Hopp til innhold

Tvingar kommunar til å bytte namn

Storfylket Viken vil få to kommunar med namnet Nes. Nå har kommunaldepartementet bestemt at ein av dei må bytte namn.

Kommunevåpnene til Nes i Hallingdal og Nes i Akershus

Det blir forvirring mellom anna for naudetatane om to kommunar skal heite det same i storfylket Viken, meiner kommunaldepartementet. (Nes i Buskerud til venstre og Nes i Akershus til høgre)

Foto: NRK

Buskerud, Akershus og Østfold blir til Viken 1. januar 2020. Samanslåinga fører til at Nes i Buskerud og Nes i Akershus plutseleg ligg i same fylke.

På eit møte i kommunaldepartementet i dag fekk kommunane beskjed om at ein av dei er nøydde til å bytte namn før fylkessamanslåinga.

Må bytte kommunenamn på grunn av beredskap

– Det er for å gjere eit klart skilje og sleppe namneforvirring. Spesielt med tanke på beredskap, seier ordførar i Nes i Buskerud, Tore Haraldset.

Ordførarar i Nes

Tore Haraldset ordførar i Nes i Buskerud og ordførar i Nes i Akershus Grete Sjøli har vore på fleire møte hos kommunaldepartementet for å få eit svar på om dei må bytte namn på kommunen eller ikkje.

Foto: Christian Hellumsand / NRK

Departementet har gjeve oppgåva til kommunane sjølve å bestemme kven av dei som skal bytte namn. Om dei ikkje blir einige bestemmer departementet og da må sannsynlegvis begge to skifte ut Nes-namnet.

– Viss dei ikkje finn ei løysing lokalt, vil departementet ta initiativ til namnebytte for begge kommunane, seier statssekretær Aase Marthe Horrigmo.

Må bestemme seg innan september

Fylkesmannen i Oslo og Viken har fått tilbakemeldingar frå 14 ulike etatar, der fleire såg det som problematisk at to kommunar skulle ha det same namnet i eitt fylke. Eit tydeleg skilje mellom kommunane er viktig for fleire sentrale etatar skriv fylkesmannen i eit brev til Kommunaldepartementet.

Fylkesmannen konkluderte med å anbefale departementet å gjere særskilde tiltak for å hindre namneforvirring.

– Me har hatt eit godt og konstruktivt møte med kommunane i dag. Me meiner resultatet blir best om kommunane blir einige lokalt om eit nytt namn, seier Horrigmo.

For å rekke eit namnebytte frå nyttår må alle vedtakt bli gjort hausten 2019. Derfor har kommunane fått frist til månadsskiftet august/september for å bli einige.

Har vedteke å ikkje bytte kommunenamn

– Det er klart det er delte meiningar rundt dette. Men me vil ikkje ta den sjansen at namnet på kommunen kan gå utover beredskapen, seier Haraldset.

I Nes i Akershus har dei alt gjort eit vedtak i kommunestyre om at dei ikkje vil bytte namn på kommunen. Det kan gjere det vanskeleg for dei to kommunane å bli samde.

Nesbyen stasjon

Kommunesenteret Nesbyen har mellom anna togstasjon på Bergensbanen. Nesbyen er eitt av dei nye namna dei har diskutert i kommunestyret.

Foto: Gunnar Grimstveit

– Me har eit klart vedtak om å ikkje skifte namn. Nå skal me gå vidare i tett dialog med Nes i Buskerud. Det som blir viktig er at namnet har forankring hos innbyggarane, seier varaordførar og fungerande ordførar i Nes i Akershus, Vivian Wahl (Sp).

Nes i Buskerud har ikkje gjort eit slikt vedtak, men har hatt nye namn som Nesbyen og Nes i Hallingdal oppe til diskusjon.

– Eit alternativ for oss er Nes i Hallingdal. Men det må me sjekke opp med Språkrådet og beredskapsetatar om me eventuelt har moglegheit til å bruke det namnet, seier Haraldset.

Før dei gjer vedtak i kommunestyret vil dei involvere innbyggarane i bygda på kva dei ynskjer at kommunen sin skal heite.

Ordføraren har tidlegare vore uroa for kostaden ved eit namnebytte, men departementet gav i dag signal om at dei skal ta kostnaden for kommunen som må bytte namn.