Isdalen - Mysteriet Isdalskvinnen Isdalen - Mysteriet Isdalskvinnen
Foto: Paul S. Amundsen / NRK

Det svarte diket

Isdalen i Bergen var mystisk lenge før Isdalskvinna vart funnen der.

Isdalen, vatnet Svartediket og Dødsdalen. Det er ikkje grunn til å tru at dei som døpte området blei lette til sinns av å vere her. Og det er kanskje ikkje så mange dalar som har så mange mørke historier.

Skogkledde og bratte fjellsider gjer diket mørkt. Der vatnet endar tar Dødsdalen over. Om Isdalen på ein grå dag dukkar opp i ein film du ser er det neppe ein komedie. Men den er også vakker, og for bergensarane er den eit populært turområde. Som ein gest har det bergenske regnet tatt ein pause i det vi bevegar oss innover dalen.

– Det er jo mange rare historier om dalen og Svartediket. Ein god del fantasifoster har nok oppstått, seier John Lindebotten.

– Det er ein praktfull dal. I dag er her jo opplyst. Men før var det jo ikkje lys eller nokon ting. Det er jo den gamle folkloren. Folk går innover fjellet og ser troll, seier Gun Losnedal.

Isdalen - Mysteriet Isdalskvinnen Isdalen - Mysteriet Isdalskvinnen

Gun Losnedal og John Lindebotten har vore turistguidar i Isdalen. Her er dei på veg opp til staden der Isdalskvinna vart funnen død.

Foto: Paul S. Amundsen / NRK

– Dukka opp i ly av mørket

Dei to har vore turistguidar i Isdalen. Og det er mykje å fortelje om. Noko veit ein at har skjedd. Litt romantikk, eit drap, mysteriet rundt Isdalskvinna og eit folk som levde langt her inne. Det kjem vi tilbake til.

Først til ei historie vi får håpe berre er ei vandrehistorie. Eller «fake news», for å vere meir moderne. Ein av Svartediket sine mest makabre skikkelsar er Sluggstein-Matja. Det er grunn til å tru at det finst fleire versjonar av historia, som det ofte gjer når forteljingar har gått frå munn til munn.

John les ein versjon han fann på nettet. I ein perm har han samla opp mykje av det som fins om Isdalen.

– Krokrygga og fæl, sterk som få, gjekk ho rundt og samla inn uønskte spedbarn i ei korg. Mot ein skilling eller to dukka ho opp i ly av mørket, tok barnet med seg, til ei skjebne som vart rekna som dåtidas abort.

Ho tok livet av barna på så brutalt vis at eit berg ved diket skal vere kalla opp etter det, før ho ved hjelp av stein senka dei ned i det mørke diket.

– Dei som kom brått på Sluggstein-Matja når ho utførte sine gjerningar skal ha stått som stivna.

Kristian "Gaahl" Espedal i «Svartediket»

Du ville neppe likt å møte på denne skikkelsen i Isdalen. Kristian "Gaahl" Espedal spelte Heimdal i dramatiseringa av historia på Den Nationale Scene i Bergen.

Foto: Fredrik Arff

Ifølge historia var ho tynga av at ho sjølv ikkje kunne få barn. Til slutt vart ho, etter eige ønskje, senka i diket, for å få fred med alle barna der nede.

Gråt frå isen

– Her er noko som heiter «Gråt frå isen», seier John og blar i permen.

Gun drar jakka litt tettare om seg medan han fortel. Han spolar fram til 1900-talet, og ein skjebnesvanger fisketur. Det var vinter, så faren og sonen på seks år måtte lage hol i isen for å nå ned til fisken. Då dei gjekk mot land for å gå heim gjekk faren igjennom isen. Han kom seg bort til holet dei hadde laga, men det hjelpte ikkje.

– Holet var for trongt til å komme opp med skuldrene og heile kroppen. Så står det her: Tappa for krefter på grunn av det iskalde vatnet har han ikkje klart å presse seg gjennom holet. Faren snakka roleg med sonen sin, og bad han halde hovudet hans til livet sakte fekk forlate den nedkjølte kroppen.

Frosne tårer

Historia går slik at to skogsarbeidarar fekk auge på noko ute på diket morgonen etter. Guten stod framleis og heldt hovudet til faren. Hendene hans hadde frose fast.

– Hjelpe meg. Slike historier har eg aldri høyrt, seier Gun.

John held fram. Dei to mennene fekk guten laus, pakka han inn, men klarte ikkje å berge han. Ifølge historia gløymde dei aldri dei frosne tårene på guten sitt kinn.

Vi får tru at det er vinden folk har høyrt om nettene, og ikkje gråt der ute frå isen, slik historia seier.

Fortvilte gesellar

For fleire hundre år sidan oppdaga hanseatane at Bryggen og Bergen var ein ynda stad for handel. På 1300-talet opna Det hanseatiske kontor på Bryggen, og Bergen vart eit viktig handelssenter.

Gesellane var arbeidsformenn på handelshusa. Over var kjøpmannen, som stod ansvarleg overfor eigaren. Å vere gesell var ikkje eit arbeid ein tok lett på.

Bryggen i Bergen i gråvær

Hanseatane eigde etterkvart husa langs Bryggen, men leigde grunnen.

Foto: Keilen, Berit / NTB SCANPIX

– Viss det var rot i rekneskapen, eller kunne vere mistanke om svik eller noko sånt, då vert det sagt at nokre geseller kom seg opp der, i Isdalen, kasta seg utfor ein hammar, og ned i vatnet, fortel John.

Turtelduer i mørket

– Her, ja. Her er ja- og nei- benken, seier Gun, då to benkar dukkar opp langs vegen.

– Eller, det var berre ein her før.

Og denne benken har vore vitne til mykje. For Isdalen har også vore gøymestad for flørtande blikk og tenåringskjærleik. Gun vaks opp like i nærleiken. For henne er det ikkje ein skummel og mystisk dal, men eit turområde ho er glad i.

For Gun er nokre minne kanskje ekstra gode. Då ho var ung gjekk kjærastepar inn i Isdalen, for å få vere i fred. Dette er altså ikkje ei vandrehistorie, Gunn er eit levande bevis.

Isdalen - Mysteriet Isdalskvinnen Isdalen - Mysteriet Isdalskvinnen

Hit gjekk forelska tenåringar for å få vere i fred.

Foto: Paul S. Amundsen / NRK

– Her var det sånn "Får eg kysse deg eller ikkje? Ja eller nei?"

Har du brukt den sjølv?

– Å, ja. Eg har vore mykje i Isdalen. Det vart sikkert mykje ja.

Har du erfaringar med denne benken, John?

– Eg har fått verken ja eller nei.

Det ser ikkje ut som at joggarane som pesar forbi er i det romantiske hjørnet. Dei ser heller ikkje spesielt redde ut. Kva som går føre seg når mørket senkar seg er ikkje godt å seie, men i dag er Isdalen populært turområde for bergensarane. Og Svartediket er drikkevatnet deira.

– Eg har aldri tenkt på dalen som mystisk. Det er ein naturoppplevelse, eit fantastisk område, seier Gun.

Eit lite folk

Det var kanskje det bøndene frå Sogn og Fjordane tenkte, då dei bestemte seg for å slå seg ned i Isdalen. Skogen gjer det vanskeleg å sjå steingardane etter folket som levde inst i dalen.

John fortel at på 1700-talet var det vanskelege tider for folk i Jølster. Nokre reiste vestover, og slo seg ned i Isdalen.

– Dei dyrka grønsaker og reiste til byen og selde det. Bergensarane vart litt misunnelege, har eg høyrt, fortel Gun.

– Det var store ungeflokkar oppi her. Det var mange menneske. Dei sparte ikkje på noko ved store høve. Det var bunad, dress og hatt. Du veit, sånne typiske gamle bilete av folk i bryllaup. Når folk står i sin finaste stas, men utan eit smil, seier John.

Isdalen - Mysteriet Isdalskvinnen Isdalen - Mysteriet Isdalskvinnen

Inst i Isdalen kan ein sjå steingardar etter at folk budde her for fleire hundre år sidan.

Foto: Paul S. Amundsen / NRK

Han meiner at det til slutt var tolv gardsbruk her inne. Men det var ikkje berre fryd og gammen å bu i Isdalen.

– Før dei fekk køyreveg langs vatnet kan de tenke på korleis det var å gå langs stranda her. Det er ikkje spesielt barnevennleg.

John peikar opp mot ei bratt skråning. Før i tida gjekk det skuleborn akkurat her. Gåturen tok fleire timar kvar veg. John fortel at om vinteren var det såpass at dei minste slapp skulen. Dei eldste måtte om lag tine ved omnen på skulen då dei kom fram.

Då kommunen bestemte at det skulle lagast vassverk i Isdalen var det ein del som utvandra til Amerika. Men steingardane står der framleis.

Eit drap

«Dette vilde eg ikkje, og da han vedblivende overhang mig med disse Forlangender og Trudsler, fattede eg tilsidst den skrækkelige Beslutning at tage ham afdage og begikk saaledes den frygtelige Gjerning.»

Dette sa Gulbrand Eriksen Mørstad i retten, då var tiltalt for å ha lokka husverten sin, Knut Olsen Offerdal, inn i Isdalen for å ta livet av han i 1856.

Mørstad var frå Øystre Slidre i Valdres. Riksarkivet skriv at Gulbrand var kraftig, ikkje særleg høg, med brunt hår og blå auge. Han var ei rastlaus sjel, som ikkje likte gardsarbeid, så han reiste til Bergen for å søke lykka. Det var då han flytta inn hos den småkriminelle husverten. Det enda dårleg.

Dei to lagde falske myntar, men klarte ikkje å lage dei truverdige nok, og politiet fekk snusen i kva dei dreiv med. Knut kravde 100 dalar for å ikkje fortelje politiet kven som hadde laga støypeformene, men Gulbrand hadde ikkje så mykje pengar.

Han fekk frist på nokre veker. Klarte han ikkje å betale fekk han to val: Anten måtte han gå til politiet og tilstå, eller ta livet sitt.

– Gulbrand sa at han hadde noko å vise Knut, og drog han med oppover mot Svartediket.

Knut ante truleg lite om kva som skulle skje då dei gjekk på ein av dei smale stiane rundt vatnet. Knut gjekk fremst, Gulbrand bakarst. Han hadde lokka med tjuvegods som Knut skulle få.

14 knivstikk

Litt inni dalen drog Gulbrand opp ein kniv og stakk husverten sin 14 gongar før han skar over strupen hans. Han vart først dømd til døden, men dommen i Høgsterett vart gjort om til livsvarig straffarbeid.

– Dette har faktisk skjedd, seier både Gun og John, kanskje for å understreke, etter historiene om Sluggstein-Matja og fisketuren.

Høgsterett

I Høgsterett vart dødsdommen mot Gulbrand Eriksen Mørstad gjort om til livsvarig straffearbeid

Foto: Riksarkivet

Då bygginga av Stortinget var i gong meinte Johan Sverdrup at to løver burde vakte ved inngangspartiet. Han fekk det som han ville, og kunstnaren Christopher Borch fekk oppdraget. Kva har Gulbrand med dette å gjere, tenker du kanskje? Det var faktisk Gulbrand og ein annan fange til som hogg ut løvene.

«Underteikna vover herved underdanigst, i Fortrøstning til Deres Majetæts Naade og Barmhjærtighed, at anraabe deres Majestæt om Benaadning.»

Slik startar brevet Gulbrand skreiv for å be om å få sleppe resten av straffa, og leve eit liv med kona og ærleg arbeid. Og han vart benåada i 1873. Seinare skal han ha reist til Amerika.

Men løvene står framleis og vaktar utanfor Noreg si nasjonalforsamling.

Dødsdalen

Dei fleste vil vere einige i at Dødsdalen ikkje er eit hyggeleg namn for ein dal å ha. Verken Gun eller John er heilt sikre på korleis namnet oppstod. Men det har vore nokre ulykker i dalen. Skiløparar som har tatt feil veg ned frå fjellet Ulriken.

– Det er jo eit forferdeleg terreng, viss ein kjem nedover der er det nok av hamrar du kan køyre utfor. Då har du ikkje ein sjanse. Nokre har rett og slett slått seg i hel.

Gravlykta

Der vegen langs Svartediket sluttar, ved inngangen til Dødsdalen, startar det mest omtalte mysteriet frå Isdalen.

– Kven har sett ned denne då? Det var jo litt spesielt, seier Gun.

Isdalen - Mysteriet Isdalskvinnen Isdalen - Mysteriet Isdalskvinnen

Nokon har sett ned ei gravlykt der Isdalskvinna vart funnen død i 1970.

Foto: Paul S. Amundsen / NRK

Staden der kvinna vart funnen er vanlegvis godt gøymt oppe i bakkane. Det er lite som tyder på at eit av Noregs største kriminalmysterium stammar akkurat herfrå. Men i dag lyser det frå ei gravlykt.

– Var det Elisabeth eller Vera?, spør John.

Det er framleis ei gåte. Kvinna vart funnen her i november 1970. Elisabeth, Vera, og fleire andre namn, stod i dei falske passa hennar. Politiet etterforska breitt, men klarte aldri å finne løysinga.

Kart: Isdalskvinnen, åstedet og Bergen

Isdalen ligg ikkje langt frå Bergen sentrum. Inst inne i dalen vart Isdalskvinna funnen.

Foto: Gro Stefferud/Andre Håker / NRK

Det var historia om Isdalskvinna som gjorde at selskapet dei jobbar for starta med guida turar i Isdalen. Kanskje får dei langt meir å gjere framover. For no har Isdalskvinna nådd verdspressa, og store utanlandske nyheitsmedium som BBC og tyske Bild har skrive om den mystiske kvinna.

Gun fortel at turistane hittil har hatt mange teoriar om kven kvinna var.

– Det var mange som trudde ho var utanlandsk agent, spion, med pass og parykkar. Eg pleidde å spørje kvifor ho enda her inne. Kvifor Isdalen? Det er vanskeleg å forstå.

I 2016 fann NRK og rettsmedisinar Inge Morild tenner og vevsprøvar etter Isdalskvinna. I dag har ein heilt andre metodar enn dei hadde i 1970. Nye undersøkingar viser at kvinna mest sannsynleg vaks opp i Tyskland eller Frankrike.

Kanskje må turguidane i Bergen endre litt på det dei pleier å fortelje turistane. Dersom det kjem svar på kven kvinna var.