Hopp til innhold

Betalte politimann for å spane på NRK-kjelder

Eit medlem av nederlandske «Smiths venner» er dømt til seks månadar i fengsel, derav fire på vilkår. Han har mellom anna stått bak ulovleg spaning på avhopparar frå trussamfunnet, som var kjelder i ein Brennpunkt-dokumentar.

Politiet hos Ben van Wijhe etter angrepet

Politiet granskar leiligheta til Ben van Wiehe etter at han vart overfalt i sin eigen heim kort etter det ulovlege spaningsoppdraget.

Foto: Ben van Wijhe

Det var Vårt Land som først melde om denne utviklinga her i Noreg.

Den dømte 53-åringen blir omtalt som ein rik fiskehandlar.
Han er medlem i det nederlandske trussamfunnet, CGN, som deler same tru som BCC, best kjent som Smiths venner.

53-åringen skal ha betalt ein politimann 50 euro i timen for å spane på Jonathan van der Linden og Ben van Wijhe. Dei er begge avhopparar frå trussamfunnet og var begge kjelder i Brennpunkt-dokumentaren «Guds utvalde».

Spaninga fann stad nokre månadar før dokumentarfilmen vart publisert.

Mossad og misjon

Blant anna skal dei ha festa ein sender under bilen til van Wijhe.

Politimannen som utførte spaningsoppdraget vart tidlegare i år dømt til 163 dagar fengsel på vilkår.

Ben van Wiejhe

Ben van Wijhe blei ulovleg spana på etter oppdrag frå eit medlem av det nederlandske trussamfunnet CGN.

Foto: Privat

Den andre som vart spana på, Jonathan Van der Linden, hadde ei sentral rolle i BCC sin internbank i skatteparadiset Kypros. I fjor sommar vart han dømt i ei sivilsak i Nederland til å betale tilbake 8 millionar Euro til misjonsstiftelsen HMS, som er knytta til BCC. Pengar som han skal ha tatt i forbindelse med jobben i internbanken.

BCC har skulda van der Linden og van Wijhe for å ha bestilt og betalt ei svertekampanje mot trussamfunnet. Dei skal ha hyra tidlegare Mossad-agentar i selskapet PsyGroup til å sverte trussamfunnet.

Ikkje operert åleine

I ein kommentar til NRK seier Ben Van Wijhe at han er glad for dommen. Samtidig reagerer han med sorg over at eit prominent medlem i hans tidlegare trussamfunn, står bak dette.

Han forstår ikkje at medlemet som no skal i fengsel hadde personlege motiv for å spane på han.

– Vi har berre møttest eit par gongar. Sist gong var i forbindelse med kyrkje-aktivitetar for 15 år sidan. Eg er ganske sikker på at domfelte ikkje har operert åleine, seier van Wijhe til NRK.

Overfalt i eigen heim

Like etter at han vart spana på vart han i august i fjor overfalt i sin eigen heim av to menn. Dei stal PC-en hans, men vart arrestert like etter. I november i fjor vart dei domfelt for overfallet. Van Wijhe meiner at det er ein klar samanheng mellom spaninga og innbrotet.

Dei domfelte i denne saka skal ha jobba for ein ukjend oppdragsgjevar.

Pressetalskvinne Hanna Kook i det nederlandske trussamfunnet, har tidlegare sagt til NRK at dei ynskjer å distansere seg både frå innbrotet og spaninga. Dei sa at dei opplever det øydeleggjande for organisasjonen å bli assosiert med slike hendingar.

Dommen mot 53-åringen blir rettskraftig 2. april.

Det er ved Guds nåde at nokon er fattige og andre er rike, seier den åndelege leiaren i Smiths Venner. Er det difor han sjølv er så rik?

Det er ved Guds nåde at nokon er fattige og andre er rike, seier den åndelege leiaren i Smiths Venner. Er det difor han sjølv er så rik?