Hopp til innhold

Unge føler instagram-press – opprettar fleire profilar

Presset på å stå fram som vellykka gjer at mange ungdomar opprettar to profilar på nettstaden Instagram. Ein profil skal gi eit idyllisk bilete av det perfekte livet, mens dei private bileta berre er synlege for nokre få.

Presset for å framstå som vellykka gjer at mange ungdomar opprettar to profilar på nettstaden instagram. Trenden er at ein profil skal gi eit idyllisk bilete av det perfekte livet, mens dei meir private bileta er forbeholdt nokre få.

NY TREND: Fleire unge opprettar to profilar på Instagram, slik at dei kan velje kven dei skal dele kvardagsbileta med.

Instagram er ei av dei mest populære bildedelingstenestene på internett. Tenesta skil seg ut ved at det berre er mogleg å ta bilete i kvadratisk format, etter mal frå dei gamle polaroidkamera.

For dei unge handlar det om å ta seg best mogleg ut.

– I alle fall som jente, så er det press på å sjå fin ut på Instagram. Gutar spesielt vil ta meir ta kontakt med deg, viss du har ein fin Instagram-profil, eller ser fin ut på nettet, seier Emilie Sunde, elev på Hafstad vidaregåande skule.

Opprettar to profilar

Snart 19 år gamal har ho, som dei fleste jamaldringar, blottlagt liva sine på bildedelingstenesta Instagram. Målet er flest mogleg likes.

Men avgangselevane på Hafstad vidaregåande i Førde er også del av ei ny trend. Dei har to profilar. Ein alle kan sjå, og ein mindre strigla, privat profil.

– Der er det litt meir for dei næraste personane som kjenner meg og litt meir «ushina» bilete, som ikkje ville fått like mange likes på den offentlege profilen, seier Sunde.

Utdanningsdirektøren er uroa

Trenden på sosiale media overraskar – og uroar utdanningsdirektør John Ole Vange.

John Ole Vange

UROA: Utdanningsdirektør John Ole Vange likar ikkje trenden på sosiale media.

Foto: Eli Eikensæ Vengen / NRK

– Det er eit press på dei unge i samfunnet på å bli akseptert av jamaldrande. Det er litt tvilsamt at det skal vere viktig å få likes for å byggje opp eige sjølvbilete, seier han.

Elev Emilie Sunde seier korleis du står fram på internett, har mykje å seie for den sosiale statusen på skulen.

– Eg trur folk lett kan falle utanfor, viss dei ikkje får så mange likes. Du får ikkje den godkjenninga, på same måte som ein som får hundre likes, seier ho.