Hopp til innhold

Viken-opprørarar gjev opp: – Slaget er tapt

Det som såg ut til å skulle bli eit fleirtal for å leggje arbeidet med Viken på is, er nå smuldra opp etter regjeringas avtale med KrF.

Skaar og Limi

Gjermund Skaar (SV) og Vibeke Limi (Frp) innser at slaget om å stoppe Viken ser ut til å vere tapt.

Foto: Gøril Furu / NRK

– Frp vil ikkje lenger stemme for å legge arbeidet i Fellesnemnda på is, seier Vibeke Limi, gruppeleiar i Akershus Frp.

Bråket i Viken starta i forkant av det førre møte i Fellesnemnda i det nye storfylket. Frp, SV og Senterpartiet stod bak forslaget om å leggje ned arbeidet på is, i påvente av kva oppgåver regionen skulle få og kva som kom til å skje med Finnmark.

Får ikkje fleirtal

Da den endelege avklaringa frå regjeringa og KrF kom måndag, innsåg Limi at dette ikkje er verdt å kjempe for lenger.

– Etter regjeringas avtale med KrF i går er slaget dessverre tapt, seier Limi og bekreftar at det nå derfor ikkje er fleirtal for å sette samanslåinga på vent.

Grunnen til at partiet gjev opp motstanden er at KrF og regjeringspartiene er einige om ei avtale for regionreforma – der det blir slått fast at den opphavlege inndelinga skal gjelde.

Med andre ord skal ein slå saman Finnmark og Troms og det same gjeld Viken-fylka Buskerud, Østfold og Akershus.

Forslaget såg i førre runde i Fellesnemnda ut til å få fleirtal med støtte både frå Ap og MDG, men mindretalet valde å utsette behandlinga til neste møte 8. oktober.

Etter kartlegginga NRK har gjort vil det ikkje kunne bli fleire enn 17 av Fellesnemndas 34 representantar som stemmer for forslaget om å legge ned arbeidet. Dermed vil det ikkje bli fleirtal for dette.

Viken

– Frp parkerer bussen

Både Senterpartiet og SV i dei tre fylka seier til NRK at dei framleis vil stå for forslaget om å legge ned arbeidet, men innser også at slaget er tapt.

– Me vil vise motstanden vår mot regionreforma, men ser at det vil bli vanskeleg å stoppe dette nå, seier Viel Jaren Heitmann i Senterpartiet i Buskerud.

– Det er viktig for oss å vise at det framleis er motstand mot Viken. Men må berre vere ærlege på at substansen for dette forslaget forsvinn litt nå. Frp parkerer jo bussen nå, seier gruppeleiar i SV Akershus, Gjermund Skaar.

Fylkesordførar og leiar i Fellesnemnda, Anette Solli (H) håpar nå at ein er ferdig med diskusjonen og kan konsentrere seg om framtida til Viken.

– Nå har me fått bekrefta for tredje gong at det er fleirtal på Stortinget for regionreforma. Da håpar eg at me kan legge diskusjonen om ein eventuell pause død, og gå vidare i arbeidet om å bygge Viken fylkeskommune, seier Solli til Viken sine eigne nettsider.

Ap er usikre

Arbeidarpartiet har ikkje bestemt seg for kva dei vil stemme når forslaget om å legge arbeidet på vent igjen kjem opp.

– Me må bruke nokre dagar på å finne ut om me ser på det som kom i går som ei avklaring i Stortinget, men det som blei presentert av oppgåver nå, rettferdiggjer ikkje etableringa av Viken, seier leiar av Østfold Arbeiderparti og stortingsrepresentant, Stein Erik Lauvås.

Stortingsrepresentant Stein Erik Lauvås

Arbeidarpartiet er framleis usikre på kor dei kjem til å lande i avstemminga i neste møtet, men når Frp har signalisert at dei trekkjer seg, vil ikkje det bli fleirtal for forslaget uansett.

Foto: Kathrine Brønn / NRK

Bjørn Tore Ødegaarden i Buskerud Arbeiderparti har personleg ikkje gjeve opp kampen skriv han i ein SMS til NRK.

– Buskerud Arbeiderpati sitt siste vedtak er å stemme for å stoppe arbeidet i Viken til Stortinget har avklart saka gjennom vedtak.