Søskenflokken framfor pianoet

DEI FIRE: René, Trym, Gard og Frie. Fire sysken, saman i sorga.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Den dagen musikken døydde

VIK I SOGN (NRK): Ein siste tone frå eit piano. Den djupaste sorga. Fire sysken utan foreldre.

Det er ein av desse februardagane der sola så vidt tek seg tid til å kreke seg forbi skyene og lyser opp akkurat når regnet tek pause. Ei ung jente, tre eldre brør, rundt eit bord. Ser på avisutklipp, gret litt, ler litt.

Denne dagen er det nøyaktig eit halvt år sidan far deira døydde. Odd Roger Haugen var for svært mange synonymt med musikk. Først då han kom frå Trøndelag til Høyanger som distriktsmusikar og organist, seinare som dansebandmusikar, kor- og korpsdirigent, arrangør og musikkskulerektor i Vik. For Frie (19), Trym (27), René (29) og Gard (32) var han pappa, ikkje berre vinnaren av kulturprisen.

Laurdag 16. august i fjor fekk han for siste gong oppleve å spele med musikklaget i bygda og saman med makker Frank i duoen Odd Rogers under Bringebærfestivalen i Vik. Tre dagar etter skjedde det utenkelege.

– Eg skulle jo berre opp til han for den vanlege kaffikoppen. Når eg ikkje hadde noko å gjere på, så brukte eg å reise opp. Eg prøvde å ringe han, men han tok ikkje telefonen. Då tenkte eg kanskje at han var på jobb. Men så valde eg å ta turen opp likevel for å sjå om han var heime, det var då eg fann han.

Blei foreldrelause

Det fortel Trym, sonen som blei att heime i Vik når dei andre syskena flytta ut. Mellom gitarane, keyboardet og pianoet låg han. Ambulansefolka kom raskt, dei forsøkte alt dei kunne å berge livet hans. Ute i garasjen sat Trym og venta. Men nok ein gong kom døden til heimen deira, livet til 57-årige Odd Roger var ikkje mogleg å redde. Hjarta hadde svikta.

– Eg ringde først til René. Det var også eg som måtte ringe søskena til pappa og fortelje den grufulle nyheita nokre timar etter- det var ei veldig vanskeleg oppgåve, men eg synst eg klarte det veldig bra, seier Trym.

I løpet av minuttar blei dei fire syskena foreldrelause. For hausten 2008 døydde mor deira, Adelheid, berre 45 år gamal. Ho var administrerande direktør for suksessverksemda Linn Bad i Vik, ho var med i leiarnettverk og ei sterk kvinne. Men kreften var sterkare, den kampen tapte ho.

– Eg hugsar veldig godt dagane etter mamma døydde. Då sat eg og pappa ute på terrassen. Den dagen fann eg ut kvar han stod når det gjaldt livet og døden. Det var så godt å prate med han om korleis livet skulle gå vidare. Han var alltid oppteken av at dette skulle vi klare, seier René.

Mamma måtte ha det bra og føle seg som den vakraste i verden sjølv om ho hadde den jævla sjukdommen. Eg følte at verden min rasa sammen den dagen eg fekk vite at mamma var død

Frie om mora sin død / http://friesunniivaa.blogg.no/
Frie Haugen Austrheim

BESTEVENER: Frie med bilete av faren Odd Roger. Han var ein folkekjær musikar, og hadde sin siste spelejobb berre dagar før han døydde i fjor.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Skreiv om sorga

19 år gamle Frie fortel at faren blei veldig sliten av mora sin kamp mot sjukdomen, sliten av å sjå korleis ho måtte kjempe.

– Han reiste jo til Bergen når ho skulle ha cellegift. Han såg aldri seg sjølv, han var der berre for alle andre. Då mamma døydde så utvikla han eit forhold til oss som var veldig godt. Han såg oss heile tida.

Odd Roger Haugen avisutklipp

UNGT TALENT: Odd Roger Haugen var frå ung alder eit stort musikalsk talent.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Kvart år døyr i overkant av 40.000 menneske i Norge. Kvart dødsfall ein katastrofe for familien det gjeld, for oss alle statistikk som syner at det er forventa at vi skal leve i minst 80 år. Slik blei det ikkje for ekteparet Adelheid og Odd Roger.

Alle har sin måte å kjempe seg gjennom sorga på. For Frie blei løysinga å skrive i bloggen sin om tankane og kjenslene, om sorga og utfordringane.

– Vi visste ikkje heilt korleis livet skulle gå vidare. Vi sleit med å finne svar på spørsmåla om kvifor det skjedde. Det er veldig vanskeleg å snakke om det, så difor fann eg hjelp i skrivinga. Eg skriv ganske mykje når noko plagar meg, er eg lei meg så sit eg og skriv. Det er terapi for meg. Då valde eg å skrive eit innlegg på bloggen min.

Det rakna heilt i sammen, og eg var så langt nede i kjellaren at eg trudde eg aldri i verden skulle komme meg opp igjen. Det var det verst tenkelige som kunne skje. Først mista vi mamma, og no skulle vi miste pappaen vår og. Eg har så mange spørsmål oppi håvet mitt, og eg ana ikkje kor eg skal begynne med å leite etter svar

Frie om faren sin død / http://friesunniivaa.blogg.no/
Søskenflokken ser avisutklipp

SAMAN I SORGA: Gard, Frie, René og Trym prøver å møtest så ofte dei kan. Her les dei portrettintervjuet Sogn Avis hadde om faren.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Sette stor pris på bloggen

For brørne var blogginnlegget til Frie kjærkome. Ho klarte å setje ord på det dei også kjende, men hadde vanskeleg for å uttrykkje. Storebror Gard sette stor pris på det veslesystera skreiv.

– Eg var ikkje så veldig overraska, for Frie har alltid vore flink til å skrive. Ho skreiv jo masse etter at mamma døydde også. Det var heilt utruleg rørande, ikkje minst å sjå kor mange som delte og responsen ho fekk.

Innlegget om sorga hadde over 5000 sidevisingar, mange delingar og kommentarar på Facebook. Responsen var berre positiv. Sterke ord frå ei ung jente til ein far og ei mor som døydde så alt for tidleg.

– Det var heilt ekstremt kor stor respons eg fekk, og det er godt for meg å sjå at folk tek seg tid til å lese. Sjølv om ein er nede i kjellaren og har mista det umistelege, så må ein stå saman og kome seg opp derifrå.

Frie var berre 12 år då ho mista mor si. Då det skjedde var far uendeleg god å ha.

– Eg og pappa blei betre kjend, og vi prata ut om det som skjedde med mamma. Etter kvart blei vi bestevener. Vi for på råning og lærekøyring, vi kjøpte oss softis og høyrde på Hellbillies i bilen på full guffe. Tapet av mamma var veldig sårt, men eg hadde brørne mine og eg hadde pappa.

– Kva følte du når han også døydde då?

– Eg var sønderknust. Det var nett som at halve hjarta mitt forsvann, og den andre halvdelen for når mamma døydde. Det var heilt forferdeleg. Det er heilt grusomt å prate om, han var alt for meg.

Dersom nokon kjem i tilsvarande situasjon, så vil vi oppmode folk til å kontakte oss, for vi vil gjerne hjelpe og støtte opp så godt vi kan utfrå våre erfaringar

Trym Haugen Austrheim

Mista mange på få år

Dei mista mor og far, men sidan 2000 har dei også mista besteforeldre og andre nære slektningar. Få opplever så mange dødsfall så tett som denne familien har gjort. No er dei berre glade for å ha kvarandre og vonar at andre familiar også har det slik når sorga råkar så ofte og så sterkt. Familievener og naboar har også gjort sitt for at syskena skal ha det så godt som mogleg.

– Vi har aldri snakka så mykje saman på telefon som vi har gjort no. Vi prøver å passe på å treffast når vi kan, og jula skal vi vere her i huset. Då skal vi treffast uansett. Samhaldet er heilt utruleg. Eg har ikkje opplevd andre som har det same søskenforholdet som vi har, seier Gard.

Etter faren sin død blei dei nøydde til å fordele oppgåvene seg i mellom. Det å bestille gravstein var noko av det tøffaste, seier Trym og får ein klapp på skuldra frå René.

– Vi har omtrent dagleg kontakt, vi ringer kvarandre ofte og følgjer opp. Det er viktig når det berre er oss fire, seier René.

Huset i nedste Hopperstadmarki i Vik er det Trym og sambuaren som skal overta. For syskena er det viktig at huset blir verande i familien.

– Eg kjenner ein god tryggleik med å vere her, sjølv om det er veldig tomt. Eit hus fylt av hjarterom, seier Trym.

Syskena er klare på at dei gjerne vil bidra til eit større openheit og forståing for sorg, ikkje minst den sorga som rammar så brått.

– Dersom nokon kjem i tilsvarande situasjon, så vil vi oppmode folk til å kontakte oss, for vi vil gjerne hjelpe og støtte opp så godt vi kan ut frå våre erfaringar.

Saman om musikken

Dei fire syskena ser på kvarandre, smiler. Trym hentar meir kaffi. Saman blar dei seg gjennom minna. Eit portrettintervju faren gav til Sogn Avis, og gamle klipp frå då faren var ein ung orgelvirtous i Trøndelag.

– Mamma var også utruleg flink til å synge, minnest Frie.

Ho syng sjølv, René spelar piano så ofte han kan, Gard har blitt ein respektert gitarist og Trym er lokal rapartist med artistnamnet Tryminem.

– Musikken er ein del av arven vår, smiler Gard før han set seg ned med gitaren. René set seg ved pianoet, og Frie syng. Saman i sorga framfører dei faren sitt eige arrangement av Åge Aleksandersen sin vakre låt Trondhjemsnatt:

Æ sjer stjerna som skin over Trondhjæm i natt, som eit smykke mot Gråkaillens rand.
Æ sjer lys frå eit skip mot eit skimrandes hav, stille legg det frå land. Verden den viske god natt og sov godt og den gamle domen hold vakt Over hjærta som banke over store å små over ei trondhjæms natt

Høyr Trym Haugen Austrheim aka. Tryminem her saman med James D og Big Bizarre:

Høyr Gard Haugen Austrheim på gitar med sitt nye band My Descending Ark (2015):

Høyr Odd Roger Haugen saman med makkar Frank Fredriksen (2013)