Hopp til innhold

Tidlegare topp i Smiths venners Kypros-bank dømd til fengsel

Tidlegare medlem av nederlandske Smiths venner, Jonathan van der Linden, er dømd for bedrageri, kvitvasking, underslag og dokumentfalsk. Politiet fann kontantar gøymde i koffertar under arrestasjonen.

Jonathan van der Linden

Tidlegare medlem av Smiths venner i Nederland, Jonathan van der Linden, er dømd til fengsel i 2,5 år.

Foto: Ole Jørgen Kolstadbråten / NRK

Van der Linden var ein av toppane i Smiths venner sin internbank, BCC Financial, då han underslo 8 millionar euro tilknytt trussamfunnet.

Internbanken på Kypros fungerte som ein slags sparegris for medlemane i Smiths venner. Overskot frå innsamlingsaksjonar og dugnader vart plassert der.

Van der Linden vart intervjua i dokumentarserien «Guds utvalde» i kraft av si stilling i internbanken.

Gøymde kontantar i koffertar

I nesten seks år har påtalemakta i Nederland jobba med saka mot van der Linden. No er dommen klar.

I Gelderland tingrett i Nederland, er van der Linden dømd til 2,5 år i fengsel.

Nederlendaren vart arrestert på ei privatadresse den 2. mars 2016.

Ifylgje dommen fann politiet 391 650 euro i kontantar under arrestasjonen. Kontantane var spreidd i tre koffertar, ein safe og ein konvolutt under eit bilsete. To av koffertane var gøymde i ein krypkjellar i huset.

I tillegg tok politiet harddisken til van der Linden. Der var det rundt 200 000 e-postar og anna dokumentasjon frå Smiths venner sin internbank i skatteparadiset Kypros.

Desse dokumenta har vore ein del av grunnlaget i straffesaka mot han.

Også NRK Brennpunkt fekk tilgang til dette materialet. Opplysningane herfrå vart krysskøyrde med data frå andre opne kjelder.

Private lån til leiarane

På bakgrunn av dette materialet avslørte NRK Brennpunkt i dokumentarserien «Guds utvalde», at toppane i trussamfunnet fekk låne pengar privat frå internbanken. Det vart og dokumentert at leiarane vart svært rike gjennom kompliserte og lukka selskapsstrukturar med band til internbanken.

Smiths venner, eller Brunstad Christian Church, som er det formelle namnet, avviste alle skuldingar i dokumentarfilmen.

Fram til slutten av januar 2016 var van der Linden i praksis sjef for trussamfunnet sin internbank i skatteparadiset Kypros.

I dokumentarserien «Guds utvalde» fortalde han om ein økonomisk ukultur i leiinga i Smiths venner.

Jonathan van der Linden i arbeid for BCC Financial på Kypros

Jonathan van der Linden på jobb i internbanken BCC Financial på Kypros. Internbanken heldt til i ei lita leilegheit i byen Limassol på Kypros.

Kritisk til kjeldebruk

Smiths venner klaga inn dokumentarfilmen til Pressens Faglege Utval (PFU) på fleire punkt. Blant anna var dei svært kritiske til Brennpunkt sin bruk av Jonathan van der Linden.

Dei meinte NRK hadde handla i strid med Vær varsam-plakatens punkt 3.2, som handlar om ukritisk bruk av kjelder.

NRK Brennpunkt vart ikkje felt på dette punktet eller noko anna av innhaldet i dokumentarfilmen.

NRK vart derimot felt for manglande redigering i kommentarfeltet i sosiale medium. I tillegg vart NRK felt for radioinnslag i høve promoteringa av dokumentarfilmen.

– NRK har misbrukt si makt

Leiinga i Brunstad Christian Church skriv i ein e-post til NRK at dei er letta over at van der Linden-saka ser ut til å vere er avslutta. Samtidig er dei kritiske til NRK sine arbeidsmetodar.

– Vi meiner NRKs arbeidsmetodar i dokumentaren «Guds utvalde» blir endå meir urovekkjande i lys av denne dommen, skriv kommunikasjonsleiar i BCC, Berit Hustad Nilsen.

Hustad Nilsen skriv at medlemane opplever at Brennpunktredaksjonen, som har nokre av dei beste sjåartala i landet, har misbrukt si makt i denne saka.

Advokaten til van der Linden, Dineke Postman, ynskjer verken å kommentere sjølve dommen eller om det er snakk om å anke.

Sjå dokumentaren om Smiths venner her:

Det er ved Guds nåde at nokon er fattige og andre er rike, seier den åndelege leiaren i Smiths Venner. Er det difor han sjølv er så rik?

Det er ved Guds nåde at nokon er fattige og andre er rike, seier den åndelege leiaren i Smiths Venner. Er det difor han sjølv er så rik?