Ute i snøen.
Foto: Truls Alnes Antonsen / NRK

Barn av ein konspirasjons­teoretikar

Noko skjedde med faren til Nora då han blei pensjonist. No jobbar han med å få familien til å opne auga.

Når Nora er på besøk hos faren sin, pratar ho ikkje om at ho har tatt koronavaksinen.

Ungane hennar får ikkje brus eller godteri når dei er rundt han, for e-stoff er kreftframkallande, ifølge bestefaren deira.

Som trettenåring var Nora eitt av dei første barna som prøvde legemiddelet Voltaren i Noreg.

Det hadde ikkje faren godtatt i dag.

– Eg hadde ikkje fått lov til å ta paracet eingong, seier Nora.

Mista ein rollemodell

Nora er ikkje hennar verkelege namn. Av omsyn til faren hennar vil ho vere anonym.

Kvinna i 40-åra er ein av mange som er «pårørande» til ein som trur på konspirasjonsteoriar.

Ute i snøen.

– Det er vondt å på ein måte miste ein som har vore ein rollemodell og eit forbilde, når dei fell av og begynner å tru på slikt. Det blir ein så stor del av livet deira, og dei ser det ikkje sjølv.

Ute i snøen.

5G-nettet gir skadeleg stråling. Amerikanske myndigheiter stod bak terrorangrepet 11. september 2001. Farmasiselskapa tener godt på å hausse opp koronapandemien, og legemiddelindustrien held tilbake informasjon om kor mykje vitamin folk eigentleg bør få i seg.

Det er noko av det faren trur på.

Ein konspirasjonsteori handlar om ein overtyding om at mektige grupper i all hemmelegheit går saman for å fremme sin eigen skjulte agenda, ifølge Store Norske Leksikon. Det igjen er forklaringa på det som er gale i verda.

Faren til Nora ser ikkje på seg sjølv som ein som trur på konspirasjonsteoriar.

– Eg vil jo heller ikkje at han skal bli oppfatta som ein konspirasjonsteoretikar, for han er så mykje meir.

Nora tenker seg om, leiter etter dei riktige orda.

– Men det påverkar kven vi er når vi er saman, også. Vi må lage historier og lyge.

Andre reglar hos bestefar

Nora er lei av å argumentere for og mot dei ulike teoriane med han. Diskusjonane kan vare i dagevis om ho ikkje gir seg eller byter emne.

– Eg spør om han trur at han kan ta feil, om han er villig til å sjå at det kanskje finst ei anna løysing.

Ja, svarar han då. Men då må Nora også tru på at hans løysing kanskje også er den riktige.

– Og det er eg jo einig i, ein må kunne sjå begge sider. Men det er jo tydelege bevis.

Nora og mannen må forklare ungane kvifor det er nokre reglar heime og heilt andre reglar rundt bestefar.

At dei må unngå å snakke om korona eller nedstenging, og ikkje seie at dei fekk godteri då dei gjekk dør til dør på halloween. Då hadde bestefaren blitt irritert, og mast om konsekvensane av å ete e-stoff og sukker i timevis.

Halloween-godteri
Illustrasjon: Marco Vaglieri / NRK

Ungane er heldigvis store nok til å forstå situasjonen no. Samtidig kjenner Nora på at det ikkje er heilt greitt at ho og barna må lyge.

– Vi seier at folk må akseptere deg for den du er. Om du er lesbisk, vil vi at folk skal akseptere deg som lesbisk. Om du er ei jente med kort hår, vil vi at folk skal akseptere deg som ei jente med kort hår, seier ho.

– Det er dei tinga vi seier til barna våre. Men så seier vi at når du er med bestefar, som er ein av dine nærmaste slektningar, kan du ikkje vere deg sjølv.

Ønskekvist og stråling

Nora skildrar utviklinga til faren som gradvis, samtidig som ho ser enkelthendingar som har gjort det verre.

Han har alltid vore «alternativ». Huset var alltid fullt av alternativ medisin, og han har alltid vore ein ivrig tilhengar av healing.

Sko i snøen.

Nora har tidlegare leitt etter informasjon til korleis å handtere skeptikarar, men ho trur ikkje det vil hjelpe.

Foto: Truls Alnes Antonsen / NRK

Heilt sidan Nora var lita har ho vore plaga med ulike helseproblem. I periodar hadde ho sterke smerter i kroppen, og legane fann ikkje ut av kva det var.

Faren undersøkte då om det var stråling frå bakken som gjorde ho dårleg, og starta å søke etter vatn med ønskekvist. Han heldt den laust i hendene, gjekk rundt i huset, og der den reagerer, altså peiker nedover, er det skadeleg energi.

– Du vil for eksempel ikkje plassere senga di over eit slikt energifelt.

Nora begynner å le medan ho forklarar korleis ønskekvisten fungerer.

– Det er ting som eg har opplevd som heilt normalt i barndommen min, men det er kanskje ikkje alle foreldre som har gått rundt sånn. Eg høyrer det jo no, når eg seier det til dykk, at det høyrer endå sprøare ut.

Nora reiser seg og hentar eit bilde. Der er ein rakrygga, høg mann ved sida av ei dame med krøllete, grått hår. Dei smiler begge til kamera. Mannen har smilerynker frå haka til panna.

Smilande folk
Illustrasjon: Marco Vaglieri / NRK

– Det er mamma og pappa, før mamma døydde.

I ei anna verkelegheit

Faren har mange gongar blitt skuffa av det norske helsevesenet.

Ein slektning av han døydde på grunn av feilbehandling, og då kona fekk terminal kreft synest dei ikkje behandlinga ho fekk i Noreg var tilstrekkeleg.

– Leitinga etter alternative fakta blei forsterka då mamma blei vekke også, og no er han endå meir inne i det.

Faren til Nora er i 80-åra, men han er i god form og held seg aktiv. Han er teknisk smart og kan svare på dei fleste spørsmål – både praktiske og teoretiske.

Så då han pensjonerte seg og ingen spurde om hjelp lenger, forsvann han endå lenger vekk frå verkelegheita.

– Det er eit ønske om å vere nyttig. Folk ønsker å vere relevante og ha ein betydning.

Nora har vent seg til å styre samtalen med faren. Ein må heile tida halde den gåande, heile tida styre retninga. Ikkje gi han rom til å ta opp konspirasjonar.

For i middagsselskap kan han plutseleg begynne å prate om korleis media er styrt av myndigheitene.

– Då må eg berre prate høgare enn han eller ta opp eit anna tema. Han saknar nok litt at folk skal ville høyre på det han har å seie.

Står aleine

Personlege, dårlege erfaringar med helsevesenet, mistillit til myndigheitene og openheit til alternative fakta er alle faktorar som kan gjere det lettare for folk å begynne å tru på konspirasjonsteoriar.

Det fortel professor i religionshistorie ved NTNU, Asbjørn Dyrendal. Dei siste ti åra har han forska primært på konspirasjonsteoriar.

– Stikkordet er at det kjem inn gjennom verdsbildet vi har, menneska vi omgir oss med og måten vi er vant til å tenke om verda på, seier han.

Dyrendal anslår at mellom 5 og 10 prosent av nordmenn lever tett på nokon som trur meir enn litt på konspirasjonsteoriar. Nokre færre trur verkeleg hardt.

Asbjørn Dyrendal er en norsk religionshistoriker med doktorgrad.

Men det finst ikkje noko konkrete hjelpetilbod til dei som ønsker hjelp til korleis å takle situasjonen.

Asbjørn Dyrendal er en norsk religionshistoriker med doktorgrad.

– Det finst noko fagleg produksjon, men det er nokså lite av dette som er allment tilgjengeleg når det gjeld samtale og korleis ein kan agere i slike samanhengar. Dei står stort sett nokså aleine, seier Dyrendal.

Det er ikkje kartlagt kor stort behovet er for ei slik teneste. Problemet er at dei som trur verkeleg hardt på konspirasjonsteoriane må vere opne for å endre oppfatning, om det skal vere vits i å prøve.

– Det tar som regel lang tid, og den investeringa i tid, krefter og mental slitasje er det ikkje så mange som har. Veldig mange er berre ikkje interesserte i å skifte oppfatning.

Å tenke seg frisk

Nora vore mykje på sjukehus gjennom oppveksten, og har prøvd ut forskjellige behandlingar – både godkjent, etablert medisin og alternativ medisin.

I vaksen alder fekk ho diagnosen, ein kronisk sjukdom.

Diagnosen til trass – faren gir ho stadig råd om at ho kan tenke seg frisk, ete betre, eller drikke meir vatn.

Nora må berre sjå for seg at ho er frisk. «Sjå for deg at du er på ein sykkeltur i sola, og at du ikkje kjenner noko smerte», kan faren seie.

Sykle i sola
Illustrasjon: Marco Vaglieri / NRK

– Det har eg sett for meg ganske mange gongar. Men det skjer ingenting. «Men du må verkeleg tru på det», seier pappa då, fortel Nora.

Korleis er det å få slike råd?

– Det er jævlig, for å seie det slik. Eg har ikkje ønska å vere sjuk frå eg var eit barn, og eg trur ikkje mamma heller ønska å vere sjuk.

Faren seier også at mora har vore så bekymra for Nora over åra, noko som igjen kan ha ført til at mora fekk kreft.

– Litt som å legge skulda på meg. Eg tar ikkje den biten så tungt. Pappa seier av og til ting han ikkje har tenkt gjennom.

For nokre år sidan forverra tilstanden til Nora seg. Då mistenkte faren at det var den nye automatiserte straummålaren som stod bak.

Stråling frå straummålar
Illustrasjon: Marco Vaglieri / NRK

Han fekk låne eit apparat av eit selskap for å måle om det kom elektromagnetisk stråling frå skapet.

– Men han fann ingenting gale. Så då trudde han det var noko feil med apparatet, fortel Nora.

Såg lyset på internett

Barna veit godt at bestefaren ikkje liker vaksinar. Han har råda dei mot å ta koronavaksinen.

– Eg blir jo irritert, for det har han ikkje noko med. Det er eit val vi tar, og som barna tar.

Likevel klarar Nora å zoome ut, og sjå at han eigentleg berre vil det beste for dei. Det heile er eit ønske om å hjelpe.

Han seier at ingen veit kva seinverknadar vaksinen kan forårsake.

– Eg har også argumentert med at då eg var liten prøvde eg ut mange medisinar. Då seier han at det var ut frå det dei visste då. No veit han betre, for han har vore på internett, seier Nora.

Mykje av dagane hans går framfor datamaskina. Han hentar informasjon om dei ulike teoriane på internett, men fortel mest om bodskapen til dei rundt seg.

Conspiracy på Youtube

– Han skjønar nok at han ikkje kan nå ut til heile verda med det han driv med, men han vil veldig gjerne hjelpe oss i familien i alle fall.

Conspiracy på Youtube

Nora trur algoritmane spelar ei rolle i kva faren får med seg. Ser du ein video om John F. Kennedy, blir du spurt om du vil sjå ein video om den falske månelandinga.

Conspiracy på Youtube

– Ein hamnar litt i ei boble der ein trur, og kanskje spesielt eldre menneske, at dette er noko alle burde vite. Det ligg jo der, det er jo så mykje av det.

Conspiracy på Youtube

Nora er takksam for at han ikkje legg ut ting på sosiale medium. Han er heller ikkje like ekstrem som andre konspirasjonsteoretikarar. Han trur ikkje jorda er flat, han veit at holocaust skjedde og han tar sterk avstand frå dei som bruker vald.

Men ho har merka at han begynner å tru på fleire og fleire teoriar.

Trass i at han eige eit småfly og er godt kjent med anatomien til fartøya, trur han på «chemtrails» – at kondensstripene etter flyet inneheld farlege stoff som myndigheitene bevisst sprøyter over befolkninga.

Kondensstriper, uten utsnitt
Illustrasjon: Marco Vaglieri / NRK

– Det er slitsamt. Og det er veldig trist, for ein vil jo at det skal stoppe. No har han lest nok på internett, han treng ikkje fleire teoriar.

Det vanskelege har blitt vanskelegare

Sjølv konspirasjonsteori-forskaren meiner det er vanskeleg å gi råd til dei som lever tett på konspirasjonsteoretikarar. Å prøve å snakke om noko anna eller gjere noko hyggeleg saman, kan vere gode tips om ein vil unngå å snakke om temaet.

– Viss det er nokon som overhovudet ikkje klarar å snakke om noko anna, og det rett og slett blir fælt kvar einaste gong, så kanskje ein skal gi seg sjølv litt fri og ha mindre med dei å gjere, råder Dyrendal.

Men viss dei er interesserte i å drøfte teoriane, kan ein prøve å utfordre dei på kva som er svake sider ved argumenta.

– Det gjeld først og fremst å prøve å assistere folk til å tenke annleis sjølv, heller enn å fortelje dei at dei tar feil. For det å fortelje nokon som er sterkttruande at dei tar feil, slår som regel nokså effektivt tilbake igjen.

Dei som trur på konspirasjonsteoriar vil forstå verda. Dei vil ha kontroll, tryggleik og sosial tilhøyrsle, men kan ende opp med å få det stikk motsette, seier forskaren.

– I oppfølginga ser vi at folk trur meir på konspirasjonsteoriane enn det dei gjorde til å begynne med, og dei har ikkje blitt tryggare. Alle dei tinga som var vanskeleg, har anten ikkje forandra seg eller blitt verre.

Hekta på konspirasjonar

Det er vanskeleg å reise på besøk til faren. På grunn av det strenge mat-regimet og det evige konspirasjons-snakket hans, lar dei ofte vere.

– Vi må finne på unnskyldningar for kvifor vi ikkje er der. Og det er ikkje fordi vi ikkje er glade i han, for det er vi og vi vil vere saman med han, men det er rett og slett for slitsamt. Det tærer på, seier Nora.

Ute i snøen.

Skulle Nora få kreft, veit ho at det ikkje vil vere mangel på forklaringar frå faren si side. Det kan vere 5G, koronavaksinen, prosessert mat – eller tankane hennar, for den saks skuld.

Foto: Truls Alnes Antonsen / NRK

– Korleis ser du for deg at forholdet dykkar blir framover?

– Nei, det blir slik det er no.

Trur du det går an å bremse utviklinga hans, at han sluttar å tru på nye teoriar i det minste?

Nora tenker seg lenge om.

– Ja. Men då må vi fore han med noko anna. Då må vi finne det som er riktig, som er ein interesse for han.

For først og fremst vil han berre høyre til i eit fellesskap.

– Han har søkt seg inn eit miljø der han prøver å ha ein relevans og ein tilhøyrsle, og han er blitt hekta.

Hei!

Har du tankar om denne saka, eller tips til noko anna eg burde sjå på? Send meg gjerne ein e-post.