AV: Geir Rommetveit
Terje Moe Gustavsen var i mange år leiar i LO-stat. Mange ville ha han som ny toppleiar i LO etter Yngve Haagensen. Men han trakk kandidaturet; ” Jeg gikk...ikke lei, kanskje, men...jeg følte jeg hadde brukt den tiden i fagforeningen som var naturlig”, seier den nåverande rådgjevaren i.
Han ser det som heilt naturleg å gå frå LO og over til motparten- ein arbeidsgjevarorganisasjon.
Tillit?
Arbeidsgjevarorganisasjonen NAVO forhandlar mot LO-stat, som Moe Gustavsen leia fleire år. Nåverande leiar i LO-stat, Morten Øye, seier faktisk i Brennpunnkt-programmet at også han kan tenkja eg å forlata fagforeninga og gå over til motparten. Inngir det tillit?
Terje Moe Gustavsen var samferdsleminister i Stoltenberg-regjeringa. Men han var ikkje einaste AP-statsråden som gjekk direkte over til toppstilling i arbeidsgjevarorganisasjon. Miljøvernminister Siri Bjerke hoppa over til NHO og det same gjorde fiskeriminister Otto Gregussen. Det at AP-toppane ikkje ser det som problematisk å gå over til arbeidstakarane sin motpart, er det noko av grunnen til Arbeiderpartiets tilbakegang?
Er det tilfeldig at Yngve Haagensen, tidlegare LO-leiar – nå styremedlem i Aker Kværner – syns det er heilt greitt at tillitsvalde går rett over til motparten?
LO-leiar Gerd Liv Valla nektar å kommentera slike hopp.