Hopp til innhold

Instagram bestemmer feriemålet: – Må sjå bra ut på bilde

DRAMMEN (NRK): Ungdom føler press på å reise til feriemål som gjev dei beste instagrambilda. – Det skal sjå mest mogleg luksuriøst og pent ut, seier Aurora (18).

Kikker på reisemål på Instagram

SYNSPUNKT: Det handlar ikkje om kor det er varmt eller billegast å reise til, men om kor det ser mest luksuriøst og «inspo» som ungdomane ved Akademiet i Drammen kallar det.

Foto: Marie Grensbraaten Lorvik / NRK

– Når foreldre spør kor du vil reise seier ein gjerne Bali, Thailand eller andre stader som du veit ser bra ut på bilde. Det er ikkje ein enkel tur til Tyrkia lengre. Det er sikkert ti år sidan sist.

– Bilde er noko av det viktigaste

Aurora Schjølberg fortel. Klasseveninner og kameratar frå Akademiet vidaregåande i Drammen flirer og nikkar.

Dei skrollar gjennom feriebilde på Instagram og er heilt ærlege på at korleis ferien ser ut på sosiale medium er noko av det viktigaste.

– Det ligg ganske høgt at det skal sjå bra ut og at ein skal kunne ta fine bilder der. Eg merka det i fjor da me skulle bestemme kor me skulle på ferie. Det var det som såg finast ut som eg helst ville til for å kunne ta bra bilder, seier Anniken Bævre (17).

Ungdom kikkar på feriebilder på Instagram

BILDEVENLEG: Silje Eie, Anniken Bævre og Aurora Schølberg skal mellom anna til Dubai og på cruise i Middelhavet i sommar.

Foto: Christian Hellumsand / NRK

– Eg skal til New York i sommar. Ein av dei fyrste kommentarane frå ein kompis var; «ja, da får du kosa deg i mykje fine bilde», seier Christian Hellumsand.

Ikkje «backpackar» – men «flashpackar»

Even Hulleberg er marknadssjef i reisebyrået Kilroy, som spesialiserer seg på reiser for ungdom.

Han trur det har blitt eit press på ungdom på å dele bilde frå reisemål som ser best ut på sosiale medium.

– Ja, til ein viss grad trur eg det. Før kalla ein det backpackarar som var folk som skulle vere borte så lenge som mogleg, bruke så lite pengar som mogleg, og oppleve så mykje som mogleg, seier Hulleberg og meiner ungdom på reise har fått eit nytt namn.

– Nå har det gått over til flashpackarar. Ingen seier til oss heilt konkret at dei reiser til plassar for å ta fine bilde, men det ligg heilt klart i korta at det er slik.

– Reisemåla blir heilt klart definert av sosiale medium i dag.

Mistar fokus

Marika Lyders har forska på sosiale medium i 20 år og er redd trenden legg enda eit nytt press på ungdom.

– Ein kan tenkje seg at det fører med seg ytterlegare press om det perfekte liv. Ein mistar litt fokus på å vere her og nå, seier Lyders, som er førsteamanuensis i medium og kommunikasjon på Universitet i Oslo.

Aurora Schjølberg innrømmer lattermildt at årets sommarferie er litt krise. Ikkje det at middelhavscruise med mor blir fint.

– Men mamma kan ikkje ta bilde! Det er nesten litt krise når det berre er meg og ho på tur. Når me skal på ferie neste år må det vere ein stad som ser tropisk ut eller ser litt annleis ut enn det alle har sett frå før.