Sidan sommaren 2002 har Menije Ravandost prøvd å kome seg attende til Sarpsborg. I mai det året vart ho og systra Khadije lurt med til Iran av ein slektning. Menije gjekk til sak mot staten Noreg fordi ho ikkje fekk hjelp til å kome heim. Undervegs i rettsaka viser det seg at den eine etter den andre i det norske systemet har svikta og feilinformert henne.
Mista rettane
Dei hadde havna i Iran få månader før dei skulle få norsk statsborgarskap. Då Menije og systra var i Iran mot si vilje, tok dei kontakt med ambassaden, sine kontaktar i Noreg og andre organ for styresmaktene for å kunne kome attende. Dei søkte mellom anna på visum i eit brev.
Det dei ikkje fekk vite, var at dei kunne ha reist heim før busettingsløyvet gjekk ut etter to år, berre dei fekk eit stempel i passa sine. Ingen fortalte dei to kvinnene korleis dei skulle gå fram og kva dei trengte for å kome attende til Noreg, landet dei vaks opp i og gjekk på skule i.
Feilinformasjon
Jentene vitja ambassaden i Teheran fleire gonger med det same dei kom til Iran, for å be om hjelp til å reise heim til Noreg. Etter to år i Iran gjekk moglegheita for retur ut, og nye folk på ambassaden opplyste at dei to måtte søkje om ny oppholdstillatelse.
Utlendingsdirektoratet sin eigen landrådgiver Sissel Wiborg, opplyser at Menije hadde krav på hjelp til å kome seg attende til Sarpsborg. Likevel fekk ho beskjed av den norske ambassaden i Teheran om at ho har mista rettighetene sine.
Til sak mot staten
I retten innrømmer tidlegare visumansvarleg ved den norske ambassaden i Teheran, Gudbrand Haugen, at Menije opplyste om at ho var i Iran mot sin vilje. - Det hun sa, at hun var der mot sin vilje, det oppfattet jeg bare som et forsøk på å komme seg ut av den kinkige situasjonen hun hadde satt seg selv i, seier Haugen, som viste Menije videre til Sarpsborg Politikammer og UDI.
Frå Sarpsborg Politikammer fekk Menije beskjed om det ikkje var mogleg for henne å kome attende til Noreg sidan ho hadde reist til Iran. Ho hadde mista tillatelsen til å vere i Noreg.
Vann i tingretten
I juli vann Menije Ravandost over Utlendingsnemda i Tingretten. Dommar Erling Agder skriv fylgjande i dommen:
Denne domen vel Utlendingsnemda å anke. Dermed får Menije fortsatt ikkje kome heim.
Systra, Khadije Ravandost, som valde å kome seg attende til Noreg ved hjelp av menneskesmuglarar og gode hjelparar har derimot fått oppholds- og arbeidsløyve. Ho arbeider no i barnehage og på restaurant i Sarpsborg.