trekk og slaviske trekk, kan ein også lese om i avhøyra.

– Bereist og bestemt

Isdalskvinnen- Rom Hordaheimen

Rom 407 på Hotell Hordaheimen i 2016.

Foto: Kjetil Solhøi / NRK

Eit pent rom. Det hadde Isdalskvinna bestemt bedt om då ho sjekka inn på eit av hotella. Men ho var ikkje fornøgd, og bestyrerinna viste henne til eit nytt. Då gjekk ho rett til vindauge og såg ut, før ho såg skarpt rundt i rommet. Denne dama var både bereist og bestemt, hadde bestyrerinna tenkt.

Liknande skjedde på eit anna hotell. Kvinna likte ikkje rommet. Ho ville ha eit nytt, fortalde eit vitne.

– Redd for å opne døra

Ei stuepike har fortalt at kvinna bestilte frukost og kaffi på rommet fleire gonger.

«Når der ble banket på døren, virket det som om damen var redd for å åpne», står det i avhøyret frå 1970. Dei måtte vente ei stund før kvinna opna døra på gløtt.

Sjølv om ho hadde bestilt kaffi, var det fleire gonger at den stod urørt.

Den gong var det vanleg at stuepikene ordna sengeteppet til gjestane. Men ei har fortalt at kvinna ropte til henne då ho prøvde å gjere det. Det skulle ho gjere sjølv. Og dei som hadde noko med kvinna å gjere hadde lagt merke til bordet. Isdalskvinna hadde nemleg flytta bordet som stod på rommet inn i eit klesskap. Kanskje for å få betre golvplass, har stuepika sagt i avhøyr.

Isdalskvinnen- Hotell Neptun

Hotell Neptun i Bergen var eit av hotella Isdalskvinna budde på.

Foto: Kjetil Solhøi / NRK

Skitne gummistøvlar

Kva gjorde Isdalskvinna på? Resepsjonssjefen på eit hotell hadde sett henne forlate hotellet alle dagane ho budde der.

Ei anna fortalde om skitne gummistøvlar på rommet hennar. Faktisk så skitne at sjølv ein bergensar, som gjerne var vand med regn og sørpete vèr, ikkje kunne forstå kvar ho hadde vore. «Hvor i all verden kan denne damen ha gått? Hun må minst ha gått en tur i skogen», står det i avhøyret.

– Omstendeleg

I den eine kofferten til Isdalskvinna fann politiet ein pose frå butikken Oscar Rørtvedts Skotøiforretning i Stavanger.

Isdalskvinnen- Rørtvedt

Rolf Rørtvedt viser fram støvlar som liknar dei Isdalskvinna kjøpte.

Foto: Kjetil Solhøi / NRK

Rolf Rørtvedt jobba der, og hjelpte henne å finne eit par støvlar. På dårleg engelsk spurte Isdalskvinna han om riktig størrelse. Ho brukte lenger tid enn han var vand med då ho skulle prøve støvlane.

– Det er jo ikkje vanleg at folk skal tenke seg om for å kjøpe gummistøvlar, men det trengde den dama her altså.

Dagen etter kom ho tilbake for å kjøpe gummistøvlane.

Han seier at ho var ei fin dame med mørkt hår. Også han la merke til at dama lukta annleis. Litt ubehageleg. Då kvitlauken seinare vart meir vanleg i Noreg minna det han om Isdalskvinna. Det måtte vere det ho hadde lukta, har han tenkt.

– Som på film

Frank Ove Sivertsen var 17 år, og hadde ein av sine første jobbar i 1970. Han var pikkolo på hotell Neptun i Bergen, og tok bagasjen hennar til rommet då ho sjekka inn på hotellet den hausten.

I den trange heisen prøvde han å småprate litt, men det var ikkje så enkelt. Begge snakka dårleg engelsk. Dessutan verka ho ikkje så interessert i å prate, fortel han til NRK i dag.

– Ho var veldig stille og rolig. Ho verka litt sånn tilbaketrukken. Ho ville ikkje gje så mykje av seg sjølv.

Han la merka til ansiktet. Ho hadde eit sånt vakkert uttrykk med fine ansiktslinjer, som han berre hadde sett i blader og på film.

Isdalskvinnen- Frank Ove Sivertsen

Frank Ove Sivertsen hjelpte Isdalskvinna med bagasjen.

Foto: Kjetil Solhøi / NRK

– Og så var ho sminka veldig korrekt, seier Frank Ove.

Då han hadde sett frå seg bagasjen hennar på rommet tok ho fram ein femmar i tips. Den unge pikkoloen vart litt overraska. Ein femmar var mykje på den tida, fortel han. Ein heil kilo kokesjokolade kosta 16 kroner i 1970, ifølge SSB.

Men ikkje eingong då kvinna gav han tips smilte ho.

Dei mystiske augene

Lillian Menes Køhne var ei av dei som prøvde å forklare politiet korleis Isdalskvinna hadde sett ut.

Isdalskvinnen- Lillian_Nilsen

Lillian Nilsen Køhne syntes det var ubehageleg å sjå på teikningane av Isdalskvinna.

Foto: Kjetil Solhøi / NRK

– Ho var mørk, hadde halvlangt hår og spiss nase. Det var ei veldig pen dame, og ho hadde sånne mystiske auge, fortel ho.

Heller ikkje Lillian fekk inntrykk av at ho var særleg kontaktsøkande.

– Ho virka einsam, og ville liksom ikkje prate med nokon. Ho ville liksom vere for seg sjølv.

I slutten av november sjekka kvinna inn på hotell for siste gong, på Hotell Hordaheimen i Bergen. I senga på rom 407 sov ho kanskje sine siste netter.

Morgonen 23. november 1970

Det var grå skyer, men mildt denne morgonen. Eit lite stykke frå Hordaheimen låg Bergens Privatbank på den tida. Mellom klokka ni og ti var kvinna innom der, fortalde fleire av dei som jobba der til politiet. Ho var ei lita mørk dame, har den eine bankkasseraren sagt. Og ho snakka eit pussig språk. Så pussig at han heldt på å le høgt av måten ho snakka på.

Kvinna veksla utanlandske pengar til norske, før ho vende tilbake til Hordaheimen.

Isdalskvinnen: Hordaheimen - til montasje

Hotell Hordaheimen: Her budde Isdalskvinna dei siste dagane før spora etter henne sluttar.

Foto: Kjetil Solhøi/Øyvind Bye Skille (montasje) / NRK

Sjekka ut for siste gong

– Eg var kanskje ein av dei siste som såg henne i live, seier Eirik Høyheim.

Resepsjonisten stod bak den brune resepsjonsdisken på Hordaheimen, då kvinna kom for å sjekke ut. På engelsk spurte ho om han kunne bestille ei drosje til henne. For å vere sikker på at ho fekk rett drosje følgde han henne ut på gata.

– Eg ser henne framleis føre meg. Ho var ei fin dame. Stilig og elegant.

Han meiner å hugse at ho skulle til bystasjonen. Der stoggar alle spor etter kvinna. Nokre dagar etter, 29. november, vart ho funnen død i Isdalen.

– Flytta stolen ut av rommet

Hotell Hordaheimen er altså den siste staden ein er sikre på at kvinna har vore. Rom 407 er der framleis, men i ny drakt. Sjølv om det har gått 46 år snakkar dei framleis om Isdalskvinna på hotellet.

Isdalskvinnen- Hordaheimentilsette

Ann Rita Hovden, hotellsjef, og resepsjonist Olaug Sangalt høyrer framleis historiar om då Isdalskvinna var på Hordaheimen.

Foto: Eirin Aardal / NRK

– Eg har høyrt at ho flytta stolen ut av rommet då ho ikkje var der, seier Ann Rita Hovden, som er hotellsjef i dag.

Ho er altfor ung til å ha møtt Isdalskvinna, men fleire har fortalt om henne.

Dei som rydda og vaska på hotellet hadde reagert på lukta som hang i rommet til kvinna. Tung og krydra parfymelukt, har dei sagt. Hovden har også høyrt at kvinna gjekk mykje att og fram utanfor hovudinngangen og røykte.

– Det var slike lange sigarettar som folk i Noreg ikkje røykte på den tida.

– Akkurat det blikket

Ingen av dei fire som fekk sjå tekningane har klart å gløyme den mystiske kvinna. Dei har jo aldri fått svar på kven ho var.

Vitnene

Frank Ove Sivertsen og Lillian Menes Køhne ser mykje av Isdalskvinna på teikningane.

Foto: Kjetil Solhøi / NRK

Er det Isdalskvinna dei ser?

– Det her er nesten heilt likt, seier Lillian, og peikar på ei av teikningane.

– Eg kan ikkje forklare det, men det er noko med det bilete. Men eg føler ho hadde litt spissare nase.

– Ho liknar, seier Frank Ove.

– Auga stemmer, men eg ville hatt ein litt meir sensuell munn. Og litt høgare kinnbein.

– Det er både auga, hårfargen, håret, munnen og nasa, seier Rolf.

– Der er akkurat blikket ho sendte meg. Men eg kan ikkje hugse trekka, seier Alvhild.

– Ho hadde litt blidare oppsyn. Dette var litt surt.

Alle synes dei ser Isdalskvinna. Vi oppsummerte det dei sa, og sende det tilbake til Stephen Missal, kriminalteiknaren i USA. Så lagde han ein ny versjon. Å lage teikningar basert på det vitna hugsar er ikkje ein hundre prosent sikker metode. Vitna må hugse rett, og teiknaren må forstå kva dei meiner. Det er mange fallgruver. Men det er det næraste vi klarer å komme eit inntrykk av korleis ho såg ut.

Er det nokon der ute som kjenner att kvinna på teikninga?

Les alt om Isdalskvinna her.

Laster innhold, vennligst vent..