Hopp til innhold

Etter 29 år fall brikkene på plass: – Eg gret av glede

Som så mange andre jenter måtte Line bli godt vaksen før ho fekk diagnosen ADHD. – Jenter blir ofte oversette, seier spesialist.

Line Sætnan

Line vart testa for det meste, berre ikkje ADHD.

Foto: Torbjørn Morvik / NRK

Gjennom heile oppveksten var det ingen rundt Line Sætnan som hadde tankar om at ho streva. Utantil var ho aktiv, hadde mange venner og såg ut til å ha full kontroll.

Men sanninga var at Line alltid kjende seg annleis fordi ho ikkje reagerte som dei andre.

– Eg kunne krisemaksimere den minste tingen. Å få kjeft for noko som ikkje var mi skuld, var nok.

«Ta deg saman. Dette er ingenting å ta på veg for», vart ho avfeia med. Men Line hadde ein enorm rettferdssans, og klarte ikkje å sleppe taket.

Det vart som ein krig i hovudet. Urettferda kverna heile tida, og kunne bli så ille at eg fekk sjølvmordstankar, seier Line, som i dag er 30 år.

Line Sætnan

I oppveksten måtte Line alltid kvile når inntrykka vart for mange. I dag bruker ho lyddempande øyreklokker i omgivnader med mykje støy.

Foto: Torbjørn Morvik / NRK

På skulen mista ho ofte konsentrasjonen når læraren snakka, ho vart sittande og fikle med håret og drøyme seg bort.

– Det såg nok ut som eg følgde med, heilt til eg fekk eit spørsmål eg ikkje kunne svare på. Eg ante jo ikkje kva læraren snakka om.

Men Line hadde sine knep. Ho gjekk til dei flinkaste elevane og fekk alltid ei oppsummering.

– Det at eg liksom klarte meg så bra, er nok grunnen til at ingen rundt meg mistenkte ADHD.

Jentene blir oversette

Studiar viser at langt færre jenter enn gutar blir diagnostiserte med ADHD. For kvar fjerde gut, er det éi jente.

Ein del av forklaringa handlar om at gutar og jenter oppfører seg ulikt.

– Gutar som strevar, viser ein meir utagerande aktivitet enn jenter, og blir oppdaga raskare, seier Berit Skretting Solberg, spesialist i barne- og ungdomspsykiatri.

I tillegg finst hypotesen om at jenter, sjølv om dei strevar, er betre til å skjule sine problem, enn gutane.

– Jenter kompenserer kanskje sosialt i så stor grad at det kan dekke over symptom og forseinke at ein blir sett, både av foreldre og lærarar, forklarer Solberg.

Dette kan føre til at det går lang tid før jentene kjem i kontakt med hjelpeapparatet, og dermed får diagnosen for seint.

Tidleg diagnose er viktig

Det er langt fleire kvinner enn menn som får diagnosen i vaksen alder. Då har dei ofte utvikla tilleggsproblem, som angst og depresjon.

– Dette kunne vore unngått. Viss jentene hadde fått ein tidleg diagnose, kunne dei forstått kva det er dei strevar med og lært seg meistringsstrategiar, og fått eit betre liv, seier Nina Holmen, fagsjef i ADHD Noreg.

Holmen seier at viss du mistenkjer ADHD i vaksen alder, kan du gå direkte til fastlegen og be om ei tilvising for vidare utgreiing hos distriktspsykiatrisk senter (DPS).

Og det var der Line fekk hjelp til slutt. Ein kollega på sommarfest sette Line på sporet. Ho starta utgreiing seinsommaren 2019 og fekk diagnosen våren 2020.

Line Sætnan
Foto: Privat

– Eg vart sjukt letta, men fekk òg ei sorg, når eg tenkte på korleis eg kunne hatt det i alle desse åra.

Line har lært seg meistringsstrategiar. Mellom anna bruker ho støydempande øyreklokker for å sleppe å ta inn for mykje av det som skjer rundt henne.

Eg har alltid vore veldig var for støy og kaos, berre det å vere på eit kjøpesenter kunne gjere meg heilt utmatta. I dag har eg øyreklokkene med meg overalt.

No forstår ho òg kvifor ho reagerer som ho gjer, og har lært seg å endre tankegang:

Situasjonen eg reagerer på er nok ikkje så ille, det er berre reaksjonen min som blir så sterk.

Og Line går på medisinar som hjelper henne.

– Tenk deg at du vaknar opp og det er tett tåke ute. Så tek du medisinen, og så klarnar det opp og blir blå himmel. Og sol.

NRK forklarer

Kva er ADHD?

Kva er ADHD?

Kort fortalt

  • ADHD står for Attention Deficit Hyperactivity Disorder.
  • Ei nevrologisk forstyrring som først og fremst inneber auka uro og vanskar med merksemd.
  • Blir omtalt som ein tilstand, ikkje ein sjukdom.
Kva er ADHD?

Kjernesymptom?

  • Hyperaktivitet (rastløyse og indre uro)
  • Impulsivitet (avbryt eller forstyrrar andre)
  • Konsentrasjonsvanskar (blir distraherte lett)
Kva er ADHD?

Kor vanleg er det?

  • I Noreg har 3-5 prosent av barn og unge under 18 år ADHD.
  • Fleire gutar enn jenter får diagnosen, men i vaksengruppa er forholdet mellom menn og kvinner ganske likt.
Kva er ADHD?

Kva er årsaka?

  • ADHD er arveleg, noko som betyr at fleire i ein familie kan ha ADHD. Arv er hovudårsaka til at ein får ADHD.
Kva er ADHD?

Utgreiing og diagnose

  • Diagnosen er resultatet av ei heilskapsvurdering, og blir berre stilt viss vanskar kjem fram på fleire arenaer, som til dømes både på skulen eller arbeidsplassen, heime eller blant venner.
  • Endeleg diagnose blir stilt hos spesialist.

Kjelde: ADHD Noreg og Folkehelseinstituttet