AV: Geir Rommetveit
Catering- og kantineselskapet Eurest har 2000 medarbeidarar i Norge…både på land og i Nordsjøen. Eurest prøver bevisst å få tillitsvalde til å koma over på leiarsida. Det står i eit internt notat Brennpunkt har fått tilgang til. Der står det svart på kvitt at Eurest skal ”.åpne for en mer systematisk og aktiv rekruttering/ utvikling av fagforeningspersonell til lederstillinger.”
Klubbleiar i Oljearbeidernes Fellessammenslutning (OFS) i Eurest, Oddleiv Tønnessen, sier at han er blitt forsøkt ”kjøpt opp” av arbeidsgjevaren for å gå over til motparten. Sjølv har han opplevd at tidlegare tillitsmannskollega har hoppa over til leiinga og sveke dei som støtta dei i deira tillitsverv. - Plutselig fremfører de argumenter for å redusere tallet på arbeidsplasser og ikke følge tariffavtalen, seier Oddleiv Tønnessen i Brennpunkt-programmet.